Sist veke hadde eg mitt aller første møte med ein PT. Då var det samtale, «innveging», måling av diverse muskelmasse og BMI og så bortetter 🙈 Eit stort steg for ei middelaldrande besta med ein del rusk i kroppsmotoren og alt anna enn sjokkrosa treningstights 😁
I dag var det alvor ; første treningstime og eg var mildt sagt nervøs. Dagen min starta ikkje så bra, og eg var noko nedfor og småirritabel der eg møtte opp på treningssenteret. Mogleg ein smule dårleg utgangspunkt for henne eg skal freiste verte sprek i lag med komande 10 veker?
Vel, eg stilte i god tid, varma opp på tredemølla og hadde ei god venninne ved mi side ….. so far so good 👌👍
16.13:kroppen er varm, andletet hummarraudt og sveitten silar. Ingen veg attende, ingen stad å gøyme meg. Det er fredag, magen min skrik etter biff og raudvin og i tankane surrar Netflixmenyen. Kva er det eg har gjort?!?
So står ho der. Blid som ei lerke sprek som den ungfolen ho er 😊»Hei, kjekt å sjå deg, er du klar?» Eg ser etter hjelp, venninna mi trenar iherdig ein stad i lokalet og bryr seg no katten om mine nervar, eg stotrar fram eit tamt «hei,hehe ja eg er vel det» 🙈»Eg såg deg på mølla, er du varm nok» spør ho, og eg må le litt for meg sjølv der eg kjenner sveitten sile 😊Så er me i gang. Ho har verkjeleg høyrt det eg fortalde sist veke. Artrose, knust fot, vondt her og der og You name it. Naive meg trudde me skulle surre litt rundt på dei trygge apparata eg kjenner frå før men nei da, her var det rett på knebøy med kettlebells. Rett inn i eit av dei områda på eit treningssenter eg kjenner meg aller mest ukomfortabel, nemleg «lausvektområdet» i mangel på betre ord. Her hadde denne herlege inspirerande jenta godt gjennomtenkt funne øvingar som passa meg perfekt…… men kjære tid eg trudde min siste time var komen 🤣🤣
Eg fekk skryt, eg vart pusha, eg sleit….. og eg hadde «the time of my life» Det viser seg at eg vistnok har anlegg for dette, har super tankegang og tek ting lett. Så lett at ho allereie i dag kjende for å utfordre meg maksimalt 😱
Dermed barst det ned i det mest frtyta romet av dei alle for meg, eit rom eg berre lattermildt har kika inn i …… eg kallar det testosteronromet og ville helst snu. Det torde eg sjølvsagt ikkje, for sjølv om min PT er ei skjønn ung kvinne har ho mynde ein ikkje køddar med 💪
«Her skal eg utfordre lårmusklane, rumpemusklar, kjernemusklar og uthaldenheit….. dette vert tøft men eg ser på deg du klarer det» sa ho…… 30 min ut i ein time eg allereie kjende blodsmak av. Freista febrilsk hugse nummeret til ambulanse medan eg også skulle få inn i mitt raudsprengde hovud det ho forklara. Smilte fint, bad ei bøn til ein eller annan som måtte høyre og følgde lydig med🤔
Veit de, desse siste 10 minutta av min første time med ein PT var berre magiske. Eg vart utfordra, eg sleit, eg pusha meg sjølv, eg banna (sorry) eg brølte og eg datt ihop på ein svært lite elegant måte og kjende meg heeeeilt fantastisk 😂🤭
Timen gjekk eigentleg alt for fort, men sidan eg skulle på øving med nokre damer frå koret var det akkurat nok tid til å kome heim for ein kopp te og sårt tiltrengt dusj/kleskift og 20 ord med Rowley før eg fauk ut døra igjen. Me ser ikkje mykje til kvarandre for tida men eg skal gullforgylle han når denne hektiske og herlege svowbobletida er over ❣️
«Bestapower» er passande uttrykk no denne tida ja……. and I love it. Er usigeleg takksam for at eg sånn nokolunde klarer halde koken 🤭😉
Ha ei triveleg helg der ute, helsing ei besta med velfortent raudt i glaset 🤭👍