Om de har fulgt med på livet vårt siste året , veit de der har vore mange gode hendingar , og ein god del kaos. Mykje som har tatt energi, mykje som har pøsa på med energi. Har vore ein rollercoster av kjensler, meistring, djupe dalar og høge toppar.
I februar i år flytta me til Kyrkjegata, ein triveleg stad med trivelegaste naboar me har hatt nokon gong ! Fann oss tilrette der, helsa mi byrja sakte men sikkert kome seg (me flytta dit dels fordi inneklimaet der me budde før truleg hadde negativ innverknad på luftvegane mine ) og det gjekk mot sumar.Gleda oss til avslappande helsebringande ferie med familien, berre slappe av i nærområdet og byggje opp immunforsvar igjen. Me visste at tida i Kyrkjegata ville vere begrensa , men var ikkje budde på kor knapp den enda opp med å bli 😱
Same dag vi gjekk ut i ferie kom telefonen eg eigentleg har håpa på i svært mange år ; mamma hadde fått plass på sjukeheim. For oss som pårørande var dette ei lette, etter mange år i konstant beredskap og mykje bekymring. Skal ikkje gå i detalj, men mamma har ei lang og svært samansett diagnose . Komplisert og vondt,for henne og oss………ein dag skal eg fortelje om det men ikkje no. For mamma var alt berre vondt, og sjølv om ho trivest lengtar ho heim enno. For oss borna er det ei trøyst at fagfolk tok avgjerdsla, dei kunne ikkje ta ansvar for henne i heimen lenger .Eg som hovuedpårørande hadde ikkje venta eg skulle få ein slags sorgreaksjon av å sjå henne på skjerma vdeling. Ei tung bør er fjerna frå skuldrane mine, samstundes kjennest det sårt kvar gong eg er der og ho ber om å få kome heim.
I alle fall, no stod vi ovanfor eit valg : Enten flytte opp i huset eller starte prossessen med å få mamma umyndiggjor slik vi kunne selgje. Dette er meir komplisert en eg orkar forklare no, kanskje kjem det i seinare blogg. Vi valde flytte…..igjen. Til eit ekstremt oppussingstrengjende hus der eg var usikker på om eg faktisk ville klare å bu (også ei anna historie,de som kjenner oss veit) Krevande tider igjen. Rowley pendlar, eg åleine i 2 veker utan varmt vatn, livet vårt i kasser på nytt ……..og begrensa finansielle ressursar.Hadde fleire tilbod om å bu med vener og familie medan me fiksa litt……men me er sta. Bar vatn frå kjellar, koka opp til både oppvask og dusj.Kjende meg mest som ein karakter frå «huset på prærien» der eg stod og vaska opp i balje og (friluftsmenneske som eg er) stod ute i shorts og T-skjorte for hå «dusje». Fleire gongar tusla eg meg til kulpen for å få dusje skikkeleg, men det er no uansett vanleg for meg . Eg trur folk som gjekk forbi nr 28 desse vekene fekk seg nokre merkjelege skue .
Det var altså busituasjonen vår dette året. Flytting x 2 på 7 mnd, stadig oppussing og slitsomme dagar. Var eit stort høgdepunkt å flytte til Kyrkjegata, og me vedgår ; tungt på mange vis å flytte igjen……men me gjer det saman og det går rett veg .Målet er lang opp og fram, vegen svingete og bratt……. men me kjem fram til slutt !
Kva ellers ? Åh Jau, helsa mi ! Sidan mai har eg klatra sakte men sikkert opp frå mykje sjukdom. Har gått mange turar , ete rett (for det meste😜) tenkt positivt og laga meg delmål samt litt større mål. Oppmuntra av god venninne byrja eg på treningssenter igjen, hadde gløymt kor godt eg likar meg der. I min alder og med mine skader og diagnoser er det ekstremt viktig å halde seg i form, så eg toppa like godt det heile med å skaffe meg personleg trenar nokre timar. Dette har eg skrive om før, men eg presiserar igjen kor motiverande dette er. Full av energi og pågangsmot har eg hatt 2 timar, og gler meg til dei 8 neste. Fått eigentreningsprogram tilpassa mine styrkar og begrensingar og er supergira . Gleda over å bevege meg ute er framleis størst, så eg håpar på snøfri vinter i lavlandet og mange turar i frisk vinterluft.
Eit av høgdepunkta i år……eller eigentleg 2 høgdepunkt, hende for godt over ei veke sidan, då me hadde showkonsert med koret mitt Åmdalskoret Berre Damer. Skal ikkje tyte mykje om det her, har vel allereie snakka pittelitt om det…..men du verda som me kosa oss etter mange månader intens terping og planleggjing. Når eg no byrja avsnittet med å nevne 2 høgdepunkt er ikkje det fordi me hadde 2 konsertar….. nei faktisk var det noko anna som og toppa den veka. 1. september i år vart min kjære førstefødde 30 år. Ønske om ein stor familiefest melde seg, men fordi Sigurd reiste mykje på spelejobb, eg hadde jobbhelgar, øvingshelgar og slikt , vart det stadig utsett. Så då, utan at han vissste noko, planla me dette til den helga koret mitt hadde siste forestilling. Slik kunne me fikse det slik at alle fekk med seg gamle mor på sena og ha feiring for han same helg. Torstein kom heilt frå Trondhheim, Kristin planla og inviterte , og Sigurd vart i aller høgste grad både overraska og glad. At me alle er samla, samt Tore (far til borna mine ) er ikkje så ofte no, og det vart ein minnerik kveld. Eg gjekk rundt i lukkerus, både pga familiesamling og vellukka show. Heile helga vart ein stor glad fest. Ekstra kjekt at Torstein vart her i ei veke før han måtte reise igjen.
Som vanleg vart dette eit innlegg litt annleis og meir «rambling on» enn eg tenkte, men alt har med overskrifta å gjere ; «Høge toppar og mjuke fall «. Innleiingsvis starta eg med å snakke om gode hendingar og kaos. Der har vore mykje av begge deler, og ein god del fall . Her eg sit i senga med pc`n framfor meg innser eg likevel at våre fall har vore mjuke. Fordi me er 2, fordi me har kjære rundt oss, fordi me er velsigna med barnleg humor og sjølvironi, fordi me elskar og vert elska tilbake, fordi det er kort veg mellom gråt og latter i huset, og fordi me har liv i oss til å stå på !
Så, her eg sit i senga og skriv, med remapose full av brukte snårklutar, diverse medikament lina opp og feberen herjar i kroppen tidvis, innser eg at etter forrige vekes mange toppar er fallet denne veka eigentleg mjukt.Også bokstaveleg tala sidan seng og pute er mjuke og varme. Slik er det vel for alle, uansett kvar me er i livet ? Opp og ned, kronglete vegar og smooth sailing om kvarandre ? Så, sjølv om eg er livredd dette er starten på ein like miserabel vinter eg hadde i fjor, har eg bestemt meg for å snakke alvor til kroppen min. Eg skal bli fort frisk, skal ordne huset til jul og nyte at eg _er_ …….på godt og vondt !
Lag deg sjølv ei veke med omtanke og kjærleik for andre , og ver god med deg sjølv.
«life is like a box of chocolate , You never know, what You`re gonna get «
Legg ved bilete av både topp og fall….. slik realiteten er 🤣


Mrs D 2019