Ein ting kan seiast om det å vere sjuk og ……eg får lese ein del. Nyhende,artklar, bloggar eg følgjer………og så poppar der sjølvsagt opp mengder med clickbait og reklame eg i hovedsak hoppar (om ikkje så elegant) over. Akkurat det er ikkje så beinkløyvt, for snart er jula her og i følgje handelstanden og våre eigne forventningar skal me ut i hysterisk hamstring av alt frå unyttige duppedingsar me aldri kjem til å bruke til julegåver laaangt over budsjett.Mat skal me også ha, i slike mengder at me kunne metta mange fleire enn vår eigen familie.Presset aukar år for år, forventningar like så. Me stressar, bakar alle sortar and then some. Diverse julemat tyt ut av frysarar i heimar rundt omkring og skap er fulle av små og store pakkar.Snart på tide me tek eit steg tilbake og dreg pusten ?
Denne veka er vistnok «black week» , som leiar fram til «black friday» . I 2018 brukte me nordmenn svimlande 3,6 milliardar på black friday. Smak på det litt……3,6 milliardar. Kor mykje av det me handla var eigentleg naudsynt, og kor mykje let me oss rive med på i ellevill impuls fordi det var så billeg ? Samstundes som me stormar til dei store kjedene som kan skilte med supertilbod, slit nisjebransjen ekstra i forhold til desse dagane. Små lokale butikkar/bedrifter kan ikkje konkurrere og må til slutt gje seg. Dette er eit svært trist aspekt i all denne tilbodsherjinga. Her kjem også «cyber monday» inn. Denne dagen startar julehandeltilboda på nettet, og me klikkar og handlar. Dette er også ein spikar til i kista for lokale produsentar og butikkar.
Så er det presset med alt det andre då : julevask,julebakst, pynting…….alt må vere på stell og det er krise om alle tradisjonar ikkje vert heidra.Eg kjenner mange som stressar seg sjuke før jul fordi dei berre _må_ gjere slik og slik. Om eg spør kvifor er svaret alltid det same……det er tradisjon. Forstå meg rett, eg er tradisjonsglad sjølv eg. Likevel, tider endrar seg, småbarnsfamiliar har dårleg råd og frå før stressande kvardagar. Er det ikkje mogleg å senke krava litt og likevel føre tradisjonar vidare ? Bake 2 sortar i staden for 7 ? Ta vanleg helgavask i staden for full nedvask ? Er ikkje ei julegåve frå foreldra nok ? Kvar vert den gode julehøgtida av om me sig utslitne ned i sofaen, vert irritable, glefsar til kvarandre av utmattelese og rett og slett ikkje greier kose oss ? Kva med å skape eigne tradisjonar der både førjulstida og sjølve høgtida vert ei glede ? Kva med tida etter jul, kva skal ein leve av om alle pengane er brukt opp på ting me ikkje treng ?
Ikkje meininga å kritisere nokon her, ein vel sjølv korleis ein vil ha det. Dette er berre mitt vesle innspel, der eg vil seie at det er ok. Det er ok å ta det med ro, det er ok om du ikkje lagar din eigen fårerull og bakar alle kakeslaga bestemor di gjorde. Sjølvsagt er det ok om du gjer det også, men , etter mi meining, ikkje om det gjer deg stressa.
Kva du brukar pengane dine på er heller ikkje mi sak, men eg er av den bestemte meining at me kjøper for mykje.Born og barnebarn skal ha julekalendarar med spanande gåver, og sjølve julekvelden skal der helst liggje noko som slett ikkje er billeg under treet. Som sagt lenger opp ; forventningane er så høge, til oss sjølve og andre. Til slutt set me ikkje pris på dei små gledene lenger, og lærer heller ikkje borna våre å gjere det. Slike samfunn synest eg er skumle. Sjølv skulle eg so smått starte litt julegreier for ei veke sidan, i staden sit eg her i senga med laptopen og gjer meg opp slike tankar.
Om du er einig eller ueinig….. eg ynskjer deg ei roleg og avstressande førjulstid, med mykje familietid og feiring slik du sjølv kjenner for. Eg og min familie har vår feiring,som passar oss 🌲
MrsD 2019