Meir enn eit tal đŸ˜‰

I dag har eg, av ymse Ärsaker, sterkt behov for Ä skrive om alder og litt til. Dette ordet pÄ 5 bokstavar, frykta av alt for mange og heldigvis mindre viktig for somme.

Lat oss vĂŠre ĂŠrlege folkens….. dette «alder er berre eit tal» funkar ikkje……. i alle fall ikkje i fĂžlgje kroppen min 😁Uttrykket brukar eg ofte, og hĂžyrer /les det stadig. Om sanninga skal fram ligg der mykje meir i ordet enn me alltid vil innsjĂ„…..evt godta 😉 PĂ„ godt og litt meir kronglete đŸŒ»

Ikkje til Ă„ kome frĂ„ at eg er langt forbi dei mest produktive Ă„ra i livet mitt pĂ„ mange vis. Likevel, eg har har ild i meg enno og kjenner sterkt at eg har mykje Ă„ gi til samfunnet. Eg er mamma, kone, bestemor og venninne. Trenar, syng, dansar og er stort sett positiv. Elskar livet, og er barnleg leikande. Vel har kroppen min fĂ„tt nokre bulkar, og tyngdekrafta er vanskeleg Ă„ slĂ„. Siste Ă„ra har eg gĂ„tt mange runder med meg sjĂžlv i forhold til jobb, og har vel kome fram til at det snart er pĂ„ tide Ă„ kutte Ăžrlite ned pĂ„ den biten av den smakfulle kaka som livet mitt er . Ikkje slutte, nei til det har eg for mykje arbeidsglede og veit mi erfaring, kunnskap og kjĂŠrleik til bebuarar og kollegaer er viktig og Ăžnska pĂ„ jobb. Likevel, tanken om Ă„ redusere litt er der. Me «gamlingane» er svĂŠrt viktige i yrket, og har uvurderleg erfaring Ă„ lĂŠre vidare,det ser me dagleg 👍SĂ„ ser eg ogsĂ„, at bĂ„de eg og mange med meg slit bĂ„de med slitasje etter meir enn 30 Ă„r i yrket, og med anna smĂ„ eller stĂžrre kroppslege plager. For meg vert det dĂ„, etter kvart, tid for Ă„ kutte pittelitt ned pĂ„ arbeidsmengd og fĂžre den tida over pĂ„ meg sjĂžlv og mine ⏳ Eg vil vandre i fjellet medan eg kan, vil trene, leike i snĂžen med barnebarn, ha det kjekt med familie og vener og ramle utsleta ned pĂ„ puta om kvelden fordi eg har brukt energien pĂ„ viktige ting. DĂ„, og berre slik, kan eg takle den motgangen eg veit vil kome periodevis…..men kanskje sjeldnare om eg fĂ„r meir overskot til Ă„ halde helsa vedlike ?

Hold in, push up, rynkekremar og masker, kremar for Ă„ skine, kremar for Ă„ mattifisere, kremar for Ă„ slette livets spor. Med alderen kjennest det meir og meir som om alle desse orda hoppar opp og bit meg i baken dagleg berre eg opnar aviser eller laptop…..og eg vedgĂ„r, at eg pĂ„ dagar som i dag, etter over ei veke sjuk , med guffen hud og hĂ„r……gjerne sku hatt Jan Tomas her for Ă„ freshe meg litt opp 💄Til dagleg derimot er eg tilfreds med meg sjĂžlv og har ingen Ăžnske om Ă„ fjerne rynkene mine. Dei fortel nemleg livssoga mi, med alle gleder og sorger. Alt som gjer meg til meg. Eit fĂ„tal av oss menneske eldast utan at det set spor bĂ„de fysisk og inni oss…..og eg personleg har lĂŠrt meg Ă„ omfavne det heile !

No er ikkje dette eit innlegg om ikkje Ă„ bruke sminke og kle for velvĂŠre….kjĂŠre tid eg brukar sminke dagleg og elskar det. PĂ„ dagar der smertene har fĂžrt til nattevĂ„k og posar under augene hender det eg skjuler det sĂ„ godt eg kan, og mentalt hjelper det med litt mascara og leppestift. Slik sett, og fordi det berre er utruleg kjekt Ă„ leike seg med , har sminke blitt ein hobby og faktisk meir no enn dĂ„ eg var yngre. For litt sidan, dĂ„ me hadde showkonsertar, var eg sĂ„ heldig Ă„ bli spurd av fleire i koret om eg kunne hjelpe dei med senesminka. SĂ„ artig, og sĂ„ lĂŠrerikt. Noko av det eg sĂ„g dĂ„, etter Ă„ ha sminka bĂ„de meg sjĂžlv og 3 andre til generalprĂžva, var at less is more, sjĂžlv pĂ„ ei sene. DĂ„ eg gjekk heim den kvelden var eg ikkje heilt nĂžgd med sminka mi, ei heller med det eg hadde lagt pĂ„ dei 3 andre. Tenkte mykje pĂ„ kva eg ville ha annleis. Lang historie kort enda me opp med svĂŠrt nedtona sminke alle 4, med dusare fargar og fokus pĂ„ det som verkeleg mĂ„ kome fram pĂ„ ei sene. Det er me glade for, og i lag med heile koret strĂ„la me som diamantar alle ihop 💎Som eg sa til ei : Eg freista sminke oss unge til generalprĂžva og eg kjende meg gamal og utilfreds.Til premiera hadde me nedtona sminke og eg kjende meg vakker og ung. Essensen i dette, for meg, er Ă„ bruke sminke som framhevar det vakre i meg, og kle meg slik eg kjenner meg gla . I dette, i alle fall med sminke, skjuler eg nok samstundes litt aldersteikn i huda, men aldri dei flotte rynkene !

For ei tid tilbake fekk eg eg 2 kommentarar eg tok med meg heim for Ă„ tyggje litt pĂ„.Den eine gjekk pĂ„ kjolen min……eller meir kva eg burde ha gjort med meg sjĂžlv for Ă„ passe enno betre inn i den. Fekk bl.a rĂ„d om Ă„ stappe litt ned i bh`n for Ă„ fylle ut litt…….men kvifor i all verda skulle eg det ?? Etter amming av 4 born forandrar brysta seg, og det er eg stolt av. Tyngdekrafta, som har tett samarbeid med alderen, kan ein heller ikkje bekjempe utan kirurgiske inngrep eller beinhard jobbing. Heilt ĂŠrleg kjennest det av og til som eg kan rulle diverse kroppsdelar pĂ„ plass i kleda……..fleire som kjenner seg igjen ?😂 Eg gjekk heim den dagen, sĂ„g meg lenge i spegelen og prĂžvde det velmeinte rĂ„det. Nei…..det var ikkje meg ! Presiserar at eg framleis elskar og kjem til Ă„ bruke kjolen……den er fargerik,glad, leikande og meg ! I same andedrag kan eg ogsĂ„ berre erklĂŠre at » hold in» og eg har avslutta vĂ„rt forhold for godt. Ubehageleg,finn aldri rett str, det rullar seg ned og vert liggjande som eit stramt belte…….ja i det heile ei ubehageleg oppleving kvar gong. SĂ„, eg har gĂ„tt inn i «let it hang» alder og nyt det 😉

Den andre kommentaren eg fekk den dagen var som fĂžlgjer : «eg mĂ„ berre seie at du er sĂ„ utruleg vakker i dag, trur aldri eg har sett deg sĂ„ strĂ„lande og elegant » Same kjole, same sminke, same meg. Denne personen sĂ„g det eg kjende sjĂžlv akkurat den dagen ; glede, kjĂŠrleik, takksemd……og rett og slett berre fyrverkeri av energi. Orda hennar gav meg sĂ„ mykje meir enn ho anar, og eg dansa meg gjennom kvelden og natta med dei i hjartet.

Dei to kommentarane kom begge frĂ„ kvinner , men kvinner med litt ulike syn pĂ„ korleis fĂ„ andre kvinner til Ă„ kjenne seg vel ? Dette er sĂ„ viktig, og me mĂ„ vere sĂ„ varsame med kva me seier til kvinnene i vĂ„re liv. (ja til menn ogsĂ„ sjĂžlvsagt, eigentleg til alle……men det er lit utanfor poenget her ) Kvinner i alle aldrar mĂ„ stĂ„ bak kvarandre, lĂžfte kvarandre opp, gi ros, vere stolte av og trĂžyste. Me mĂ„ gi gode ord, vise at me er vakre som me er i alle stĂžrelsar og fasongar, med hengepuppar, cellulittar, doble haker og nedsegne augelok.

Det er lett Ă„ kjenne seg meir og meir unyttig etter kvart som alderen snik seg innpĂ„, og eg sjĂžlv kjenner i alle fall pĂ„ redsle av og til. Redsle for ikkje Ă„ klare jobb, redsle for sjukdom, for Ă„ ikkje klare det aktive livet eg har, og for Ă„ bli gamal og einsam pĂ„ sjukeheim.Frykt for Ă„ liggje til byrde for borna ( og for Ă„ gjere det pinleg for dei med slike blogginnlegg 😁) Frykt for ikkje Ă„ klare vere aktive besta . Berre for Ă„ nevne noko av det eg veit mange fryktar med alderdom.

Nei, alder er ikkje berre eit tal, uansett kvar i livet ein er. Gleder og sorger, oppturar og nedturar kjem i alle steg pÄ livets trapp. Me mÄ berre hugse puste der me kan, nyte dei rolege etasjene mellom dei bratte trappene og behalde barnet i oss.

SĂ„ i dag ,nĂ„r eg no har passert 53, skal eg stelle litt i huset,aktivitet dog tilpassa litt uggen form……men fĂžrst 5 minutt ut i frisk luft.SĂ„ skal eg pleie meg sjĂžlv med diverse velgjerande masker for hud og hĂ„r. Eg skal lakke negler,pynte meg ,sminke meg og ta pĂ„ meg fine kle. Deretter skal eg nyte eit godt mĂ„ltid og eit glas raudt i heimen ,med ein mann som ser alt det vakre i meg…..til og med nĂ„r eg ligg sjuk 😉

Lag deg sjÞlv ei god helg, sei noko fint til einkvan og smil til nokon du ikkje kjenner. Kven veit, kanskje du fÄr ein ny ven ?

MrsD 2019

fbt

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar Ă„ skrive, ta bilete, og fundere over smĂ„ og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk pÄ et ikon for Ä logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: