Å gå ein tur i snø og vind,raude roser på barnekinn.
Fiske i dammen med ein pinne, sjå kva eventyr me i naturen kan finne.
Verda ikring er så spanande stor, i snøen lagar vi nye spor.
3 generasjonar med uslitelege band, besta og papsen held kvar si barnehand.
Bake bollar og fyre i ovnen, gøyme og leite, telje til 10. Vesle guten har lært så mykje, dei 3 første åra raste forbi.
Fattige på gods og gull, men all verdas rikdom har me, det er ikkje tull.
Stille gleder er dei beste tenkjer eg, her eg sit framfor peisen og skriblar i veg.
Når eg ein dag vert for stiv og støl til å danse på golvet og gøyme meg i eit skap, ja då skal eg tenkje tilbake og ikkje angre, at eg nytta tida til slikt som gjorde meg glad
MrsD , januar 2020