Ho ønska seg berre ei hand til å stryke henne over håret,ei hand som tørka tårene.
Ho lengta berre etter å kunne kjenne lys i hjartet,der var så mørkt og einsamt.
Ho håpa berre på eit lite smil,eit blikk,ei gjenkjenning.
Ho sat der på benken i parken,kald og åleine….det hadde ikkje alltid vore slik.
Dei hasta forbi henne,med hendene fulle av handlenett.
Dei skulle heim,tenne lys i hus og hjarte….men ikkje i hennar.
Dei hadde ikkje tid til å sjå henne,langt mindre smile
Dei let henne sitje der,åleine,på den kalde benken….historia hennar kjenner ingen.
Han gjekk bort til henne,sa «hei du ser så kald ut,ta vottane mine»
Han såg henne i augene,ho kjende ein ørliten gnist av varme.
Han sat der hos henne nokre minutt,vart kald som ho var.
Han visste ikkje at han tende lyset i hjartet hennar denne vesle stunda,og at tårene som vottane hans tørka bort var av glede og takksemd.
Ho gjekk heim den kvelden,til sin heim utan jul men med jul i hjartet.
MrsD
» Oh My Goodness » …
and also your biggest fan.. and why not.. but again, O.M.Goodness
LikerLiker