Kveldstankar i peisvarmen

 

IMG_20200101_130042.jpg

Siste kveld med ein liten plugg snorkande på eine gjesteromet, og besta vedgår ho har litt ymse kjensler rundt avreisa deira i morgon 🤔

I 8 dagar har huset stått på hovudet,etter at dei først feira første del av jula i Volda. 😊Haugar med leiker og diverse kle, lydnivå noko serkare enn vi er vande med…… og badet vårt har eg knappast vore innom anna enn for heilt naudsynte ærend 😂🤭Sminkebordet mitt er fullt av småbilar og klossar , eg finn ikkje alle sminkekostane og nokre av dei er brukte til å «vaske» dei førnemde småbilar medan liten ven tolmodig ventar på at besta ska bli ferdig med hår og sminke før me går ut. Skuffene med hårstrikk og klemmer er i kaos etter at «heisekrana» (ei spesielt godt eigna hårklemme til slik leik) dagleg har jobba intenst med å blande alt godt🙈🤭 Ein del av  bordet har og fått ny farge frå sminkepallettar, og det same ser eg gjeld delar av garderobeskapet 🙈Flakongen med hårglitter  (som fekk både mitt og mange andre sitt hår til å glitre til 2 show og likevel såg mest ubrukt ut)eg kjøpte til show er no snart tom……. så om de ser meg med glitrande kle eller hår lang tid framover veit de kvifor 😁✨»Side note» :  Ikkje alt han får lov til å røre, men han veit kva besta er redd for og kva han får lov til. Eg trur på å framelske kreativitet, og desse stundene ved sminkebordet om morgonen er det lite «nei» og mykje fantasi 😊

På skjermen går «Misha og Mashca»,» store maskiner» eller så er dei vaksne «borna» djupt opptekne med spel. Her har vore fullt hus heile jula, liv og røre, brettspel og mat. Gode samtalar, ivrige (borderline hissige 😁) diskusjonar, latter, gøyme og leite kvar kveld (genialt når trassig treåring ikkje vil leggje seg men sovnar umder dyna medan me gøymer oss for besten 👍)

Seine kveldar, tidlege morgonar når guten kjem inn og vil at me skal stå opp. Vil reparere motorsykkeldelar med besten, fare på leikeplassen, bake, bygge telt med alle pledd i huset og nokre moppeskaft.

For å oppsummere ;det har vore ei nydeleg, energigjevande, roleg, artig og totalt utmattande jul…….. akkurat slik me vil ha det. Ikkje fordi nokon krev av oss, men fordi det er dette me vel og dette som gjev oss glede ❤️

Sliten, ja, og eg gler meg til å få litt orden i huset og få meg ein lang varm dusj…… kanskje vaske håret? 😂 Likevel, etter eit par stille dagar kjem nok lengten igjen, etter å ha dei alle rundt meg, sitje i godstolen ved peisilden medan huset bugnar av alle me har kjær og berre nyte den kjærleiken eg har for kvar og ein av dei 🌻Kjenne og på gleda og takksemd for at Eric har så mange gode onklar og tanter……at der alltid er ei hand å halde i og ein trygg favn i tillegg til foreldra. Denne jula har me alle hatt mykje tid saman, det er me takksame for 😊

Eg må og få seie, at besten Rowley er vår alles store «helt», som så aktivt og intenst viser sin kjærleik for den vesle pjokken…… og oss alle. Helsa hans skrantar tidvis, men sjeldan om det stoggar han ❣️Tullebesten, som Eric seier…… og det tyder noko spesielt 🌻

IMG_20200103_103941.jpg

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

En tanke om “Kveldstankar i peisvarmen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: