Mi si tante

20-DSC08469.JPG

Eg har ei tante

som er ei fante.

Ho leikar og tøysar

og syng meg ein sang.

 

Mi tante ser meg

ho veit kven eg er,

og at alt eg må lære

kan vere eit ork.

Når eg er lei meg 

ho freistar forstå ;

 eg er berre 3 år

og treng ikkje bråk.

 

Gøymer oss 

under dyna vi,

og flirar av dei

som må telle til ti.

Så,når dei finn oss

me hoppar fram,

skremer ein onkel

så capsen endar 

bak fram.

 

Me reiser på eventyr

tante og eg,

i fantasien

der alt går an.

Espen askeladd,

bukkene Bruse,

me trampar på brua,

 blir kjent med eit lam.

 

Tanta mi er alltid tolmodig,

forklarar roleg

når eg vert lei

Mest av alt,og for meg

det beste ; 

tante elskar meg 

høgt og ekte .

 

(På oppdrag frå Eric, 3 år : MrsD 2020 )

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: