Men Askepott var også eit menneske

red rose on brown wooden surface
Photo by Ylanite Koppens on Pexels.com

I kveld sit eg ved peisvarmen med eit glas vin. Ja, på ein mandag. Har hatt arbeidshelg, i dag har eg verkeleg trena, og no var det godt å sige ned i den gamle slitne godstolen med beina på skammelen og pledd over knea. Til mi undring er det eit tema som eigentleg ikkje interesserer meg så mykje som fekk fram skrivekløa i dag, slik er det når ein får det i andletet uansett kva medie ein  nyttar. 

Her eg sit, i eit hus som treng real andletsløft og utan store ressursar til å gjere mykje er eg likevel fornøgd, og glad eg ikkje må streve for min rett til å leve det livet eg sjølv vil. Tankane vandrar over havet, til min kjære sitt heimland.

Kva er det så som får meg til å tenkje slik ? 

Siste vekene har det vore stor ståhei og ekstreme kjensleutbrot over både Storbritania og andre land. Folk skjenner,rasar, kjem med svært bastante og lite sympatiske kommentarar…… og det kan sjå ut som om verda er i ferd med å gå  under. Også her heime ser eg kommentarfelt der eit ungt par vert rivne i filler, kritisert og håna for eit val dei har teke om å freiste leve eit meir roleg liv med fokus på sin kjernefamilie. 

Sjølvsagt snakkar eg om Harry og Meghan ; Nygifte ,og nybakte foreldre som har teke eit etter mi oppfatning modig val og vil stå på eigne uavhengige bein. Eg kjenner ikkje nokon av dei, men det gjer tydelegvis “mannen i gata”……og du verda så inngåande han kjenner dei ! Meghan er tydelegvis ei manipulerande ung kvinne som berre har gifta seg med Harry fordi han er kongeleg, og ho har øydelagt både prinsen og halve kongeriket  med å lokke han vekk. Berre dette fell no på steingrunn. Kvifor i all verda vil ho vekk frå kongehuset om ho berre var etter Harry for prinsetittelen hans ? Han på si side er svak, let seg styre av henne og har tydelegvis ingenting han sku sagt i ekteskapet ? Luktar litt misunning dette, og den er noko misforstått.

Kva meiner eg med det ? Jau ; eg veit at Harry og Meghan lever eit liv i luksus, og at dei har privilegier få andre forunt. Fleire heimar, dyre reiser, økonomisk tryggleik og få bekymringar. Eller ? Eg for min del hadde levd i konstant angst om eg var dei. Angst for borna, for at nokon skal skade familien min, for alltid å ha journalistar og papparazzi på meg uansett kvar eg er, for å seie noko feil som vert tolka verst tenkjeleg. Alltid under lupa, alltid forventningar om å sjå bra utr, ikkje ta til motmæle når livet ditt vert plukka frå kvarandre og sett feil saman på dagleg basis. Ikkje få bestemme sjølv kva  borna skal kle seg i. Alltid smile. Ein kan seie at Meghan burde visst kva ho gjekk inn i og berre finne seg i alt……..men altså me lever i 2020 folkens. ! Ingen veit faktisk heilt kva ein går inn i med eit ekteskap, vegen må vandrast og fundamentet byggjast i lag. Dette tek tid, og ein finn ut av ting etter kvart. Kanskje vart det for mykje for Meghan, kanskje vart ho redd. Dessutan, som Hugh Grant så klokt sa det : “ Harry såg si kjære mor bli øydelagt av papparazzi, kanskje han har behov for å skjerme sin vesle familie “?

Historia viser, at det britiske ( og andre ) kongehus har ei lang historie av tunge menneskeskjebner. Tradisjonar og plikt har alltid stått sterkare enn omsyn til kjensler, og forventningane til dei kongelege har vore  umenneskelege. No er tida for endring, og for å rive ned muren av forelda skrivne og uskrivne reglar for kongeleg atferd. At eit menneske, på grunn av familien det er fødd inn i, skal leve heile livet “ i teneste for folket” er vel snart på veg ut……eller burde vere det. Kanskje døyr kongehusa rundt om i verda ut då etter kvart, og kva så ? Eg tenkjer det skal gå bra eg, der må finnast ein veg der unge menneske ikkje vert tvungne inn i eit liv dei slett ikkje har valgt sjølve på grunn av tradisjon og forventningar ? Treng me verkeleg kongehuset så sterkt at me er villege til å sjå at nokon må ofre si eiga personlege lukke ? Ville du synest det var ok om det var din eigen son eller dotter ? 

Med titlar og rikdom følgjer ofte stort press. Det er ikkje som i eventyra, der alt endar godt berre skoen passar eller landet søv i 100 år. Tornekratt må forserast også for dei kongelege, og mørke skyer heng også over vakre palass. Det mest innbydande eple kan drepe og den gullforgylte vogna vert fort til eit vrak i ein tunell der Askepott ligg bleik og livlaus. Ha det i minnet neste gong du kjenner for å kaste eder og galle over dei som er så “Styggjeleg priviligerte “

In the words of Queen Elisabeth the second :

“ When life seems hard, the courageous do not lie down and accept defeat . Instead ,they are all the more determined to struggle for a better future “

Lukke til Harry og Meghan…… og alle andre unge kongelege som vel å bryte ut, eller bli verande i sine posisjonar. 

MrsD 2020.

 

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: