Om gretne gamle gubbar og litt til

Til deg, du litt eldre “ herremann “ som vart fornerma på meg i dag : Eg freista berre vere litt hjelpsam, både for deg og mora med dei 3 små borna . Ville berre gjere deg merksam på at der faktisk var ein enklare veg ut frå kafèen slik at denne småbarnsmora kunne sitje og kose seg utan å få dårleg samvit for at ho sperra vegen for deg som då måtte gå 10 skritt ekstra om du valde vere litt grei. Ho hadde då allereie flytta vogna nokre gongar fordi gretne gamle gubbar som deg ikkje hadde vit til å nytte andre vegen……..og til meg og mannen min erklærte du at “ ho må no ta omsyn til folk som skal ut og inn” då me høfleg gjorde deg merksam på den enklaste……..og mest skånsame vegen ut. Er det mogleg ?  Du var lett på fot og løyste høgt og tydeleg for alle og ein kvar alle moglege verdsproblem i lag med gjengen din på nabobordet vårt, og du var ikkje den einaste derifrå som tydeleg ikkje sette pris på at den unge mora sperra næraste utgang. 

Kva er det som skjer i samfunnet vårt? Kvifor er det så vanskeleg å sjå situasjonane og menneska rundt oss ? Kvifor må me ergre oss over ei mor som er modig nok til å ta med seg 3 småtroll på ein kafè ? De som kjenner meg veit at eg er svært glad i gamle folk, men alder åleine gjev ikkje fritak for vanleg empati og folkevit ?  (Til mine born : Om eg nokon gong vert slik som denne gretne gamle gubben ,så vis meg dette eg har skrive her, slik eg kan skjemmest !)

Med det same eg held på ; kan me  byrje seie “ver så snill “ og “takk” litt oftare ? Eg krympar meg når eg står ved ei kasse i butikken eller andre stader og kundar seier “eg skal ha”…..ja eg vert rett og slett provosert. Kostar det så mykje å  seie “ eg vil gjerne ha” eller “kan eg få” ? Eller å seie “takk” og smile til den som betjener kassa ? 

var berre det eg ville seie i dag……..ha ei strålande helg og ver snill med både deg sjølv og alle rundt deg……..til og med småmødre som freistar kome seg ut litt og hardt arbeidande folk i serviceyrke. Det kostar så lite og kan bety så mykje 🌻

MrsD 2020

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: