Eg har orkesterplass,
der hav møter himmel i stille symfoni
I siste gullfargasolstrålar står eg.
Rundt meg er det stille,
Berre lyden av naturen og bølgjene spelar meg ein vakker kveldstone.
Som ein symfoni av vakraste slaget ,
i taktfast utakt leikar små bølgjer seg melodiøst inn mot land.
Varsomt og lindrande skyljer dei over vonde føter.
I det dei snur utover igjen tek dei tanke for tanke kaoset med seg.
Kaoset som surrar i hovudet og som har slikt grep om meg i dag.
Berrføtt i sanden krummar eg tærne
og kjenner eg er godt forankra og trygg,
i eitt med elementa og aldri åleine.
Vinden syng mjukt i øyret mitt,og legg frå seg salt frå havet på kinn.
Det blandar seg med ei lita tåre
ingen ser og ingen veit.
Sola går ned, eg pustar med magen igjen.
Skyene dreg seg til,
men inni meg har sola våkna.
Eg snur meg,
tek handa som strekkjer segmot meg og som har venta tolmodig .
Hand i hand ruslar me,
i urørt sand.
Han ser, han veit.
I bilen er det stille ei stund
Så kjem det stille ;
“What are we eating today babes?” 💗
MrsD 2020
