«det er lov å vere lei seg»

Eg er eit kjenslemenneske ,og tidvis renn det litt over. Som regel snakkar eller skriv eg av meg leie kjensler, eller går det av meg i vår vakre natur. Siste månadane har eg også funne styrke i å oppsøke treningsenteret mitt og gå laust med vektstang og høg intensitet.

Så kjem der dagar for oss alle der ingenting ser ut til å klare snu tungsinnet. Same kvar ein snur seg er der dårlege nyhende, folk har det vondt og verda er hard. Ein seier til seg sjølv at «jammen har eg det godt» ,tek på seg maska og gjer som ingen ting…..men innerst inne kjenner ein at uansett kor ein kjempar vert ein slått i bakken.

Her er det skamma slår innover meg. Korleis kan mine kvardagslege hinder og plager, mine mørke tankar og tungsinn måle seg med alt som mine medmenneske verda rundt går gjennom dagleg. Korleis kan eg i det heile våge stå fram og seie «eg har det ikkje heilt godt no » ? Korleis kan eg som har det så godt la små bagatellar påvirke psyken min slik ?

For nokre dagar sidan hadde eg time med min PT. Eg var i tvil om eg skulle ta den timen, for etter nyoppdaga helseplager var eg noko nedstemt og engsteleg. Så, eg ringde henne og vi vart einige om å prøve. Eg har kome så langt, blitt så sterk og har slik glede av desse timane våre så det skal mykje til før eg avlyser. Vi snakka litt om det som no har påkome. Korleis vi kan jobbe rundt plagene mine i påvente av behandling, og korleis vi kan styrke musklane for å gjere eventuell opptrening enklare. Eg er sta, og eg er sterk både mentalt og fysisk, men denne dagen var eg både trist og lei. I løpet av timen steig hummøret, eg fekk skryt og oppmuntring men samstundes kjende eg på smertene og klarte ikkje riste av meg den triste kjensla. Dette såg ho, og midt i timen fekk eg beskjed om å setje meg ned litt. » Eg ser på deg at du er trist i dag » sa ho, sjølv om eg trudde eg med mitt påklistra smil og overdrivne positivitet klarte lure henne. » Du må hugse på at du må gje deg sjølv lov til å vere lei deg »

Orda hennar har fulgt meg i dagane etter timen vår. Har ellers nokre tunge ting eg går gjennom for tida og det er ikkje alltid så lett å halde hovudet over vatn…….men eg har kome til at hovudet godt kan få vere under vatn av og til så lenge eg har snorkelen på og får puste. Så får eg ta imot all omsorg og hender som vert tildelt meg og vere enormt takksam for at eg kan få vere meg utan maske, og med kjenslene utanpå ermet av og til . Eg kan ikkje hjelpe alle som slit i verda, men ein ting kan eg gjere : Vere open om at «life sucks » av og til…….også for oss som har det godt. Det er faktisk lov folkens! Det lærte eg på eit treningssenter av ei ung klok kvinne !

Når eg skulle finne bilete til dette innlegget trengde eg noko fargerikt og noko som gjer meg glad……..og kva betre enn det beste i livet ?

Gje deg sjølv lov, It`s all good !

MrsD 2020

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: