
Så artig med desse minna som dukkar opp på facebook, og i dag var det eit bilete eg la ut for 2 år sidan som fekk tankane til å vandre.
Er det ikkje fascinerande kva fargar kan gjere med oss menneske, korleis dei påverkar oss på ulike vis ? Sjølv er eg ei fargesterk kvinne, som kun har svarte klesplagg i skåpet fordi eg ein sjeldan gong treng det om eg skal ein stad det er “påkrevd”. Javisst har eg ei svart bukse,skjørt…..til og med ein “lille sorte”, men det går lang tid mellom kvar gong dei får lufta seg 😉 Eg pyntar også som kjent håret med ymse blomar og skjerf nesten dagleg.
Einsfarga svart gjer meg tungsindig, og det er faktisk ikkje overdrive. Det har si årsak eg ikkje treng kome inn på her , men heilt seriøst må eg verkeleg jobbe med meg sjølv for å halde på humøret når eg er i heilsvart. Akkurat som noko inni meg streikar. Dette er meg personleg. Synest svart er flott på mange andre, og veit at fleire eg kjenner er mest komfortable i den fargen og kler den godt.Trur eg har arva dette litt frå besta mi eg, for eg kan berre hugse henne i sterke fargar og mønster. Er no ellers så lik ho som person også så…..
Når ein syng i kor hender det ein må følgje ei viss kleskode. Biletet som dukka opp som minne i dag var frå showet ÅBD hadde på Ørsta kulturhus det året,der me siste halvdel av konserten måtte stille i heilsvart. Det tynga meg lenge under førebuingane, eg fann ikkje rette antrekket, lånte og prøvde men var rett og slett ukomfortabel. Den situasjonen løyste seg fordi ein aldri lenge kan sture i selskap med dei damene, fordi skifte frå fargerikt til svart var ein vesentleg del av heile opplevinga for publikum….og fordi eg var så fokusert på det kjekke me skulle oppleve. Eg hadde mi til no største oppleving musikalsk då eg framførte ein heil song som solist framfor fullsatt kinosal, ikledd svart “frå topp til tå” !
I nokre veker no har eg ikkje kjent så sterkt trangen til fargar, eg har stort sett vore på jobb det eg har klart og ellers vasa rundt i treningskle. Rett nok i fargar, men ikkje slike sterke og glade eg vanlegvis er å sjå i.Har eigentleg ikkje brydd meg med verken kle eller sminke,og humøret har vore deretter. Visse unntak har der vore, små glimt av “ta meg sjølv i nakken” , og då kjenner eg raskt kor mykje lettare og positivt motivert eg blir. Dette fekk eg bekrefta på korøving i går,då ikkje mindre enn 3 medsongarar kommenterte både «hårstæsj» og kle……og ei av dei sa noko i retning av eg stod og stråla så fornøgd heile kvelden. Det til trass for at eg har litt rufsete dagar no. Eg er viss på at det var fargane som fekk fram det beste i meg,og sjølvsagt alle muntre songdamene. Har også hatt enorm glede av dei turane eg har klart å få med meg, til og med i solglimt. Sjå den vinterblasse naturen sakte men sikkert livne til.
Så no har eg leita fram alle dei mest mønstra og fargesprakande klea mine, og bestemt meg for å nytte dei til glede både for meg og andre.Hud,hår og negler skal få tiltrengt pleie,sminkekostar vaskast. Det går mot lysare tider, eg skal opp og framover i takt med alt fargerike som no allereie har byrja spire og gro ute. Eg skal halde fram med treinga i den grad eg greier gjennom dette forbigåande hinderet som no har kome på med kne som har funne ut dei skal krangle, og eg skal bli enno flinkare til å glede meg til og over dei små tinga i livet mitt.
Fargelegg dagen din,nett slik du vil og kan
MrsD 2020
