Søndag.Ute er det litt grått og vått. Eg har te i fargerik kopp, toast med bønner og ein ektemann som er i litt uggen form etter ryggoperasjon. (som gjekk bra btw men smerter er der no ja ) Halde oss heime er ikkje eit stort problem så lenge me har kvarandre og får ha kontakt med våre kjære på telefon og face time. Nei, ingen av oss to eller våre er smitta ,men me vel likevel sjølvsagt heimetilværet utanom det som er heilt naudsynt. Vi pratar, vi skriv,eg syng og spelar , vi ser film saman og er stille saman. Eg er på jobb når eg skal, innom butikk når eg er heilt nøydd og kjøper sjølvsagt berre det me treng for nokre dagar. Tek meg ein luftetur dagleg. Fordi eg med dei vonde knea har vore litt mindre aktiv og sotte meir på sofa`n har sjølvsagt ryggen låst seg , så knea må bli med ut enten dei vil eller ikkje 🤣Funne fram stavane mine, dei er godt selskap. Ellers har eg fått epost frå min dyktige PT Vanessa med svært mange gode øvingar eg kan gjere her heime.
Er eg engsteleg ? Ja sjølvsagt er eg det ! Ikkje for min eigen del, men for mine kjære……og for alle dei som er særs i faresona.For mine kollegaer på sjukehus og institusjonar rundt i landet som dagleg går inn i potesielt farlege situasjonar. For landet mitt, for dei som no er enno meir einsame enn dei kanskje var før. For framtida, for økonomien til dei svakaste og dei som på ein eller annan måte er sjølvstendig næringsdrivande innan underhaldning.For andre små eller store bedrifter som vert hardt råka. For dei som vert permittert. For så mykje meir.
Tenkjer me på det heile tida? Nei. Sit me limt til skjermane og sluker alt «Herr og Fru know it all» spyr ut i sosiale media ? Får me med oss alle nyhende og oppdaterar oss fleire gongar om dagen ? Nei. Me følgjer med på kommunale nettsider, gløser innom dagsrevyen og freistar halde hovudet okkupert med andre ting. Me kan ikkje gjere anna.Ja, me må oppdatere oss, men nei ikkje kvar time på dag.
Eg trur det er viktig. Der er så mykje useriøst folk legg ut, såkalla fakta utan rot i verkjelege fakta. Eg vert også så lei meg av å lese kor stygge me er med kvarandre i desse krisetider . Nettrolla har si glanstid, leitar med lys og lykter etter nokon dei kan latterleggjere eller trakke på. Menneske som kjem med små spørsmål vert høvla ned så ein knapt kan tru det er vaksne folk som skriv. Ja, der er menneske som har gjort ein god del alvorlege feil i denne situasjonen. Dei har reist på hytta, besøkt si sjuke mor……ja eg veit ikkje alt. Eg forstår at folk vert sinte, eg sjølv kjenner på avmakt når eg les om karantenebrot og andre tankelause handlingar. Men folkens, det hjelp ikkje å spy ut eder og galle på nettet…….med ordbruk som burde kvalifisere til utestengjing frå kommentarfelt. Kan de ikkje finne anna å tilbringe tida med ? Slå av maskina, bak bollar, leik med borna, les ei bok eller gå ein tur og få ut litt frustrasjon på det viset. Dette viruset kjem til å halde oss i heimane i lang tid…….no må me ikkje spreie den farlege nettrollsmitta også ! Vi er ulike,taklar krise ulikt, nokre har spørsmål som andre ser det logiske svaret på……ingen grunn til å latterleggjere folk som spør sjølv om du meiner spørsmålet er idiotisk.
Me skal le, me skal spøke, me skal ha lov til å kose oss heime og ikkje sture i angst heile tida. Me bør gjere meir som dei gjer i Italia ; syngje av full hals på balkongen (skjønt eg er litt uviss på om mitt eige nabolag ville hive seg på 😂) Me må vere rause med kvarandre, bite i oss kommentarar som ikkje tenar til noko og ause ut med kjærleik på avstand. Vi kjem oss gjennom dette dokke,men me må hjelpe kvarandre.
No skal eg for min del fikse japanske pannekaker til lunsh…..har funne ei aldeles nydeleg oppskrift og gler meg til å vekkje mannen med nytrekt kaffi, pannekaker og bacon.
Hald deg frisk kjære ven, lag deg ei god tid framover
MrsD2020
