Nett no kan me ikkje leike i lag,
men me kan ringe og prate ,
tøyse litt kvar dag.
Me får sjå deg med hjelp
av teknologiens magi,
so vert karantena lettare å stå i.
Du kan vise oss kasser med leiker i.
Me får høyre deg le,
sjå deg hoppe og danse.
Du har lært nye ord
på engelsk og norsk.
“peace and love” har pappa lært deg,
kva passar vel betre slik verda er no.
Me leikar gøyme og leite på nett,
besten er lur men me finn han lett.
Dubbus og Coco saknar venen sin,
men snusar på telefonen
og får kos og klem.
Om me vil kan me lese eventyr,
synge ein sang som blir nett som me vil.
Me kan dikte om havet,
om store maskiner.
Om Eric og besten på skattejakt.
Liten plugg skjønar heldigvis lite,
av alt dette skremande som skjer.
“e skal leke med Emil når smitta e ferdig,
og da kan dokke også besøke me”
Han er trygg i livet og har det godt,
“besta, i sommer skal vi bade i sjøen
og bygge stort sandslått”
Me gler oss til du kjem igjen
og lagar kaos i hus og heim.
Futt og fres frå morgon til kveld,
små armar som gjev
den aller beste klem .
Me har laga og lagra så mange minner,
og fleire blir det om berre litt tid.
Så inntil vidare vesle ven,
til verda er normal igjen.
får me sjåast og snakkast ved «dataen»,
besta og besten sin aller beste ven.
MrsD 2020

