Aldri for gamal 😉

Me menneske er ofte opptekne av alder…… i mange samanhengar. Ein er for ung for ditt, for gamal for datt. Sjølv har eg vel også vore der, at eg kjende på dette med å «te meg etter alderen og sjå mi begrensning» men eg har jobba mykje med haldninga mi og lært meg gi meir blaffen i desse normene.

Eg er den eg er ; Arnhild 53 år. Ikkje feilfri, tidvis hissig og svært impulsiv, snill for det meste og sta til tusen. Eg elskar pynte meg, fargar, sminke, danse, synge, stå på sena og vere litt diva. Så elskar eg også å traske i naturen, i all slags veir. Regn er berre vatn og gjørme kan vaskast vekk. Raudsprengd, sliten og sveitt på ein fjelltopp…… då lever eg 😊Utfordre meg sjølv, presse meg til nye mål, jobbe med ymse redsler og frykter.

Siste året har eg, som før skrive, trent med personleg trenar. Dette sat langt inne for meg, bl. a fordi eg synest eg var for gamal, for dårleg trena, usikker og eigentleg litt redd. Det var før eg møtte herlege Vanessa. Allereie frå første timen var eg hekta, og sidan har den treninga….. og ikkje minst ho…. blitt ein stor og viktig del av livet mitt. Med henne får eg tilpassa trening, lære rett teknikk, får oppmuntring…. og ho pushar meg dit eg aldri trudde eg skulle kome. Nye øvingar eg meistrar raskt, nokre som tek tid men eg får det til. Eg delar av livet mitt til henne, ho lyttar og ho «gret og ler» med meg. Dette er ikkje berre trening for å bli fysisk sterk, det har også påvirka meg enormt positivt mentalt. Eg står stødigare og sterkare som meg sjølv, og den jenta har hjulpe meg stole på at EG KAN like bra som den yngre garde 😉 😊 Etter siste timen vår før ferien i dag kjenner eg allereie kor eg gler meg til oppstart igjen. Ho seier alltid at det er eg som gjer jobben, men me vart vel einige i dag om at det er eit team work og me er eit sabla godt team 🏋️‍♀️

Helsemessig har vel siste 10 åra vore noko utfordrande med artrosen og skader…. og eg har hatt mange rundt meg som tolmodig støtte. Rowley, borna, mine beste turvener Johanne og Jimmi som eg har delt så fantastiske opplevingar med og mange mange fleire blir det (utan dei to hadde eg slett ikkje gått så mykje og så til tider utfordrande turar i alt frå solsteik til snøstorm 😂) Oppmuntring frå vener…… ja berre positive ord frå alle (stort sett 😁)

Poenget ja, har eg eit poeng? Tja, det var dette med alder då. Eg vil berre, som overskrifta seier, minne deg på at du aldri er for gamal til å prøve noko nytt, til å pushe deg sjølv, til å danse og le ❤️

Så vil eg også seie at det er lov til å vere stolt av seg sjølv, det er eg. Ikkje hovmodig, men stolt av det eg får til 😊Difor, i dag, legg eg for første gong ved eit bilete av meg sjølv «in action» Vanessa ville så gjerne ta bilete og det fekk ho jammen lov til 😁(Det ho ikkje veit, er at eg etter timen gjekk ein noko lenger og meir strabasiøs tur enn eg hadde planlagt.(Ikkje sei det til Vanessa, men om du seier noko kan du fortelje henne at det faktisk hjalp på strekken 🏃‍♀️👍😂)

No skal eg ordne huset, pynte bord og vente på mannen min. I dag er det nemleg 7 år sidan me forlova oss i vakre Firenze ❤️ Så i kveld vert det ørlite raudt i glaset og god mat 🌻🌻

Utetrening i desse tider 😊

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: