Om høgdeskrekk, om ein gentleman i fjellheimen…… og om personlege seierar 😊

Ikkje til å kome frå at det har vore lite sol siste tida, men nokre flotte turar i passe fjellver har det blitt 😊 Dessutan er det berre å kle seg etter forholda og nyte naturen som kan by på mykje vakkert også i grått og vått ver 👍Eit litt uheldig fall sette meg ørlite tilbake nokre dagar, men so har eg fått kosa meg i heim og hage med min kjære

Gleda var stor då me kunne ta ut på langtur i går….. og hjelpes for ein tur! Første delmål ; Hallehornet…..med start frå Steinstøylen dit me fekk skyss av Rowley . Frå Steinstøylen er det bratt opp ein halvtimes tid , men så er det igrunnen plankekøyring opp til Hallehornet. Største utfordringa der var å sjå minst mogleg høgdepåverka ut når turfølgjet knipsa bilete av meg litt for langt (for meg) ut på kanten. I skifte mellom sol og tåke pausa me der oppe litt, med utsikt over den bergtakande Romedalen.

3 gode turvener ved turstart. Steinstøylen, og litt av Hallehornet opp til høgre
Romedalen altså, så vakker
Delmål 1,Hallehornet og første utfordring for høgdeskrekken.👍

Ikkje tid til lange kvilda for no skulle me vidare til ein stad me lenge har snakka om…..ja faktisk i årevis : Molladalen . Har lese om denne ruta mange gongar, og snakka med fleire som har gått der. Alt tyda på at dette sku eg klare sjølv med dei utfordringane eg har. Lang historie kort ; me gjekk på god sti, i utfordrande ur, på ein god del snø og i delvis sleipt terreng eit par timar……og stien måtte me leite litt etter somme plassar pga snøen. Litt strevsam etappe for føter og kne,og balansen fekk utfordra seg. God stimerking.

Så, etter siste kneika i ura, sto med der brått og såg utover eit landskap som tok pusten frå oss. (den vesle pusten me hadde igjen då 😉) MOLLADALEN ! Akkurat der bestemte moder jord seg for å vise seg fram på sitt beste. Sola og vinden jaga skodda ,og den majestetiske og litt skumle fjellrekka framstod omkransa av lette skyer som dansa der oppe. Alt var som bestilt for ei førstereis hit…….og pulsen hoppa over eit slag eller to. Slikt eit ubeskriveleg vakkert ,og samstundes ugjestmildt landskap på same tid……det må berre opplevast. Så vakkert at eg mest gløymde fotografere, men eit par bilete vart det vel.

Vakkert og skummelt

Nedstigninga til sjølve dalen var igjen litt sleip og strevsam, i og med der enno ligg ein god del snø…..men me kom oss no ned med berre ei lita rift i ei hand (eg sjølvsagt). Fann oss ein fin rasteplass ved eit vatn som ikkje var islagt, der åt me nista vår og skåla i cider. Sat lenge berre og tok inn alt rundt oss, og så måtte no sjølvsagt eg få med meg ein dukkert i det nydelege brevatnet. Skifte av sveitte kle, lufting av føter……..og så byrja nedturen mot Barstadvik.

Vassføringa i elvane er stor no, og ved kryssing av ei elvegrein vart eg noko overmodig. Til vanleg, pga både synet og foten, tek eg av meg sko og sokkar og vassar over om eg er usikker. Denne gongen sku eg vere tøff og hoppe frå stein til stein. Vipps fekk eg mitt andre bad på turen, berre 10 minutt etter min frivillege dukkert 🙈 Ein litt oppskrapa og forslått ankel, våt sekk og eit hovmod for fall …..samt gjennomblaut turbukse. Ellers bra, men gla der ikkje var andre i området 😂 Telefonen klarte seg i alle fall! Blir nok til at eg held meg til vassemetoden framover.

Rett under det berykta bladet (me såg folk der oppe ) var reine campinplassen ,og eit yrande folkeliv. Familiar,fjellklatrarar,dagsturfolk og hundar . Me talde raskt 15 telt, var sikkert fleire og ein jamn straum av folk heile tida på veg opp/nedover. Alle helsa ,nokre slo av ein prat…….og alle tok omsyn til at stien tidvis er smal. Så kjekt å sjå kor alle kosa seg, endeleg fekk fjellteltfolket nokre opphaldsdagar !

Er noko med fjellfolk, me helsar og pratar med menneske me aldri har sett før og som me nok ikkje hadde snakka med ellers. Utvekslar turtips og erfaringar, ynskjer god tur vidare.Det er så kjekt, eg har hatt mange gode pratar med folk eg møter i fjellheimen……så også på denne turen.

Kvar var eg…..jau,nedstigninga ja. Må vedgå det var noko eg kvidde meg på. For det første var ankel, legg og kne i kranglefot noko sliten, for det andre visste eg (trudde eg men er glad ikkje kunnskapen var detaljert ) kva som venta litt lenge ned i dalen. Prøvde nyte natur og utsikt, men kjende pulsen auka for kvar meter nedover. Så stod me framfor den frykta delen av turen ; 10 meter på bratt bergvegg med elva rett under langt der nede . Om det er 10 eller 30 meter ned har eg ingen peiling på, eg valde å halde blikket rett fram og dit eg måtte trakke…..men såpass såg eg, at eit fall ned der hadde gjort ende på kven som helst. Der er ingen sti, berre ein bratt vegg med små «hyller» du må vurdere deg fram til sjølv. Første meteren er også utan kjetting til å halde seg i. Johanne og Jimmi gjekk først, eg etter. Allereie etter 3 steg tok redsla meg skikkeleg og pusten gjekk i lettare hyperventilering.Stod so bom fast til eg høyrde einkvan rett bak meg : «skal eg hjelpe deg litt kanskje, vil du halde i handa mi ?» Der og då ville eg berre gråte av lettelse, og turde ikkje snu meg for å sjå kven redningsmannen var. Med roleg stemme gleida han meg til kjettingen, forsikra seg om at eg hadde tak og fekk roa meg med forklaring på korleis eg best skulle kome meg vidare, så hjelpte han Johanne med Jimmi slik ho fekk handa fri (ho har utfordring med grepet i eine handa, så korleis ho klarte det der vil eg aldri forstå) Med godt tak om kjettingen og med lett meditasjon for å finne min mentale balanse gjekk det faktisk fint . Livredd var eg framleis, men pusteteknikk og oppmuntring frå Johanne og vår ukjende hjelpesmann fekk meg framover steg for steg. Klarte til og med hugse det Rowley har lært meg, om teknikk for betre grep både med hender og føter. Vel over, med føtene på trygg grunn, kom der litt blankt i augekroken……men mest av alt ei boblande glede over at eg, med så sterk høgdeskrekk ,hadde forsert det eg har kvidd meg til så lenge. Glad, og ikkje så reint lite stolt av meg sjølv. Arnhild vs høgdeskrekk : 1-0 !

For eit drama tenkjer du ……ja det gjer vel kanskje eg sjølv også i etterkant. Medan me stod der og fekk pusten ned i normal frekvens kom der alt frå eldre spreke damer til yngre born trippande både opp og ned den biten. Likevel ; der er farleg, og bratt /langt ned og eg har som sagt svært reel og sterk høgdeskrekk (vert redd 3 m opp ein stige eg) så det der var ein enorm personleg seier. Skal eg opp der igjen ? Nei. Kjem eg til å klare liknande utfordringar i framtida ? Veit ikkje. Eitt veit eg : Den framande gentleman som så tolmodig geleida ei noko livredd fjellgeit og tok slik godt vare på oss gløymer eg aldri, og eg er så takksam ! Fjellfolk altså !

Resten av nedturen ned gjekk fint, men det er langt og på vanskeleg sti. Mykje regn har gjort den sleip og gjørmete, meir som små bekkar tidvis. Var usigeleg glade når me nådde parkeringsplassen der Rowley (også ein gentleman som både køyrde oss til Steinstøylen og henta oss i Barstadvik, men han er no alltid det han ; gentleman altså )venta på oss. Vel heime, etter ein lang dusj og litt plastring av skrubbsår, inntok eg sofa`n med diverse variantar av isposar ymse stader på beina…….og slurpa i meg velfortent cider og gnafsa i meg litt potetgull . Viktig med saltinntak og rett væskebalanse veit de .

🙈😂🙈

I dag, denne strålande dagen, skal eg berre pleie meg sjølv. Det gjer vondt i knea, vondt i ankel og legg….eg kjenner meg mørbanka. Likevel angrar eg ikkje, for eg har klart det eg ikkje trudde eg skulle klare og det saman med beste turvenene. Kan ikkje bli betre enn det vel ? Slik er det ofte. Eg veit, at etter lange turar kjem smertene. Eg vel likevel å utsetje meg sjølv for dette, for kjærleiken til fjellet og gleda av personlege seierar veg opp for det som kjem etterpå……..og så er eg stolt av at eg gjer slikt som kirurgane for 5 år sidan sa eg ikkje ville klare.Mange nye små og store utfordringar er planlagt, gler meg 😊Så om du synest eg er dumdristig, eller burde halde meg til rusleturar svarar eg «nei…….ikkje før eg absolutt må» Eg veit kor heldig eg er, og set pris på kvart steg eg kan ta så lenge eg klarer. Der kjem ei tid eg må gi meg, det veit eg, dog håpar eg det er lenge til . Så kan eg sjå tilbake på alt eg har gjort , alt eg har klart, og kose meg med minna om både galskap og flotte opplevingar. No skal eg freiste kome meg ut av senga, ordne «frukost» til meg og Rowley og så skal me berre nyte dagen i lag.

Lag deg ein glad dag, nyt best du kan

MrsD 2020

«Those who improve with age embrace the power of personal growth and personal achievement and begin to replace youth with wisdom, innocence with understanding,and lack of purpose with self-actualization » -Bo Bennet

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: