I dag vart planane snudd om, og eg utfordra fjellheimen åleine. Rowley på dugnad i Hornindal, så eg heiv meg med dit. På bilturen leita eg etter passsande turmål, men enda opp med å ta råd frå lokalkjende 😊Slik vart det at eg sette nasen mot Sandfjellet. Rowley skyssa meg til fine Hjortedalsætra, derifrå gjekk eg på grusveg eit godt stykke til starten av oppstiginga.

Møtte ei lokalkjend dame der som forklara ruta…. og fortalde om andre turar i området der 👍Ho skulle same turen men vart oppteken i telefon.
Føtene spela på lag frå starten i dag, så om der var litt bratt var stien god og eg fann meg eit roleg jamt tempo. God merking, fint terreng og sauene beita fredeleg.Eit par kyr valde eg å late som eg ikkje såg 😱🤣 Elvesus, fuglekvitter og solglimt, eg traska i veg og senka skuldrar😊.Rart å vandre åleine slik ein tur, det er lenge sidan. Har gløymt kor eg eigentleg trivest med berre naturen som selskap….. ein ser og lyttar betre då 😊

Første bratta oppover var eigentleg fort unnagjort. Måtte over snø nokre stader og krysse nokre små bekkar….. men nydeleg turterreng. Siste del gjekk i ur, men også her godt å gå og fantastisk godt merka rute. Sjølv eg med synsutfordring såg godt kvar eg skulle gå 👌

Eit stykke bak meg kom dama eg snakka med ved starten av turen,og på toppen møtte eg eit ungt par som var på tur nedover. Eg spurde om paret hadde gått heile runda, for eg lurte på det sjølv (altså retur via Tussen) men dei sa at det var 3 gongar så langt og noko utfordrande så det skulle dei absolutt ikkje. Neivel, så fekk eg ete nista mi og gå same vegen attende då avgjorde eg.


No hadde dama bak meg kome fram også, me kom i prat igjen, og vart sitjande i ly bak ein varde å ete nista vår. Kjekk stund. Ho hadde tenkt seg om Tussen sa ho. Var kjend i området og sa det var fin rute. Om eg ville følgje med? Sjølvsagt ville eg når eg brått hadde personleg fjellførar, nye utfordringar er topp det 😊
Så eg hengde meg på, først over ein snøbre….. så på fin sti eit stykke. Upåklageleg utsikt på alle kantar, og ein stor rypefamilie trippa rett forbi oss. Fjellet altså 🤩Etter kvart vart det meir og meir «brevandring», til og med bratt nedover ein del stader. «betre det, så sparar me tid» sa dama….. og eg gjorde meg tøffare enn eg var og sa meg heilt einig 🙈😂Her må seiast at sjølv eg såg det var trygt, men de kjenner meg ; må dramatisere litt😉Hadde derimot aldri gjort dette åleine 😱
Etter første, litt bratte nedstiging måtte me gå på snøbre langs eit vatn. Her vedgår eg skepsisen min, ein veit no ikkje kva som er under snøen 🙈Såg der var mange fotspor frå før, men…… 😱 Også dette gjekk fint, med unntak av at ho framom meg ved eitt høve trakka gjennom til livet. Det støkk i meg, men ho berre lo og forklara kvifor det skjedde akkurat der. Eg hadde ikkje anna val enn å stole på henne (sjølv om framsida på leggen hennar var bra forslått) og ho geleida oss elegant og trygt over det kvite skumle området.



Resten av turen gjekk i nydeleg terreng nedover Hjortedalen, med latter og munter prat. Kom ikkje over elva pga høg vassføring så då måtte me rundt eit lite vakkert vatn. Derifrå fekk eg skyss ned til setra igjen, der Rowley henta meg.
Tenk då, for flaks! Eg som hadde planlagt fram og tilbake same veg og så fekk eg vere med på ein utruleg flott, litt krevande og ørlite skummel (på slutten) tur. Eg seier det igjen ; fjellfolk er ei herleg rase 👍👌
Vart ikkje mange bilete i dag, men mykje prat. Eg hugsar ikkje kva dama heiter, og veit ikkje om vegane våra kryssar igjen, men enn om? Kanskje var dette berre eit slikt møte ein gøymer som eit herleg minne? Kven veit 😊

Etter ei slik vandring var det fantastisk å kjøle seg av litt i vakre Ørstafjorden i småregnet , og no kvilar føtene i grønsåpebad. Snart litt mat, så ein limoncello før ein skal på lading til ny tur i morgon 🌻

MrsD 2020