Om optimisme og konsekvens đŸ˜

I over 3 veker har eg vore meir og mindre immobil.Det har vore litt opp og ned, men heimen har vore min tilhaldsstad…… «my castle and my dungeon 😁» Ei og anna utflukt nĂ„r mannen har tid Ă„ kĂžyre pĂ„ meg blir det no, men han jobbar og eg gĂ„r i spinn heime og masar Ăžyrene av han sĂ„ snart middagen er komen i skrotten 🙈😂 Herleg dei dagane eg sjĂžlv klarer kĂžyre, herleg dei gongane eg fĂ„r hydroterapi i sjĂžen.

Siste dagane har eg varsomt auka intensiteten pĂ„ rusleturane, vore rundt Dalsvatnet og pĂ„ Ytre FlĂž……samt testa nyevegen opp til Hasundhornet (flott veg 👌)

BjĂžrdalsvatnet/Dalsvatnet.( Eg fĂ„r hĂžyre det frĂ„ einkvan same kva eg kallar det 😉🙈)

I dag kjende eg meg klar til Ă„ freiste meg Ăžrlite opp i hĂžgda i litt uleint terreng….. og mĂ„let var HĂžgĂ„sen pĂ„ Dimna sidan der var tett skodde sist eg var der. Med stavar og friskt mot starta turen ved Kleven, og det gjekk i grei fart og utan smerter oppover. Optimismen tok tak og eg kjende heile meg bobla av glede.

Dette er ikkje lange turen, men ein god peikepinn pĂ„ korleis kneet ville reagere….. og eg mĂ„ seie eg ville grĂ„te og le der eg stod pĂ„ toppen 😊Rett nok har forma raskt forverra seg pĂ„ 3 veker og eg pesa meg oppover, men svĂŠrt lite smerter i kneet. Byrja allereie planleggje neste tur.

Der er sÄ nydeleg ut i havgapet, sÄ blÄtt og sÄ grÞnt. RÞsslyngen er ogsÄ full av farge og der ute er mykje av den. SÄ ubeskriveleg godt Ä vere litt opp i hÞgda der i favorittomrÄdet.

Havlandskapet altsĂ„ ❀
Endeleg pĂ„ tur med desse to igjen đŸ•đŸƒâ€â™€ïžđŸƒâ€â™€ïž

SĂ„ tok nedturen til…… og det vart raskt nedtur ogsĂ„ billedleg. Berre etter fĂ„ steg lĂ„ste kneet seg igjen, med sterke smerter. Utan stavar hadde eg ikkje kome meg sĂŠrleg langt utan Ă„ ramle.

Kan ikkje beskrive den kjensla, frÄ sÄ stor glede til slik nedtur pÄ under eit minutt. Takksam for at eg ikkje var Äleine men hadde fÞlgje som hjalp meg fÄ fokuset over pÄ anna. Er ogsÄ takksam for at fÞlgjet fekk meg ut pÄ Roppesanden sÄ eg fekk bada av meg mykje frustrasjon.

So no sit eg her og er rett og slett lei meg. Eg veit det ikkje er hjelp i, og at det blir betre ein gong, men er likevel lei. Gler meg til Ă„ fĂ„ avklaring pĂ„ kva som feilar dette pokkers kneet, som ikkje klarer bestemme seg for om det skal verke eller ikkje, og til Ă„ kunne byrje i jobb igjen. Er slett ikkje skapt til heimesitjing…… og sĂ„ er hausten favorittĂ„rstida mi i fjellheimen. Har ikkje tid til dette tullet, men i morgon er ein ny blank dag 😊👍Jammen var det god hjelp i Ă„ skrive av seg den lite kledelege sjĂžlvmedkjensla ogsĂ„ đŸ˜đŸ€Ł

RĂžsslyngen er sĂŠrs nydeleg her ute i det blĂ„nog grĂžne tykkjer eg 😊

«og om du itte greie det og alt er like trist. SĂ„ ska du hĂžre suset over furua som sist»

MrsD, august 2020

Her tek ofte bĂžlgjene frustrasjon og sorger med seg og druknar dei langt til havs ❀

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar Ă„ skrive, ta bilete, og fundere over smĂ„ og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk pÄ et ikon for Ä logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: