Om å kaste steinen og sparke nedover.

Lat det vere klart ; eg har nulltoleranse for uvetig køyring i alle variantar. I tillegg er eg under gjennomsnittet oppteken av kjendisar, det vere seg såkalla «idrettsheltar» og andre kjende personar. Særskilt idrettsinteressert er eg nok heller ikkje, vil helst vere i aktivitet sjølv. Rett nok gløser eg bortpå kassa under store arrangement, synest det er gøy når ein nordmann gjer det bra og elskar ein god rugbykamp…….. sistnemde mest fordi eg har god underhaldning i diverse tilrop og evt gledesbrøl frå Rowley 😁

Siste veka eller så er det likevel ei sak i media som har fanga merksemda mi og sikkert dei fleste av dykk ; Petter Nortug sitt store «fall utanfor skisporet». Pressekonferansen i dag var seigpining og eg sit igjen med nokre tankar.

I grå T-skjorte mot svart bakgrunn (tilsikta?) sat han der åleine, mannen så mange av Noregs befolkning har hylla som helt og så mange ser opp til. Han svara på eine spørsmålet etter det andre så godt han klarte reknar eg med. Journalistane gjentok seg sjølve og kvarandre gong på gong, nokre av spørsmåla var rett og slett tåpelege.

45 minutt vara dette, burde klart seg med 30 spør du meg. Gribbane fekk sitt, men var likevel ikkje nøgde skal ein døme etter kommentarane i etterkant. Her skal vi ha klarheit i alt før prosessen med avhøyr og etterforskning har fått starta skikkeleg. Journalistar ville til og med at Petter skulle fortelje kven han får narkotika frå. Seriøst?!?

Forsvarar eg Petter? Nei, definitivt ikkje. Har faktisk aldri hørt til fanskaren hans, og ofte tenkt han framstår flåsete og ufordrageleg det eg har sett og høyrt av han på skjermen. I 2014 var eg forbanna på han som eg vert på alle uvetige sjåførar….. og forbanna vart eg denne gongen. Eg skal ikkje gje meg ut på noko tolkning av Petter si haldning på pressekonferansen, veit ikkje om han er ærleg eller ikkje i sin anger. Har eigentleg vore bastant og tenkt at min empati får han ikkje……dette kan han takke seg sjølv for.

Noko endra seg litt i meg i dag. Ja, eg er framleis forbanna, han har no for andre gong (det me veit) framstått som uforsvarleg og eit elendig førebilete…….leika med sitt eige og andre sine liv. Dette er alvorleg og han vil få si straff sjølvsagt. Så slo ein tanke ned i meg då eg høyrde på han : der er eit menneske som ligg nede og vert offentleg sparka. Folket er noko delt, og han har mykje støtte…… men mange kastar steinar så glashusa eksploderar, og sparkar nedover med piggsko. Ikkje ein einaste journalist ynskte han lykke til, det var kaldt og til mi undring fekk eg litt klump i halsen.

Kva som har leda Petter til å bli avhengig av narkotika veit eg og dei fleste av oss ingenting om, men ein kan vel tenke seg at livet på toppen kan vere «einsamt midt i folkemengda» og fallet ned frå pallen brått og brutalt sjølv om rikdom og materielle goder er sikra? Kva som gjekk gjennom hovudet då han nok ein gong råkøyrde forstår eg slett ikkje og klarer ikkje godta.

Det eg derimot veit, er at Petter Nortug er eit menneske, som har feila stort. Han tek all skuld, han seier han treng hjelp og at han veit han har svikta på nytt. Han har tatt feil retning i ein utforbakke utan evne til å bremse. Dei som kanskje har freista seie frå har ikkje nådd fram.

Så skal Petter få særskild behandling og meir hjelp fordi han er «allemannseige» og har gleda så mange? Derom er nok delte meiningar. Burde ein stille høgare krav til han fordi han er den han er? Moglegvis.

Til sjuande og sist er vi alle feilbarlege, og dei fleste av oss treng tilgjeving og nye sjangsar fleire gongar i livet. Eg veit at eg gjer det. Difor har eg tenkt å freiste halde på det gjennom denne vonde tida Petter Nortug går gjennom. Eg skal ikkje kaste stein eller sparke…… og eg skal freiste vere eit medmenneske.Kjenner at eg unner han hjelp, omsorg og støtte…… ikkje fordi han er kjendis men fordi han er feilbarleg og eit menneske.

Lukke til Petter, må du kome deg sterkare ut på andre sida og lære av det du no skal gjennom. I staden for olivengrein får du ei solsikke av meg 🌻

MrsD, august 2020

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: