Gratulerer med dagen alle kvinner ! I dag må me rette ein stor takk til alle modige,sterke,kloke,varme og vakre kvinner som har gått føre oss og kjempa for dei rettane og moglegheiter me som kvinner har i dag. Heldigvis har ein god del menn stått side om side med desse kvinnene, det er eg også takksam for !
Her i vårt vakre land kan me kvinner både drøyme stort og gjennomføre draumane. Me kan utdanne oss til nett det me vil, gjere karriere og ha suksess både yrkesmessig og i forhold til idrett og investering samt mykje meir. Kort sagt alt av slikt som for ikkje lenge sidan var eit privilegie kun for menn. Rett nok er der ein lang veg enno før alt er likestilt, men i dag let eg det liggje !
Då eg var lita …..og seinare i tenåra, drøymde eg om 3 ting . Eg ville ha mange born, ein trygg familie og så ville eg arbeide med gamle menneske. Det siste kan eg nok kreditere besta mi, som var mildaste og snillaste menneske eg nokon gong kjem til å møte. Ho er årsaka til at eg klarte meg gjennom tøffe år, og ho er mitt aller største førebilete. Besta hadde inga formell utdanning. Ho var åleinemor, ugift sådann…….og på den tida var dette frykteleg skam sjølv om ho hadde forlovede som døydde i tuberkulose før dei rakk å gifte seg og før mamma vart fødd . Det var tøft, men ho fekk seg arbeid og sørga for at mi mor gjorde det bra på skule og fekk seg utdanning. Helgabesta som mange kalla henne var ei sterk kvinne, som drøymde små draumar. Ho tok vare på oss 3 borna medan mamma og pappa var i jobb, budde hos oss og var alltid tilstades for oss.Ho var mitt faste anker då mine foreldre skilde seg og etterdønningane vart sterke og vonde. Dette var alt besta ville i livet, sørgje for at hennar kjære var trygge.
Så var det mine ungdomsdraumar då…..dei var vel heller ikkje så voldsomme som sagt. Draumen om å bli sjukepleiar bytta eg ut med hjelpepleiarutdanning, fekk meg jobb i eldreomsorga og har ikkje angra eller sett meg tilbake. Mange born fekk eg også…..4 i antal og så etter kvart 2 bonussøner. I det heile har eg……etter nokre opp-og nedturar…..enda opp med det stille livet eg ville ha . Er inga karrierekvinne, ikkje er eg rik på gods og gull men rik på alt anna ! Dette valde eg sjølv.
For meg handlar det om akkurat dette ; at me kvinner har lov til å velgje det livet me sjølve drøymer om , ikkje det som blir forventa av oss. Om me drøymer om karriere og suksess på den måten er det flott, om me vil ha både karriere og familieliv er dette også mogleg. Likeeins, om draumen er å bli husmor eller t.d helsefagarbeidar er også det ein vidunderleg draum , like verdfull og viktig ! Eg ser meg av og til litt redd på kor mange forventningar der er til unge jenter i dagens samfunn, om å klare alt samstundes som dei skal stifte familie og sjå godt ut. Difor vil eg gjerne også setje litt fokus på at det er heilt i orden å roe litt ned dersom ein kjenner for det. Alle treng ikkje ta mastergrad og gjere suksess i forhold til karriere for å ha eit fullverdig liv.Alt ein vil får ein til, men det er heller inga skam å stoppe opp ei stund……..om ein vel det sjølv . Som kvinner skal me sjølve bestemme kva som er rett for oss, og ikkje late oss presse inn i roller me ikkje vil ha.
Sjølv er eg ikkje, og har vel aldri vore slik «skikkeleg kvinnesakskvinne» som ein kanskje assosierar det ordet med. Eg vil at me skal ha same rettar og høve som menn, likestilt løn og alt det andre som våre forgjengarar har kjempa for.Me må ikkje kvile i forhold til dette , men halde fram med å kjempe ! Samstundes vedgår eg at eg av og til rett og slett er litt «gamaldags» . Synest det er herleg når mannen min opnar bildøra for meg, at han tek vare på meg og skjemmer meg vekk. Eg er hjelpelaus i forhold til bil og diverse oppgåver i heimen som treng verktøy…… og sidan Rowley er så handy har eg ikkje brydd meg. Veit eg klarer det om eg vil, men synest det er heilt ok å lage sminkevideo medan mannen fiksar slike ting. Er vel lov det også ?
Til slutt. Som kvinne, på kvinnedagen, vil eg oppmode kvinner om å heie kvarandre fram. Glede oss med medsøstre som får til det dei jobbar for og snakke godt om kvarandre. Dersom me som kvinner ikkje kan gjere det synest eg nesten me trakkar litt på kvinnedagen? Berre ein liten tanke før eg fyk på seinvakt
Livet i dine hender. Grip det grådig eller hald det mjukt Livet framfor augene dine. Farg det i sterke fargar eller duse tonar Livet for dine føter. Ta det og spring,eller slentre sakte inn i kveldinga Livet er ditt. Bruk det .
MrsD 2021
Gratulerer med dagen, Arnhild ❤ og vel overstått kveldsvakt 🥰 Du skriver så mye som er lett gjenkjennelig for meg. Om drømmer og valg, og å komme ut «i andre enden» fornøyd og rik på opplevelser og erfaringer på godt og vondt 🥰 Det er selve Livet 💖 Så rike vi er på det som betyr noe ❤ ville ikke vært fattig på dette, om jeg hadde fått en million 👌 Ha en fin kvinnekveld 💖
LikerLiker