Kvart år når det nermar seg jul får eg litt blueskjensle….også i år. Synest kontrastane vert så ekstra store denne tida….og at presset stadig vert sterkare.Ein skal ha det reint og pynta,bake i lange baner og vere full av cristmas joy.Gåvepresset og dyr mat gjer skiljet mellom fattig og rik enno tydelegare….og no er det verre enn på lenge.Men mest av alt skal me vere så himla glade.
Eg er ikkje det heile tida…..faktisk er førjulstida full av gode….men også vonde minner.Dei kjem sterkt,av og til svakare….men dei kjem og dei lammar meg litt slik at eg alltid er «seint ute » med alt til jul.
Eg har små glimt av lukke frå barndomens jul….og sorg over at så mykje er blokka ut av minnet av årsaker eg ikkje skal kome inn på.Hugsar samstundes mykje av det som smertar….men også mykje av det har heldigvis gøymt seg.Ein terapeut sa til meg ein gong at når ting vert for mykje har me ofte ikkje evne til å ta fram berre gode minner….dei forsvinn også når det vonde blokkerast.Det er kanskje godt…..men av og til gjer det vondt denne tida når alle snakkar om tradiajonar frå dei var små og eg ikkje hugsar mine.For eg veit der var glimt av glede og lukke.
Eg har prøvd å lage gode tradisjonar med mine,men også her har eg nok kome litt til kort.Likevel veit eg at dei alltid har hatt fine førjulstider og julehøgtider….sjølv om me ikkje har hatt så mange «must do». Vår blanda familie er nære,og me legg vekt på familiekos.Det er eg takksam for.
Så sit eg her då,og er sikkert alt for brutalt ærleg …..men eg er altså litt blå midt i alt det raude.Klumpen i magen stig til halsen og eg er så redd for å ikkje få det til,for ikkje å finne gleda og energien til å skape det eg alltid gjer…..ein god stad å kome heim til jul uansett kvar me er.
Om få dagar byrjar våre å kome heim.Då livnar julekjensla mi til veit eg….og eg «jobbar» godt under press.Kanskje vert her pynta.Noko vert baka….. anna kjøpt.Uansett vert her » a home for christmas’…..både for våre eigne og om der skulle vere nokon som treng det.
Om du er litt som meg ; hugs at det er lov å sei at jula ikkje er di sterkaste tid…..det kan hjelpe å setje ord på det .I alle fall kjenner eg sjølv det var godt…..ser litt lysare på livet berre ved å dele.Så får det heller vere at eg moglegvis overdelar 🙂 Men det vert skummelt å trykke «del bloggen»
Ynskjer alle ei fin førjulstid.Set av tid til å skape nye med ein ven som treng deg ❤️
MrsD. Desember 2022
