Der er så mange slags mammaer

«Berre ei mor kan vere ei mor» las eg i dag.Måtte tygge litt på dette,og nokre små tankar dukka opp.

Er det verkjeleg slik,at ein ikkje kan ha morskjensle og elske som ei mamma om ein ikkje sjølv har born ?Eg trur ikkje det.

Rundt i verda er der mange kvinner som er barnlause og likevel er den trygge mammafiguren nokon treng.Eg snakkar ikkje om adoptivmødre,for dei er likestilt med biologiske mødre.

Dei eg vil sende ein ekstra tanke til i dag er alle dei kvinner som på eit eller anna vis går inn med heile hjartet og engasjerar seg …. ei tante,ein lærar,ei venninne……eller ei som reiser ut for å hjelpe.Kvinner som tek over der mammaer ikkje maktar meir. Kvinner som øser av sin kjærleik og si tid til andre sine born,og som gir desse borna ei trygg havn. Desse kvinnene har eg så enorm respekt for….og dei er mamma så god som nokon.Slike mødre har berga og gitt liv til så mange ,og dei involverar seg utan å vite om dei får følgje borna vidare.For ein styrke dei må ha i seg !!

Ja…det var berre dette eg ville sei,tankar på ein dag som får fram både mykje glede…og lengt.

God morsdag,uansett på kva måte du er ei mamma🌻🌻No vert det kanelknutar i heimen 😁

MrsD ,febr 2023

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

2 kommentarer om “Der er så mange slags mammaer

Legg igjen en kommentar