«10 liter vatn»,
ein gong var det nok ,
til å dekkje ein sprellande
litten pjokk.
Lano for liten, småpludring og kos.
Stille vatn
Ein balje på eit bord.
Ørsmå føter og hender sprellar,
der skvulpar varsomt
og duftar godt
«litervis seinare»,
tenk,to heile år
Baljen den same ,
flytta inn på badegolv.
Pjokken er blitt større no,
kan bade ,»gjere sjølv»
Høglydt barnelatter
leik i «djupe hav»,
badeender ,båt og bil,
ikkje store krav.
Snart har bestapjokken
blitt for stor for baljen sin,
men framleis kan den nyttast
til leik for barnesinn.
Håpet er at etter kvart
som tida rullar fram
den atter står på kjøkenbord
med «berre 10 liter vatn»
Mrs D, januar 2019
Ååå, så vakkert, Arnhild ❤️ Vår lille diamant på 16 mndr er hos oss 2 dager nå, og kan ennå sprelle i baljen 💙 Om 3 uker blir han storebror 💙 Nå er far og jobber i Sør-Afrika, og kommer hjem 5 dager før termin 😲 Mor må få hvile litt innimellom og da koser vi med han hos oss 💙 Vi er heldige 💙 Klem fra meg ❤️
LikerLiker
Det er så godt å få lov til å vere så involvert i livet til denne solstrålen….og me håpar også på fleire som kan bade i 10 liter vatn 🙂🙂❤️Spanande for han som blir storebror då…og for dokke 🌻🌻
LikerLiker
Ja, det blir disse to hos oss, de to eldste barna våre har valgt å leve alene….. ennå, og trives med det 🥰 Den yngste og kona vil ha disse to 💙💙
LikerLiker
Ikkje alle våre vil ha born , noko som dei sjølvsagt må velgje sjølve.Me er glad for han me har og så kjem fleire om dei kjem 🌻❤️
LikerLiker
Så enig med deg ❤️ Har alltid sagt at vi fikk våre tre barn og er glad for de, men de må selv velge sine liv og hvordan de vil ha det. Vi elsker dem alle like mye, uansett ❤️💙💙
LikerLiker