Eg kjenner så mange tankar, ved senga der den gamle kvinna ligg.
Den slitne krokete handa kviler roleg i mi eiga .Handa som har tørka så mang ei tåre,skjenka så mang ein kaffikopp og fletta så vakre fletter i datter sitt hår .
Kveldssola kikar inn gjennom glipet i gardina,skapar skuggar og lys i andletet til kvinna som gjer seg klar til si siste reise.
No livnar det i lundar syng eg ….handa klemmer svakt om mi.
Songen me to delar fyller hjartet mitt med takksemd og glede.
Eit lite smil,eit glimt av noko som ein gong var.
Reisa var lang……men me veit begge,at no er den snart over for ei av oss.Der er berre ro,inga frykt.
Den gamle kvinna pustar ikkje lenger….andletet er glatt og ho har smil om munnen.
Den vesle stunda me delte.vil eg ta vare på i hjartet mitt .
MrsD 2023

Så nydelig skrevet, Arnhild 🙏❤️ Ingenting er mer givende enn å få følge noen det helt siste stykke på livsveien ❤️ Og så nydelig når det blir slik du beskriver det 🙏❤️ Det gjør oss selv rikere på veien videre 💖
LikerLiker