Ei lita hand, fem små fingrar trykkjer seg desperat mot ruta inne i den tettpakka bussen. Stille renn tårene frå redde små auger. «kom pappa , bli med oss kvar skal du?» Ei sterk hand, fem store fingrar trykkjer seg desperat mot utsida av same ruta. Augene som ser inn i dei små redde erFortsett å lese «Fem små fingrar»
Forfatterarkiver:arnhildmrsd
Måneprat
Måne langt der oppe, sei meg blir det slik eg lengtar til ? Måne utfor glaset mitt, gjev meg svaret er du snill? Sterk vind utfor vindauget og greiner slår mot veggen, nett som tenkane i kveld der storm og stille kjempar. Kjære måne ,om du er der ute bakom mørke skyer, er du snillFortsett å lese «Måneprat»
Tankar på Kvinnedagen
Gratulerer med dagen alle kvinner ! I dag må me rette ein stor takk til alle modige,sterke,kloke,varme og vakre kvinner som har gått føre oss og kjempa for dei rettane og moglegheiter me som kvinner har i dag. Heldigvis har ein god del menn stått side om side med desse kvinnene, det er eg ogsåFortsett å lese «Tankar på Kvinnedagen»
tidleg ein vindfull morgen
Ein er komne litt opp i åra. Nettene vert kortare og kortare, svevn stundom etterlengta mangelvare .Som i dag…..for både Mr og Mrs D. Slik har det seg at eg sit her kl 06.30 og let fingrane leike over tastaturet utan mål og meining ,utan eigentleg å ha eit tema for skribleria . Min betreFortsett å lese «tidleg ein vindfull morgen»
SOLSIKKA I VINDAUGET
Er det lov i desse dugnadstider å seie at ein lengtar ? Eg gjer i alle fall det. Når eg sit her og ser ut på det vakre vinterlandskapet vert auga mine dregne mot solsikka i vindaugskarmen. Solsikka eg kjøpte på Ikea for mange år sidan og som står framme heile året. Den er sjølvsagtFortsett å lese «SOLSIKKA I VINDAUGET»
Treng ikkje troll sminke? 😉
Seint i går fekk eg telefon frå skjult nummer.Vanlegvis overser eg slike,veit ikkje heilt kvifor eg tok den i går. I alle fall ; den 30 sekund lange «samtalen» slo meg ut i 2 minutt….så vart eg eitrande forbanna. For å forstå treng de litt bakgrunn : I nokre månader no har eg vore aktivFortsett å lese «Treng ikkje troll sminke? 😉»
Viktige minutt ❤️
10 minutt på sengekanten, 10 minutt ei hand i mi. «Fager kveldssol» auga kviler, snart er dagen «vår» forbi. Stille kjem dei, ord frå puta. Ord som gjer mitt hjarte glad : «Vit, når du går heim så sliten har du gjort _meg_ godt i dag» MrsD, stolt hjelpepleiar 2020
Du skal ikke tåle !
Barnebarnet vårt er snart 4 år, og vi planlegg korleis vi som storfamilie skal feire det på best mogleg måte i forhold til smittevern. Sjølv er han nok fornøgd same kva det blir, berre han har sine næraste rundt seg og får kake……. og pakkar sjølvsagt ! Han er lukkeleg, trygg,glad, mett og varm. IFortsett å lese «Du skal ikke tåle !»
Livet nett no 😊
God morgen 😊Hausten er definitivt komen, solsikkene vegrar seg for å blomstre, kveldane er koseleg mørke og stearinlysforbruket stig.Gler meg over dei vakre haustfargane og den klare kalde lufta. Elskar å leite fram varme mjuke genserar, kveldsturar i ruskever med mannen og varm kakao etterpå. Knitrande fyr i ovnen, krølle meg saman (so godt somFortsett å lese «Livet nett no 😊»
Om å kaste steinen og sparke nedover.
Lat det vere klart ; eg har nulltoleranse for uvetig køyring i alle variantar. I tillegg er eg under gjennomsnittet oppteken av kjendisar, det vere seg såkalla «idrettsheltar» og andre kjende personar. Særskilt idrettsinteressert er eg nok heller ikkje, vil helst vere i aktivitet sjølv. Rett nok gløser eg bortpå kassa under store arrangement, synestFortsett å lese «Om å kaste steinen og sparke nedover.»