Eg er ingen stor tilhengar eller brukar av banneord, og meiner me bør kunne nytte språket betre . Likevel kjem der nok diverre nokre sterke gloser frå meg også når eg etter eit naudsynt ærend til «the smallest room in the house» ( det er no ein angrar på at ein ikkje tok knipeøvingar etterFortsett å lese «Språkslakting eller språkutvikling ?»
Forfatterarkiver:arnhildmrsd
I lag på avstand
Så kom deg opp av sofaen, Få på deg gode sko. Legg nista opp i sekken, antibac ja, kanskje to. Så set du deg i bilen og møter meg ein stad. Me går i sol mot fjellheimen Ein dag heilt fritt for jag 🌻 Ooooo me me går på avstand Eg kjem eit stykke bak.Fortsett å lese «I lag på avstand»
STOLT
Vi les til auget vet stort og vått, om svenskar som ikkje tenkjer som oss. Om thailandske kongar i karantene, med konkubiner og tenarstab. Vi syg til oss alt av informasjon, om heimekontor og viltre born. Vi meinar og synsar, vert sjølverklerte ekspertar. sprit eller handvask, kva funkar best ? Smågodt vert stort, er detFortsett å lese «STOLT»
Den barnlege draumen
Tenk om draumen min var sann, og dette kvite som dalar stille ned hadde antistoff i seg. La seg som eit teppe over jordkloda og me var fri. Tenk om draumen min var sann, våren kom med fuglekvitter og sol og me hadde lært å sakne kvarandre. Lært å snakke samen, smile til kvarandre. TenkFortsett å lese «Den barnlege draumen»
Om å vere varsom, og å glede seg 😊
I dag våkna eg tidleg igjen, etter ei litt uroleg natt. Tankane surra, kattane hadde stovefest med høg vannskålføring og tok livet av nokre sokkar, og huset laga merkjelege lydar. Ei vanleg natt i nr.28 med andre ord, men eg merkar at mykje vert sterkare for tida. Har større problem med å sovne igjen nårFortsett å lese «Om å vere varsom, og å glede seg 😊»
Dikt i morgontimen
Ho opna datamaskina,let alle minna skyllje over seg. Bilete i tusental. Som eit fløyelsmjukt trøystande teppe la dei seg rundt henne, Klemde henne med lubne barnehender. Lik fargesterke sommarfuglar dansa dei rundt henne,små og store. Vengjene deira strauk henne varsomt over kinn. Dei kviskra glede i øyra hennar, lovnad om betre tider. Minna om altFortsett å lese «Dikt i morgontimen»
Vanleg har blitt sjuk
God morgen. Nok ein dag her i nr. 28,eg vakna tidleg som vanleg og har fått i meg frukost. No er det kaffi og litt skriving på programmet,før ein liten tur ut. Høyrer fuglane kvitre, ser det er grått og litt vind……men gler meg til mi daglege runde. Alt som vanleg med andre ord…..likevel ikkje.Fortsett å lese «Vanleg har blitt sjuk»
Karantenegleder
Nett no kan me ikkje leike i lag, men me kan ringe og prate , tøyse litt kvar dag. Me får sjå deg med hjelp av teknologiens magi, so vert karantena lettare å stå i. Du kan vise oss kasser med leiker i. Me får høyre deg le, sjå deg hoppe og danse. Du har lærtFortsett å lese «Karantenegleder»
Søndag
Søndag.Ute er det litt grått og vått. Eg har te i fargerik kopp, toast med bønner og ein ektemann som er i litt uggen form etter ryggoperasjon. (som gjekk bra btw men smerter er der no ja ) Halde oss heime er ikkje eit stort problem så lenge me har kvarandre og får ha kontaktFortsett å lese «Søndag»
Fargane mine
Så artig med desse minna som dukkar opp på facebook, og i dag var det eit bilete eg la ut for 2 år sidan som fekk tankane til å vandre. Er det ikkje fascinerande kva fargar kan gjere med oss menneske, korleis dei påverkar oss på ulike vis ? Sjølv er eg ei fargesterk kvinne,Fortsett å lese «Fargane mine»