Be yourself; Everyone else is already taken.
— Oscar Wilde.
This is the first post on my new blog. I’m just getting this new blog going, so stay tuned for more. Subscribe below to get notified when I post new updates.
Be yourself; Everyone else is already taken.
— Oscar Wilde.
This is the first post on my new blog. I’m just getting this new blog going, so stay tuned for more. Subscribe below to get notified when I post new updates.
Denne dagen….valentinsdsgen.Veit me eigentleg kva den har opphav i eller er alt blitt til eit endelaust jag etter den perfekte gåva, blomar og svulmande kjærleikserklæringar…… og bilete av før nemde gåver på SoMe ?Kjøpepress og forventningar om dei mest romantiske ord frå den eine ?
Alle desse kommersielt forankra dagane me skal stresse med og konkurrere i…..er det naudsynt ?Eg skjønar, at når ein er ung og nyforelska kan dagar som denne vere søtt og spesielt….synest berre det går litt langt.
Såg ei mor som hadde kjøpt gåver til alle sine 6 born i dag….og ikkje billege.Likevel var ho ikkje fornøgd og måtte ut for å skaffe sjokolade også.Kva signal sender dette ?
Las også ein stad at mange menn,i alle aldrar,kjenner på stort press både morsdag og valentins dag.Huff tenkjer eg då….er det ikkje nok at stakarane har sveittebrot og handleangst månader før både jul og bursdag 🙈🤣
Gåve eller merksemd er aller best gitt og fått spontant,meiner no eg her eg sit og ser på ein noko pjuskete tulipanbukett Rowley kom med på ein heilt vanleg onsdag.
Kvardagsgåver,kvardagsmerksemd.Ein kopp te når ein treng det eller ein biltut til havet.Å bli sett,lytta til og trøysta.Oppmuntring.
Klart det er kjekt med gåver og blomar i dag også,eg vil ikkje ta noko vekk frå dykk som elskar denne dagen ……men hugs der er flest kvardagar og kanskje då ein treng det mest ? Hugs også at alt det beste i livet er gratis ❤️
Eg vel å tru at St.Valentin hadde vore einig med meg 😘
MrsD ,febr 2023
«Berre ei mor kan vere ei mor» las eg i dag.Måtte tygge litt på dette,og nokre små tankar dukka opp.
Er det verkjeleg slik,at ein ikkje kan ha morskjensle og elske som ei mamma om ein ikkje sjølv har born ?Eg trur ikkje det.
Rundt i verda er der mange kvinner som er barnlause og likevel er den trygge mammafiguren nokon treng.Eg snakkar ikkje om adoptivmødre,for dei er likestilt med biologiske mødre.
Dei eg vil sende ein ekstra tanke til i dag er alle dei kvinner som på eit eller anna vis går inn med heile hjartet og engasjerar seg …. ei tante,ein lærar,ei venninne……eller ei som reiser ut for å hjelpe.Kvinner som tek over der mammaer ikkje maktar meir. Kvinner som øser av sin kjærleik og si tid til andre sine born,og som gir desse borna ei trygg havn. Desse kvinnene har eg så enorm respekt for….og dei er mamma så god som nokon.Slike mødre har berga og gitt liv til så mange ,og dei involverar seg utan å vite om dei får følgje borna vidare.For ein styrke dei må ha i seg !!
Ja…det var berre dette eg ville sei,tankar på ein dag som får fram både mykje glede…og lengt.
God morsdag,uansett på kva måte du er ei mamma🌻🌻No vert det kanelknutar i heimen 😁
MrsD ,febr 2023
Kvart år når det nermar seg jul får eg litt blueskjensle….også i år. Synest kontrastane vert så ekstra store denne tida….og at presset stadig vert sterkare.Ein skal ha det reint og pynta,bake i lange baner og vere full av cristmas joy.Gåvepresset og dyr mat gjer skiljet mellom fattig og rik enno tydelegare….og no er det verre enn på lenge.Men mest av alt skal me vere så himla glade.
Eg er ikkje det heile tida…..faktisk er førjulstida full av gode….men også vonde minner.Dei kjem sterkt,av og til svakare….men dei kjem og dei lammar meg litt slik at eg alltid er «seint ute » med alt til jul.
Eg har små glimt av lukke frå barndomens jul….og sorg over at så mykje er blokka ut av minnet av årsaker eg ikkje skal kome inn på.Hugsar samstundes mykje av det som smertar….men også mykje av det har heldigvis gøymt seg.Ein terapeut sa til meg ein gong at når ting vert for mykje har me ofte ikkje evne til å ta fram berre gode minner….dei forsvinn også når det vonde blokkerast.Det er kanskje godt…..men av og til gjer det vondt denne tida når alle snakkar om tradiajonar frå dei var små og eg ikkje hugsar mine.For eg veit der var glimt av glede og lukke.
Eg har prøvd å lage gode tradisjonar med mine,men også her har eg nok kome litt til kort.Likevel veit eg at dei alltid har hatt fine førjulstider og julehøgtider….sjølv om me ikkje har hatt så mange «must do». Vår blanda familie er nære,og me legg vekt på familiekos.Det er eg takksam for.
Så sit eg her då,og er sikkert alt for brutalt ærleg …..men eg er altså litt blå midt i alt det raude.Klumpen i magen stig til halsen og eg er så redd for å ikkje få det til,for ikkje å finne gleda og energien til å skape det eg alltid gjer…..ein god stad å kome heim til jul uansett kvar me er.
Om få dagar byrjar våre å kome heim.Då livnar julekjensla mi til veit eg….og eg «jobbar» godt under press.Kanskje vert her pynta.Noko vert baka….. anna kjøpt.Uansett vert her » a home for christmas’…..både for våre eigne og om der skulle vere nokon som treng det.
Om du er litt som meg ; hugs at det er lov å sei at jula ikkje er di sterkaste tid…..det kan hjelpe å setje ord på det .I alle fall kjenner eg sjølv det var godt…..ser litt lysare på livet berre ved å dele.Så får det heller vere at eg moglegvis overdelar 🙂 Men det vert skummelt å trykke «del bloggen»
Ynskjer alle ei fin førjulstid.Set av tid til å skape nye med ein ven som treng deg ❤️
MrsD. Desember 2022
Master of ninjitzu,vår eigen explorer og beste ven.I morgon tek du på deg din nye blå skulesekk….og med eit stort virvlande spinjitzu er du førsteklassing.
Me håper det vert spanande,kjekt og trygt.At du og alle dei andre blir sett og høyrt. Veit du vil møte mange utfordringar,det er ein del av livet…..og me håper du får hjelp til å takle dei på ein god måte.
Me håper du får lære mykje,og at du lærer at ein ikkje treng vere god i alt.At du får nye vener og held fram med å vere ein god ven.
Ta på deg umake sokkar i morgon også. Sluk dette nye kapittelet i livsboka di ,og hald fast på den du er.Snill ,morosam,hjelpsam og omsorgsfull.Elskar familien din,kattar,fuglar og høner.Lever deg 100 % inn i alt du gjer.Slår over på engelsk midt i ein samtale fordi du «har snakka norsk heile dagen «
Du er unik,hugs det og hald på det .Lukke til ninjaen vår 🥰
Frå besten og besta.
Ei lita hand, fem små fingrar trykkjer seg desperat mot ruta inne i den tettpakka bussen. Stille renn tårene frå redde små auger.
«kom pappa , bli med oss kvar skal du?»
Ei sterk hand, fem store fingrar trykkjer seg desperat mot utsida av same ruta. Augene som ser inn i dei små redde er milde og fulle av kjærleik.
Smilet han har tatt på seg roar barnet .
«Reis med mor guten min, pass på henne for meg til me sjåast igjen»
I det bussen sakte rullar framover snur ein pappa og ektemann seg og tårer renn frå dei sterke augene.
«_Om_ me nokon gong sjåast igjen kjære barnet mitt…… om me sjåast igjen.»
Soldaten rettar ryggen og går målbevisst mot det skremande ukjende for å kjempe for sitt land og sitt barns fridom.
I spora hans skal solsikker vekse.
MrsD 01.03.2022
Måne langt der oppe, sei meg blir det slik eg lengtar til ? Måne utfor glaset mitt, gjev meg svaret er du snill?
I mitt hovud kjempar storm og stille no i kveld.
Tankane er nett som vinden ; sterke ,så meir milde
Kjære måne ,om du er der ute bakom mørke skyer, er du snill og låne meg eit glimt av lys i draumeland.
I den draumen skal eg kvile i ei vakker blomeeng der varmen frå di søster sol gjev kropp og sjel litt ro.
Takk for praten kjære måne, du vart venen min i natt.
No kan eg gå til ro og smile, må berre late ut ein katt 😊
MrsD 2022
Gratulerer med dagen alle kvinner ! I dag må me rette ein stor takk til alle modige,sterke,kloke,varme og vakre kvinner som har gått føre oss og kjempa for dei rettane og moglegheiter me som kvinner har i dag. Heldigvis har ein god del menn stått side om side med desse kvinnene, det er eg også takksam for !
Her i vårt vakre land kan me kvinner både drøyme stort og gjennomføre draumane. Me kan utdanne oss til nett det me vil, gjere karriere og ha suksess både yrkesmessig og i forhold til idrett og investering samt mykje meir. Kort sagt alt av slikt som for ikkje lenge sidan var eit privilegie kun for menn. Rett nok er der ein lang veg enno før alt er likestilt, men i dag let eg det liggje !
Då eg var lita …..og seinare i tenåra, drøymde eg om 3 ting . Eg ville ha mange born, ein trygg familie og så ville eg arbeide med gamle menneske. Det siste kan eg nok kreditere besta mi, som var mildaste og snillaste menneske eg nokon gong kjem til å møte. Ho er årsaka til at eg klarte meg gjennom tøffe år, og ho er mitt aller største førebilete. Besta hadde inga formell utdanning. Ho var åleinemor, ugift sådann…….og på den tida var dette frykteleg skam sjølv om ho hadde forlovede som døydde i tuberkulose før dei rakk å gifte seg og før mamma vart fødd . Det var tøft, men ho fekk seg arbeid og sørga for at mi mor gjorde det bra på skule og fekk seg utdanning. Helgabesta som mange kalla henne var ei sterk kvinne, som drøymde små draumar. Ho tok vare på oss 3 borna medan mamma og pappa var i jobb, budde hos oss og var alltid tilstades for oss.Ho var mitt faste anker då mine foreldre skilde seg og etterdønningane vart sterke og vonde. Dette var alt besta ville i livet, sørgje for at hennar kjære var trygge.
Så var det mine ungdomsdraumar då…..dei var vel heller ikkje så voldsomme som sagt. Draumen om å bli sjukepleiar bytta eg ut med hjelpepleiarutdanning, fekk meg jobb i eldreomsorga og har ikkje angra eller sett meg tilbake. Mange born fekk eg også…..4 i antal og så etter kvart 2 bonussøner. I det heile har eg……etter nokre opp-og nedturar…..enda opp med det stille livet eg ville ha . Er inga karrierekvinne, ikkje er eg rik på gods og gull men rik på alt anna ! Dette valde eg sjølv.
For meg handlar det om akkurat dette ; at me kvinner har lov til å velgje det livet me sjølve drøymer om , ikkje det som blir forventa av oss. Om me drøymer om karriere og suksess på den måten er det flott, om me vil ha både karriere og familieliv er dette også mogleg. Likeeins, om draumen er å bli husmor eller t.d helsefagarbeidar er også det ein vidunderleg draum , like verdfull og viktig ! Eg ser meg av og til litt redd på kor mange forventningar der er til unge jenter i dagens samfunn, om å klare alt samstundes som dei skal stifte familie og sjå godt ut. Difor vil eg gjerne også setje litt fokus på at det er heilt i orden å roe litt ned dersom ein kjenner for det. Alle treng ikkje ta mastergrad og gjere suksess i forhold til karriere for å ha eit fullverdig liv.Alt ein vil får ein til, men det er heller inga skam å stoppe opp ei stund……..om ein vel det sjølv . Som kvinner skal me sjølve bestemme kva som er rett for oss, og ikkje late oss presse inn i roller me ikkje vil ha.
Sjølv er eg ikkje, og har vel aldri vore slik «skikkeleg kvinnesakskvinne» som ein kanskje assosierar det ordet med. Eg vil at me skal ha same rettar og høve som menn, likestilt løn og alt det andre som våre forgjengarar har kjempa for.Me må ikkje kvile i forhold til dette , men halde fram med å kjempe ! Samstundes vedgår eg at eg av og til rett og slett er litt «gamaldags» . Synest det er herleg når mannen min opnar bildøra for meg, at han tek vare på meg og skjemmer meg vekk. Eg er hjelpelaus i forhold til bil og diverse oppgåver i heimen som treng verktøy…… og sidan Rowley er så handy har eg ikkje brydd meg. Veit eg klarer det om eg vil, men synest det er heilt ok å lage sminkevideo medan mannen fiksar slike ting. Er vel lov det også ?
Til slutt. Som kvinne, på kvinnedagen, vil eg oppmode kvinner om å heie kvarandre fram. Glede oss med medsøstre som får til det dei jobbar for og snakke godt om kvarandre. Dersom me som kvinner ikkje kan gjere det synest eg nesten me trakkar litt på kvinnedagen? Berre ein liten tanke før eg fyk på seinvakt
Livet i dine hender. Grip det grådig eller hald det mjukt Livet framfor augene dine. Farg det i sterke fargar eller duse tonar Livet for dine føter. Ta det og spring,eller slentre sakte inn i kveldinga Livet er ditt. Bruk det .
MrsD 2021
Ein er komne litt opp i åra. Nettene vert kortare og kortare, svevn stundom etterlengta mangelvare .Som i dag…..for både Mr og Mrs D. Slik har det seg at eg sit her kl 06.30 og let fingrane leike over tastaturet utan mål og meining ,utan eigentleg å ha eit tema for skribleria . Min betre halvdel (han undrar kva halvdel som eigentleg er så bra her me begge sit med knirkande verkjande kroppar og trøyttefjes ) let sine kunstneriske evner gje seg utslag på andre måtar…. med blyant og papir der artige illustrasjonar sakte og sikkert tek form. På denne måten får me begge tankane over på andre ting enn at alderen kjem snikande bak nåva og at ein må ha litt medisinsk hjelp for å gå i gang dagen. Det er så nært,stille og trygt.Ein god kopp Yorkshire og eit stykke toast med smør. Ute plaskar regnet ned i mørkret som mjukt omfavnar huset, medan vinden røskar litt i trea enno. Kanskje briskar han seg enno meir ,slik eg får skikkeleg motstand på den vesle spaserturen til jobb i ettermiddag. Herleg !
Eg elskar desse morgontimane der eg får våkne i lag med verda ( der kremtast litt ueinig på andre sida av bordet når eg seier dette høgt ) Alt kjennest ei litta stund heilt normalt Dei mørke konturane av fjella over fjorden vert sakte tydlegare og eg ser bilar på veg mot Folkestad. Nokre skal moglegvis nå ferge for å kome på jobb/skule. Kanskje sit både slitne foreldre og morgongråtande born i nokre av bilane, eg hugsar tilbake til slike morgonar der det skar i hjartet når ein måtte få trøytte og smågretne born i gang når ein sjølv også mest hadde trong til å krype under dyna.
Så vart det lyst medan eg sit her. Kjøtmeisa inntek sit første måltid utfor vindauget og kvitrar «takk for maten» med muntert tonefall.Etter kvart kjem dompappen også, virkar litt morgengretten han. Coco og Dubbus sit i vindaugskarmen og murrar fordi der er glas mellom dei og ertande fjørkledde utanfor. Må vel snart skru på radio,få med seg litt nyhende. Vegrar litt, er så mykje elende utfor desse trygge veggane. Svolt,naud,liding,pandemi og restriksjonar. Ein tek det innover seg medan ein freistar leve normalt.
Heldige er me,som har kvarandre og «samkøyrde» hobbyar og kan kaste idear fram og tilbake. Eg kan ikkje teikne rett nok……men Rowley er heller ikkje supergod på å lage sminkevideo. Det siste er ein ny og spanande hobby for meg. Ikkje berre sminke, men hår- og hudpleie. Der kjem gubben litt til kort og skjegget litt i vegen, men han er super støtte og oppmuntring. Det er også samfunnet av kvinner i gruppa der eg deler mine innlegg og video.
Kjenner tida er inne for morgenrutina. Strekke ut kroppen litt, ei roleg økt zumba og så litt eigenpleie. Har blitt god på det også dette året ; rutiner i forhold til å ta vare på meg sjølv. Det anbefalast,uansett kva som gjer deg godt. Seinare er det seinvakt på meg, men om knea tillet det må eg rusle litt i regnet først.
Farg deg ein vakker dag, og hald deg trygg
MrsD februar 2021
Er det lov i desse dugnadstider å seie at ein lengtar ? Eg gjer i alle fall det. Når eg sit her og ser ut på det vakre vinterlandskapet vert auga mine dregne mot solsikka i vindaugskarmen. Solsikka eg kjøpte på Ikea for mange år sidan og som står framme heile året. Den er sjølvsagt ikkje ekte, men gjev meg ekte glede og varme minner. Desse minna er viktige ,dei held meg oppe og gjev håp om ein meir normalisert kvardag. Reiser, familiesamlingar,venetreff og så mykje tid med veslevenen vår me vil der me kan både klemme og ha han i armkroken når favorittprogrammet står på.
Leitar fram bilete ; frå romantiske turar til Toscana og frå varme dagar på Rjåneset der kaosfamilien tek opp heile området med grilling og leik. Eg lengtar…..eg gjer det ! Mest av alt etter å kunne vere med mine på den måten me vanlegvis er.
Solsikka smiler til meg. Minner om morgenturar åleine rundt bymurane i San Gimignano Toscana. Om sjarmerande og pent kledde italienske eldre herremenn som helsar meg “ciao bella” frå sine faste plassar på benkane rundt omkring i byen….. og samtalar med den frodige og fargerike Nonna som står på torget med grønsaker og frukt frå eiga avling ho nett har hausta. Store og saftige produkt med sterke fargar og smak. Innom 6 gongar verdsmeister i gelato der eg må stå i lang kø før eg får min pistasjegelato og kan vandre tilbake til hotellet for å vekkje Rowley.
Lengtar etter å pynte meg for å gå ut til frukost med min kjære , finne ein focacceria og nyte ferske bakevarer medan byen vaknar meir til liv. Rusle hand i hand rundt i ein middelalderby stappfull med inntrykk og vitnemål om at her har kunstnarar i lang lang tid fått inspirasjon. Stoppe opp bak den unge kunstnarjenta som sit ved staffeliet sitt og ser utover solsikkemarkene.
Kjenne på alle duftene rundt oss og le av dei ivrige høglydte bøndene på markedet. Drøymer om å finne plassen der me kan leite fram skriblebøkene våre, snuse inn inspirasjon og få våre eigne ord ned på papiret.
Kan ikkje vente til eg kan kle meg i enno finare kjole, legge kveldssminke og setje opp håret før min dashing highlander tek meg med ut på middag. Romantisk liten familierestaurant som eigentleg ikkje ser så flott ut men som har den aller beste og autentiske italiensk rustikke maten. Flørte litt med Nonno så vi får ein ekstra complimentary limoncello etter eit ubeskriveleg godt måltid. Rusle heimover men stoppe på piazza della cisterna der markedsbodene er bytta ut med gateartistar fulle av ulike talent. Der dansast, spelast på glas og der tegnast/malast. Ein fløytist får meg til å stogge,late att augene og la tårene strøyme. Det er så vakkert. Plassen sydar av folk,mest turistar. Snart forlet busslaster fulle av turistar byen og , berre fastbuande og me som har hotellrom vert igjen. Fløytisten tek pause…..det er kveld og berre lyden av svalene som også er ute etter dagens siste måltid bryt stilla. Så går også dei til ro….det er tid for å rusle tilbake til vårt sjarmerande hotellrom med orkesterplass til fløytisten som har teke fatt på siste akt.
Våknar brått. Snøplogen susar forbi i full fart og eg er tilbake i ei verd der reiser ikkje er loveleg og me må halde avstand . Ikkje samle oss verken på trange restaurantar eller i små romantiske smug. Me må halde ut…..me må det…….og det gjer me for at me igjen skal få oppleve slike dagar i det landet og den regionen me har tapt vårt hjarte til.
Det er lov, er det ikkje ? Å drøyme,lengte, vere litt triste ? Må kunne gå an å seie det ? Det er slett ikkje ein “big deal” , me har det heilt fantastisk i forhold til så frykteleg mange andre og eg personleg fyller dagane med både jobb, turar og nye hobbyar . Eg har tanke og hjarte for alle dei som er hardt råka, likevel må det vere lov å berre forsvinne litt ………………….. i mine “solsikkeminner” ?
Mest av alt lengtar eg som sagt til kvardagen slik den var, og skal gjere mitt i denne dugnaden for at så skal skje. Så får me alle omgje oss med gode minner og håp om betre og tryggare tider ?
STAY SAFE
MrsD januar 2021
Seint i går fekk eg telefon frå skjult nummer.Vanlegvis overser eg slike,veit ikkje heilt kvifor eg tok den i går. I alle fall ; den 30 sekund lange «samtalen» slo meg ut i 2 minutt….så vart eg eitrande forbanna. For å forstå treng de litt bakgrunn :
I nokre månader no har eg vore aktiv med i ei gruppe på facebook som heiter «seecrets by Synnøve Sorthe» I den gruppa deler ho raust av sin kunnskap, og sminketips for jenter i alle aldrar.Trur dei fleste medlemane er godt vaksne, med innslag av ei og anna ungmøy kanskje👍 Kvar dag legg Synnøve ut koselege sminkevideohelsingar, der ho viser oss forskjellig sminke ,hudpleie og stadig nye spanande produkt frå merka ho sel i nettbutikken sin. I tillegg oppmuntrar ho oss «lærlingar» til å gjere det same.
Eg lista meg stille inn i gruppa, før eg etter kort tid våga meg på eit bildeinnlegg med «før og etter sminke » Etter kvart har eg (og mange fleire) gått langt utanfor komfortsona…… og no folkens har eg og fleire laga våre første sminkevideoar.På absolutt alle innlegg eg har i gruppa får eg kun positiv respons, det gjer alle som vågar seg frampå. Me blottlegg alle dobbelthaker, posar under auger, hengeaugelok og andre utfordringar……og lærer av Synnøve korleis dempe og framheve. Det er så gøy ! Me har eigentleg blitt som ein stor gjeng der inne, som heiar på og lærer av kvarandre. Vi deler også andre sider av livet, små gleder og sorger. Eg har til og med fått fleire nydelege kommentarar og følgjarar på min eigen blogg frå medlemane «seecrets»enn eg har fått blant mine vener /bekjente på min eigen facebookprofil. Det handlar ikkje berre om sminke…..det handlar om kvinner som heiar på kvinner…….om positivitet og omtanke, og om å få vere seg sjølv. Så mange har sagt at dei har funne vener her inne, at dei torer seie ting dei ellers held stilt om. I denne gruppa er der nulltoleranse for negative kommentarar. Kvinner i alle aldrar og med alle slags utfordringar kjem som me er. Det handlar også om at mange har funne ein arena for samhold og samver me har sakna sidan verda gjekk i lås i mars. Eg har fått meldingar frå kvinner som kjenner seg mindre einsame etter dei kom med i gruppa, og for min eigen del fyller den eit tomrom som kom då ein viktig fritidsaktivitet måtte leggjast litt i dvale.
Rett nok får eg nokre kommentarar frå vener og kjende som ikkje deler denne interessa mi. Nokre synest eg er for gamal til dette og at det er litt tåpeleg.Det er heilt ok, dei om det. Derimot er det ikkje greitt når nokon utanfor gruppa får snusen i kva me driv med og ser det som si oppgåve å freiste trakke oss ned. Her kjem eg då tilbake til utgangspunktet og telefonsamtalen eg slett ikkje skulle tatt :
Kvinna i telefonen presenterte seg ikkje, men fortalde at ei venninne hadde vist henne noko av det eg har lagt ut på «Seecrets» Ho hadde ikkje mykje godt å seie, og dei 30 sekunda ho fekk snakke var rein kritikk mot min person. Eg er etter hennar meining ein dårleg representant for bedrifta til Synnøve, eg har dvask hud og skeive auger. Alt for tjukk er eg også……og stemma mi irriterande. Eg har også ein sjukeleg trang til merksemd sidan eg er så aktiv i den lukka gruppa. Då la eg berre på, etter å ha freista forklare at Synnøve faktisk må godkjenne alt me som medlemer sender før det blir lagt ut.
Må vedgå at dette sette meg ut eit par minutt, før eg vart eitrande forbanna. På mine vegne, på Synnøve sine vegne, på medlemane sine vegner……..ja på alle kvinner sine vegne. Kva er det med kvinner som må trakke på kvinner ? Er me ikkje i ei tid, særleg no, der me treng positivitet ? Kan ikkje ei kvinne over 40 (og så lenge me vil) med litt årringar og livssoge få lov til å pynte seg og leike med sminke ? Eg skreiv om hendinga i den lukka gruppa……og no fleire timar seinare tikkar der inn med meldingar som tek dette svært personleg sjølv om det hende meg. Folk fortel om erfaringar med mobbing og utestenging, om korleis livet deira har blitt kjekkare med denne gruppa. Fleire vil ha meg til å melde forholdet…… det kjem eg ikkje til å gjere . Kvifor ? Jau, fordi eg trur denne kvinna har det vondt, fordi me jentene i gruppa har det godt saman og fordi eg ikkje vil bruke meir tid på dette trollet. Ja,for dette er eit nettroll som gjekk eit steg vidare men stadig anonymt. Eg håpar ho har kjærleik i livet sitt……og kanskje treng ho ein grann sparkling og fargar ??
No har eg litt ferie. Eg skal trimme, bake, synge, skrive og kose meg i lag med mannen min. Eg skal også leike meg masse ved sminkebordet mitt……fordi det er så utruleg kjekt !
Ver snille med kvarandre !
MrsD 2020