tidleg ein vindfull morgen

Ein er komne litt opp i åra. Nettene vert kortare og kortare, svevn stundom etterlengta mangelvare .Som  i dag…..for både Mr og Mrs D. Slik har det seg at eg sit her kl 06.30 og let fingrane leike over tastaturet  utan mål og meining ,utan eigentleg å ha eit tema for skribleria . Min betre halvdel (han undrar kva halvdel som eigentleg er så bra her me begge sit med knirkande verkjande kroppar og trøyttefjes ) let sine kunstneriske evner gje seg utslag på andre måtar…. med blyant og papir der artige illustrasjonar sakte og sikkert tek form. På denne måten får me begge tankane over på andre ting enn at alderen kjem snikande bak nåva og at ein må ha litt medisinsk hjelp for å gå i gang dagen. Det er så nært,stille og trygt.Ein god kopp Yorkshire og eit stykke toast med smør.  Ute plaskar regnet ned i mørkret som mjukt omfavnar huset, medan vinden røskar litt i trea enno. Kanskje briskar han seg enno meir ,slik eg får skikkeleg motstand på den vesle spaserturen til jobb i ettermiddag. Herleg !

Eg elskar desse morgontimane der eg får våkne i lag med verda ( der kremtast litt ueinig på andre sida av bordet når eg seier dette høgt ) Alt kjennest  ei litta stund heilt normalt Dei mørke konturane av fjella over fjorden vert sakte tydlegare og eg ser bilar på veg mot Folkestad. Nokre  skal  moglegvis  nå ferge for å kome på jobb/skule. Kanskje sit både slitne foreldre og morgongråtande born i nokre av bilane, eg hugsar tilbake til  slike morgonar der det skar i hjartet når ein måtte få trøytte og smågretne born i gang når ein sjølv også mest hadde trong til å krype under dyna.

Så vart det lyst medan eg sit her. Kjøtmeisa inntek sit første måltid utfor vindauget og kvitrar «takk for maten» med muntert tonefall.Etter kvart kjem dompappen også, virkar litt morgengretten han. Coco og Dubbus sit i vindaugskarmen og murrar fordi der er glas mellom dei og ertande fjørkledde utanfor. Må vel snart skru på radio,få med seg litt nyhende. Vegrar litt, er så mykje elende utfor desse trygge veggane. Svolt,naud,liding,pandemi og restriksjonar. Ein tek det innover seg medan ein freistar leve normalt.

Heldige er me,som har kvarandre og «samkøyrde» hobbyar og kan kaste idear fram og tilbake. Eg kan ikkje teikne rett nok……men Rowley er heller ikkje supergod på å lage sminkevideo. Det siste er ein ny og spanande hobby for meg. Ikkje berre sminke, men hår-  og hudpleie. Der kjem gubben litt til kort og skjegget litt i vegen, men han er super støtte og oppmuntring. Det er også samfunnet av kvinner i gruppa der eg deler mine innlegg og video.

Kjenner tida er inne for morgenrutina. Strekke ut kroppen litt, ei roleg økt zumba og så litt eigenpleie. Har blitt god på det også dette året ; rutiner i forhold til å ta vare på meg sjølv. Det anbefalast,uansett kva som gjer deg godt. Seinare er det seinvakt på meg, men om knea tillet det må eg rusle litt i regnet først.

Farg deg ein vakker dag, og hald deg trygg

MrsD februar 2021

SOLSIKKA I VINDAUGET

Er det lov i desse dugnadstider å seie at ein lengtar ? Eg gjer i alle fall det. Når eg sit her og ser ut på det vakre vinterlandskapet vert auga mine dregne mot solsikka i vindaugskarmen. Solsikka eg kjøpte på Ikea for mange år sidan og som står framme heile året. Den er sjølvsagt ikkje ekte, men gjev meg ekte glede og varme minner. Desse minna er viktige ,dei held meg oppe og gjev håp om ein meir normalisert kvardag. Reiser, familiesamlingar,venetreff og så mykje tid med veslevenen vår me vil der me kan både klemme og ha han i armkroken når favorittprogrammet står på.

Leitar fram bilete ; frå romantiske turar til Toscana og frå varme dagar på Rjåneset der kaosfamilien tek opp heile området med grilling og leik. Eg lengtar…..eg gjer det ! Mest av alt etter å kunne vere med mine på den måten me vanlegvis er. 

Solsikka smiler til meg. Minner om morgenturar åleine rundt bymurane i San Gimignano Toscana. Om sjarmerande  og pent kledde italienske eldre herremenn som helsar meg “ciao bella”  frå sine faste plassar på benkane rundt omkring i byen….. og samtalar med den frodige og fargerike Nonna som står på torget med grønsaker og frukt frå eiga avling ho nett har hausta. Store og saftige produkt med sterke fargar og smak. Innom 6 gongar verdsmeister i gelato der eg må stå i lang kø før eg får min pistasjegelato og kan vandre tilbake til hotellet for å vekkje Rowley.

Verdsmeister i gelato….. i ein knøttliten by på ei høgde. Om ein er heldig og kome rett etter opning er det lite kø.
30 minutt etter opning for dagen……

Lengtar etter å pynte meg for å gå ut til frukost med min kjære , finne ein focacceria og nyte ferske bakevarer medan byen vaknar meir til liv. Rusle hand i hand rundt i ein middelalderby stappfull med inntrykk og vitnemål  om at her har kunstnarar i lang lang tid fått inspirasjon. Stoppe opp bak den unge kunstnarjenta som sit ved staffeliet sitt og ser utover solsikkemarkene. 

Kjenne på alle duftene rundt oss og le av dei ivrige høglydte  bøndene på markedet. Drøymer om å finne plassen der me kan leite fram skriblebøkene våre, snuse inn inspirasjon og få våre eigne ord ned på papiret.

Kan ikkje vente til eg kan kle meg i enno finare kjole, legge kveldssminke og setje opp håret før min dashing highlander tek meg med ut på middag. Romantisk liten familierestaurant som eigentleg ikkje ser så flott ut men som har den aller beste og autentiske italiensk rustikke maten. Flørte litt med  Nonno så vi får ein ekstra complimentary limoncello etter eit ubeskriveleg godt måltid. Rusle heimover men stoppe på piazza della cisterna der markedsbodene er bytta ut med gateartistar fulle av ulike talent. Der dansast, spelast på glas og der tegnast/malast. Ein fløytist får meg til å stogge,late att augene og la tårene strøyme. Det er så vakkert. Plassen sydar av folk,mest turistar. Snart forlet busslaster fulle av  turistar byen og , berre fastbuande og me som har hotellrom vert igjen. Fløytisten tek pause…..det er kveld og berre lyden av  svalene  som også er ute etter dagens siste måltid  bryt stilla. Så går også dei til ro….det er tid for å rusle tilbake til vårt sjarmerande hotellrom med orkesterplass til fløytisten som har teke fatt på siste akt.

Som gamal fløytist…
rører noko i meg 😊

Våknar brått. Snøplogen susar forbi i full fart og eg er  tilbake i ei verd der reiser ikkje er loveleg og me må halde avstand . Ikkje samle oss verken på trange restaurantar eller i små romantiske smug. Me må halde ut…..me må det…….og det gjer me for at me igjen skal få oppleve slike dagar i det landet og den regionen me har tapt vårt hjarte til.

Det er lov, er det ikkje ? Å drøyme,lengte, vere litt triste ? Må kunne gå an å seie det ? Det er slett ikkje ein “big deal” , me har det heilt fantastisk i forhold til så frykteleg mange andre og eg personleg fyller dagane med både jobb, turar og nye hobbyar . Eg har tanke og hjarte for alle dei som er hardt råka, likevel må det vere lov å berre forsvinne litt …………………..    i mine “solsikkeminner”  ? 

Mest av alt lengtar eg som sagt til kvardagen slik den var, og skal gjere mitt i denne dugnaden for at så skal skje. Så får me alle omgje oss med gode minner og håp om betre og tryggare tider ?

«Romeo oh Romeo»

STAY SAFE

MrsD januar 2021

Viktige minutt ❤️

10 minutt på sengekanten, 10 minutt ei hand i mi. «Fager kveldssol» auga kviler, snart er dagen «vår» forbi. Stille kjem dei, ord frå puta. Ord som gjer mitt hjarte glad : «Vit, når du går heim så sliten har du gjort _meg_ godt i dag»

MrsD, stolt hjelpepleiar 2020

Eg skriv. Ikkje så godt som Lord Byron, men biletet er frå «Byron’s cave» på vakre Elba i Toscana. Der har eg skrive mangt eit ord ❤️

Du skal ikke tåle !

Barnebarnet vårt er snart 4 år, og vi planlegg korleis vi som storfamilie skal feire det på best mogleg måte i forhold til smittevern. Sjølv er han nok fornøgd same kva det blir, berre han har sine næraste rundt seg og får kake……. og pakkar sjølvsagt ! Han er lukkeleg, trygg,glad, mett og varm. I tillegg kosar han seg i barnehagen der dei også kjem til å feire med sang og bursdagskrune. Livet er herleg for den vesle pjokken vår.

Slik er det som vi veit ikkje for millionar av born rundt i verda, og vi ser det dagleg på nyheiter kor jævlege forhold mange eksisterar under. Her i vårt land er det også svært mange born som har det frykteleg vondt. Born i fattigdom, med omsorgssvikt og mishandling. Mykje skjult , og mykje ein kan og bør gjere noko med.

Paralellt med dette foregår der no umenneskelege ting i flyktningleiren Moria. Ja, i mange leirar i mange land…..men eg vel å snakke om akkurat denne no, fordi den faktisk ikkje eksisterar lenger. Det gjer derimot menneska som hadde sin «heim» der. No har dei slett ingen stad, og verda kranglar om kven som skal hjelpe mest og kven som skal få hjelp av desse folka som i årevis har levd under ekstreme forhold.

Etter å ha lese kommentarfelt på sosiale media og nyheitsartiklar sit eg med sorg i hjartet. «kvifor skal Norge alltid vere først?» «send dei heim dit dei høyrer heime » «hent hit borna men lat foreldra bli igjen» » dei er sjølv skuldige fordi dei tende ilden som laga brannen » «vi må hjelpe våre eigne før vi hentar inn fleire trengande» ……og så vidare.

Då undrar eg meg : Er alle desse som kommenterar barnlause ? Og ; har ingen av dei evne til å tenkje seg inn i situasjonen folket i Moria har eksistert i ? Ja,for dei eksisterar berre….. eit verdig liv er det slett ikkje.Kva om det var ein av våre eigne som sat i slike uverdige forhold år etter år , eller eg sjølv sjølv ? Som dagleg måtte sjå borna fryse, svelte, bli sjuke ? Som konstant levde i redsle på grunn av agressivitet og vold som naturlegvis etter kvart utviklar seg i slike leirar ?

Eg skriv frå bestahjartet mitt, og mammahjartet. Naivt sikkert, der er mange aspekt eg meir eller mindre med vilje vel å ikkje setje meg inn i…….for dette orkar eg ikkje setje opp mot problema vi allereie har her i landet. Dette orkar eg ikkje sjå på i det heile, men eg må ! Eg må, fordi det skjer. Eg må ytre mi enkle meining, sjølv om den kun er basert må medmenneskeleg empati og kjærleik.

Desperasjon og maktesløyse kjem til uttrykk på så mange vis. I Moria seiest det, laga flyktningar sjølve brannen. At dei hindra brannmannskap og så vidare. Dette er sjølvsagt noko vi utanforståande må døme, for vi anar ikkje kva årevis liding og svolt /kulde gjer med eit menneske. Eg verken forsvarar eller analyserar, men realiteten er at Noreg kan hjelpe her og no, og vi kan gjere mykje betre enn å hente hit 50 ! Vi kan ikkje hente alle, men mange fleire !

Mitt håp er at dei alle får hjelp, både kvinner, born, eldre og unge. Born må ikkje skiljast frå foreldra. Dei treng ikkje mykje. Ein varm plass å bu,ei seng å sove i, nok mat og medisinsk tilsyn. Så får ein ta resten etter kvart ? Når dei er trygge ?

Så, kanskje om litt tid, får ein liten pjokk frå flyktningleiren Moria bursdagskrune og song i barnehagen medan foreldra planlegg fest heime ? Kanskje vert dei traumatiske minna frå tida i leiren svakare. Kanskje akkurat den pjokken veks opp og gjer ein forskjel i samfunnet vårt på grunn av det han var gjennom som barn ? Kanskje ?

Alle barn har rett til……….🥰

Eg skal kjøpe bursdagsgåve til Eric i dag. Han har fortalt meg kva han ynskjer seg, og at han skal ha sjokoladekake og muffins. Det får han……og han veit samstundes at mange born ikkje får det. At dei ikkje er så heldige. Han skal aldri få dårleg samvit fordi han har det godt……men lære seg empati for dei som har det vondt. Det eine utelukkar ikkje det andre.

Ha ein empatisk dag .

MrsD sept 2020

«Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

Jeg roper med siste pust av min stemme:
Du har ikke lov til å gå der og glemme!»

– Arnulf Øverland

Livet nett no 😊

God morgen 😊Hausten er definitivt komen, solsikkene vegrar seg for å blomstre, kveldane er koseleg mørke og stearinlysforbruket stig.Gler meg over dei vakre haustfargane og den klare kalde lufta. Elskar å leite fram varme mjuke genserar, kveldsturar i ruskever med mannen og varm kakao etterpå. Knitrande fyr i ovnen, krølle meg saman (so godt som denne stive kroppen klarer 🤣) i godstolen med god bok og senka skuldrar.

Blir mange turar hit i haust 😊


Paprikaplantane bugnar og fruktene raudnar der. Tomatane heng etter, eg har plukka ein del og lagt i lag med raude epler så får me sjå 🤔 Sitrontrea veks, alle urtene trivest. Har også planar for haustdyrking.Enno er der sommarfargar i hagen men det minkar.

Livet har tatt enno ei ny retning for oss. Ei i utgangspunktet lei retning som snudde seg til noko svært positivt.Kaos som tek energi ei periode før det landar……men det skal eg skrive om ein annan dag. «Team Mr and Mrs D» land on their hooves as usual…….munching carrots and trotting together ❤️

Veit der er mange bursdagar og andre dagar eg skulle gratulert med, vener eg burde tatt kontakt med og diverse verv eg gjerne ville lagt meir arbeid i……men slik er det i livet; ein må prioritere seg sjølv av og til og ikkje la dårleg samvit gnage når hovudet har nok med anna 😊🌻Ventar svar på MR, trur det kjem i dag og eg er sabla spent . Håpet er at der berre er nokre stupfulle cyster i høgre kneet også men eg fryktar verre 🙈Lengtar til «normal» kvardag med jobb og trening, eg kjenner kroppen stivnar og verkjer fordi eg ikkje får bevege meg nok. Eg var ein tur til gapahuken på Lid i går kveld, rusle- og tyte tur med kjær venninne. Passe tur for vondt kne, og godt for psyken. Ein nydeleg plass for ein gapahuk, og så flott bygg då 👍👍
I dag skal eg på kafé med kjekke tauser før legetime……. og så har eg tenkt at mannen min skal få god middag når han kjem heim 😉

«Sunflowers end up facing the sun, but they go through a lot of dirt to find their way there.» – J.R Rim

Ha ein fin dag då , ver tolmodig med deg sjølv ❤️

MrsD, sept 2020

Om å kaste steinen og sparke nedover.

Lat det vere klart ; eg har nulltoleranse for uvetig køyring i alle variantar. I tillegg er eg under gjennomsnittet oppteken av kjendisar, det vere seg såkalla «idrettsheltar» og andre kjende personar. Særskilt idrettsinteressert er eg nok heller ikkje, vil helst vere i aktivitet sjølv. Rett nok gløser eg bortpå kassa under store arrangement, synest det er gøy når ein nordmann gjer det bra og elskar ein god rugbykamp…….. sistnemde mest fordi eg har god underhaldning i diverse tilrop og evt gledesbrøl frå Rowley 😁

Siste veka eller så er det likevel ei sak i media som har fanga merksemda mi og sikkert dei fleste av dykk ; Petter Nortug sitt store «fall utanfor skisporet». Pressekonferansen i dag var seigpining og eg sit igjen med nokre tankar.

I grå T-skjorte mot svart bakgrunn (tilsikta?) sat han der åleine, mannen så mange av Noregs befolkning har hylla som helt og så mange ser opp til. Han svara på eine spørsmålet etter det andre så godt han klarte reknar eg med. Journalistane gjentok seg sjølve og kvarandre gong på gong, nokre av spørsmåla var rett og slett tåpelege.

45 minutt vara dette, burde klart seg med 30 spør du meg. Gribbane fekk sitt, men var likevel ikkje nøgde skal ein døme etter kommentarane i etterkant. Her skal vi ha klarheit i alt før prosessen med avhøyr og etterforskning har fått starta skikkeleg. Journalistar ville til og med at Petter skulle fortelje kven han får narkotika frå. Seriøst?!?

Forsvarar eg Petter? Nei, definitivt ikkje. Har faktisk aldri hørt til fanskaren hans, og ofte tenkt han framstår flåsete og ufordrageleg det eg har sett og høyrt av han på skjermen. I 2014 var eg forbanna på han som eg vert på alle uvetige sjåførar….. og forbanna vart eg denne gongen. Eg skal ikkje gje meg ut på noko tolkning av Petter si haldning på pressekonferansen, veit ikkje om han er ærleg eller ikkje i sin anger. Har eigentleg vore bastant og tenkt at min empati får han ikkje……dette kan han takke seg sjølv for.

Noko endra seg litt i meg i dag. Ja, eg er framleis forbanna, han har no for andre gong (det me veit) framstått som uforsvarleg og eit elendig førebilete…….leika med sitt eige og andre sine liv. Dette er alvorleg og han vil få si straff sjølvsagt. Så slo ein tanke ned i meg då eg høyrde på han : der er eit menneske som ligg nede og vert offentleg sparka. Folket er noko delt, og han har mykje støtte…… men mange kastar steinar så glashusa eksploderar, og sparkar nedover med piggsko. Ikkje ein einaste journalist ynskte han lykke til, det var kaldt og til mi undring fekk eg litt klump i halsen.

Kva som har leda Petter til å bli avhengig av narkotika veit eg og dei fleste av oss ingenting om, men ein kan vel tenke seg at livet på toppen kan vere «einsamt midt i folkemengda» og fallet ned frå pallen brått og brutalt sjølv om rikdom og materielle goder er sikra? Kva som gjekk gjennom hovudet då han nok ein gong råkøyrde forstår eg slett ikkje og klarer ikkje godta.

Det eg derimot veit, er at Petter Nortug er eit menneske, som har feila stort. Han tek all skuld, han seier han treng hjelp og at han veit han har svikta på nytt. Han har tatt feil retning i ein utforbakke utan evne til å bremse. Dei som kanskje har freista seie frå har ikkje nådd fram.

Så skal Petter få særskild behandling og meir hjelp fordi han er «allemannseige» og har gleda så mange? Derom er nok delte meiningar. Burde ein stille høgare krav til han fordi han er den han er? Moglegvis.

Til sjuande og sist er vi alle feilbarlege, og dei fleste av oss treng tilgjeving og nye sjangsar fleire gongar i livet. Eg veit at eg gjer det. Difor har eg tenkt å freiste halde på det gjennom denne vonde tida Petter Nortug går gjennom. Eg skal ikkje kaste stein eller sparke…… og eg skal freiste vere eit medmenneske.Kjenner at eg unner han hjelp, omsorg og støtte…… ikkje fordi han er kjendis men fordi han er feilbarleg og eit menneske.

Lukke til Petter, må du kome deg sterkare ut på andre sida og lære av det du no skal gjennom. I staden for olivengrein får du ei solsikke av meg 🌻

MrsD, august 2020

Om optimisme og konsekvens 😁

I over 3 veker har eg vore meir og mindre immobil.Det har vore litt opp og ned, men heimen har vore min tilhaldsstad…… «my castle and my dungeon 😁» Ei og anna utflukt når mannen har tid å køyre på meg blir det no, men han jobbar og eg går i spinn heime og masar øyrene av han så snart middagen er komen i skrotten 🙈😂 Herleg dei dagane eg sjølv klarer køyre, herleg dei gongane eg får hydroterapi i sjøen.

Siste dagane har eg varsomt auka intensiteten på rusleturane, vore rundt Dalsvatnet og på Ytre Flø……samt testa nyevegen opp til Hasundhornet (flott veg 👌)

Bjørdalsvatnet/Dalsvatnet.( Eg får høyre det frå einkvan same kva eg kallar det 😉🙈)

I dag kjende eg meg klar til å freiste meg ørlite opp i høgda i litt uleint terreng….. og målet var Høgåsen på Dimna sidan der var tett skodde sist eg var der. Med stavar og friskt mot starta turen ved Kleven, og det gjekk i grei fart og utan smerter oppover. Optimismen tok tak og eg kjende heile meg bobla av glede.

Dette er ikkje lange turen, men ein god peikepinn på korleis kneet ville reagere….. og eg må seie eg ville gråte og le der eg stod på toppen 😊Rett nok har forma raskt forverra seg på 3 veker og eg pesa meg oppover, men svært lite smerter i kneet. Byrja allereie planleggje neste tur.

Der er så nydeleg ut i havgapet, så blått og så grønt. Røsslyngen er også full av farge og der ute er mykje av den. Så ubeskriveleg godt å vere litt opp i høgda der i favorittområdet.

Havlandskapet altså ❤️
Endeleg på tur med desse to igjen 🐕🏃‍♀️🏃‍♀️

Så tok nedturen til…… og det vart raskt nedtur også billedleg. Berre etter få steg låste kneet seg igjen, med sterke smerter. Utan stavar hadde eg ikkje kome meg særleg langt utan å ramle.

Kan ikkje beskrive den kjensla, frå så stor glede til slik nedtur på under eit minutt. Takksam for at eg ikkje var åleine men hadde følgje som hjalp meg få fokuset over på anna. Er også takksam for at følgjet fekk meg ut på Roppesanden så eg fekk bada av meg mykje frustrasjon.

So no sit eg her og er rett og slett lei meg. Eg veit det ikkje er hjelp i, og at det blir betre ein gong, men er likevel lei. Gler meg til å få avklaring på kva som feilar dette pokkers kneet, som ikkje klarer bestemme seg for om det skal verke eller ikkje, og til å kunne byrje i jobb igjen. Er slett ikkje skapt til heimesitjing…… og så er hausten favorittårstida mi i fjellheimen. Har ikkje tid til dette tullet, men i morgon er ein ny blank dag 😊👍Jammen var det god hjelp i å skrive av seg den lite kledelege sjølvmedkjensla også 😁🤣

Røsslyngen er særs nydeleg her ute i det blånog grøne tykkjer eg 😊

«og om du itte greie det og alt er like trist. Så ska du høre suset over furua som sist»

MrsD, august 2020

Her tek ofte bølgjene frustrasjon og sorger med seg og druknar dei langt til havs ❤️

JUBILEUM 🌻(hurra for meg og mine supporterar 😁)

I dag har eg feira stort (i går om ein skal vere heilt korrekt sidan eg postar dette ei stund over Askepotts magiske tidspunkt……men det er no mindre viktig )

12.08.2015 .Ein nydeleg seinsommardag då som i dag, ein dag for vandring ute i det blendande vakre havlandskapet på Sandsøya . Eg skulle berre ein liten snartur før køyring til Ørsta etter noko eg hadde gløymt, det enda med svært rask og kyndig skyss med ambulansebåt. Historia kjenner mange : Stygt feiltrakk i fjøra, null mobildekning, kravling til punkt _med_ mobildekning, ventetid, avsviming, reddande englar og ein svært tvilsom ambulansetur med dører spent faste med Rowley sine lastestropper eg som noko morfinpåverka knisande pasient måtte halde fast i…….fordi ambulansepersonale måtte halde fast i båra som ikkje kunne låsast fast . Me har i ettertid spunne mange morosame scenarier rundt akkurat det, der dei fleste endar i at båra i stor fart rømer ut av ambulansen med meg oppi og «the medics» spurtande etter. Sandsøya fekk ny ambulanse ganske raskt etter dette kan eg fortelje.

Oldtidsmodell. Dei raudkledde meinte der var spor etter mus i bilen også 🙈😂
Fekk tittelen» vekas blidaste og mest lattermilde pasient» (også før morfin 😁)

Vel,lang historie kort sidan den er kjent for så mange : Tvilsam ambulansetur til ventande ambulansebåt på Voksa, morfinhappy båttur til Volda fergekai der eg vart gjenstand for mange nyskjerrige blikk frå ventande fergeturistar, ny tvilsam ambulansetur til sjukehuset ( noko var gale med denne bilen også ) og så vakna eg opp med ymse skruar i ankel der brota var mange…..og brot lenger opp på leggen. Artig dag !

Har fjerna nokre av desse, står nokre igjen 😁
LOKALSJUKEHUS ❤️Det må me aldri gje frå oss folkens!

Høyrest ikkje dette ut som noko ein vil feire seier du ? Vel, då tek du feil ! Eg feirar nemleg ikkje sjølve hendinga, men det den har leia meg fram til.

I dag feirar eg nemleg staheit,vilje, små og store seierar, 5 år med djupe dalar og høge toppar fysisk så vel som mentalt. Der har vore mange tilbakefall, nye operasjonar og nye skader. Likevel, eg har kome meg hit og eg skal enno lenger. Nett no har eg ein nedtur, men også den skal eg kjempe meg ut av. Sidan eg har artrose set det seg diverre litt meir der det er brot, men så langt har eg klart halde det i sjakk med beinhard trening. Nerveskadene vert eg ikkje god av og tidvis vert eg slått i bakken……men ikkje utslått.

Eg har hatt mykje god hjelp og oppmuntring av familie og vener, av ein fantastisk lege og nokre dyktige fysioterapeutar. Rowley har vore mi største støtte med ansvar for å «kick my butt gently», samt vere designited driver and support til utallege hydroterapitimar på Flø og Rjånes. Han har også trøysta når det buttar imot. Borna mine som heiar på meg og ikkje minst mine 2 uunnverlege turvener Johanne og Jimmi. Siste året har som sagt i fleire innlegg før min PT gitt meg ekstra boost til å strekkje meg til høgder eg ikkje visste eg kunne klare. Så i dag feirar eg også alle støttespelarane mine ; TUSEN TAKK !

Kafè fleire gongar med nokre av supportteamet mitt, herleg middag med mannen min……og som seg hør og bør ; Hydroterapi på Rjånes i kveldinga. Faktisk klarte eg symjetak både med armar og bein i dag……det var eit steg i rett retning enno ein gong. Eg gjorde kirurgane sine ord til skamme. Dei sa eg måtte vente meg ein litt anna livsstil, og eg gjorde som dei sa………men eg trur vel neppe dei meinte eg sku bli _meir_ aktiv enn eg nokon gong har vore ? Det må vel kallast eit jubileum verd ei god feiring 👌

Eg er takksam, og audmjuk…….for det kunne gått så mykje verre!

Hydroterapi på Rjånes har eg gjort mykje av, og no får eg jammen brukt det igjen 👌

You can not choose Your past away,but You can choose how You approach Your future with the past in Your luggage and how You deal with the present 🌻

MrsD 2020

Der er ingen nederlag, anna enn å ikkje halde fram med å prøve.

I dag kom endeleg dagen me har lengta etter; Urkeegga var målet. Kroppen kjendes fin, veret passe for fjellvandring og alt låg tilrette 👌

Mange bilar på ferga, me såg det kom til å bli folksamt i fjellet for der krydde av folk i meir og mindre fancy turutstyr. Sjølve heller me vel mot siste kategori, men gode sko har me og det er aller viktigast 🤣

Utfor Urke landhandel var eit yrande liv, og jammen møtte eg kjentfolk. Stoppa og fekk råd av kjentkvinne Janine og så kjende me oss rusta til nok ei flott oppleving.

Bomvegen framover er nydeleg vedlikehalden, me kom oss opp til parkering og starta vandringa. Ikkje lenge etter kjende eg murring i kneet, men det har eg ofte så eg tenkte ikkje mykje over det. Er så vakkert framover Langsæterdalen, der eg ofte gjekk som barn. Omkransa av majestetiske fjell, og med Slogen som tronar uoppnåeleg (for meg) langt der framme. Me valde ta oppover mot Klokksegga der stien delar seg i staden for å gå heilt til Jenteskaret, noko eg er glad for i etterkant. Kneet murra stadig meir men måtte henge med.

Gjekk greitt å kome seg opp, litt ur men ok sti. Så vende me nasen mot Egilbu. Også her god sti, men no kjende eg murrimga var i ferd med å bli til smerter. Til slutt måtte eg berre gi meg. Kneet var heilt stivt, klarte ikkje bøye det i det heile. Smertene tok overhand, eg sende turfølgjet vidare åleine og fann meg ein venteplass med upåklageleg utsikt. Var skikkeleg trist og lei, nesten litt gråt i halsen…… og så vart eg forbanna rett og slett. Dette ville eg ikkje finne meg i 🙈🤣 Fann fram Voltarolsalven, heiv innpå ein paracet og venta 10 minutt. Så ringde eg Johanne ;» Er det langt til Egilbu?» Ho svara at det ikkje var lange biten. «EG KJEM sa eg bestemt. ikkje pokker om smerter skal ta frå meg denne dagen»

Ikkje lenge etter dette biletet måtte eg gi meg. Ikkje meir enn ca 20 min frå målet 🙈

Paracet, voltarol, adrenalin og ein god porsjon staheit fekk meg til målet….. og kjære tid kor smertene forsvann når eg såg skuet på og frå toppen der ☺️Slik ei utsikt!Så kosa me oss der lenge, med god mat og drykk. Fotografering, avslapping…… ja total glede 👌

3 gode vener 🐕🏃‍♀️🏃‍♀️
Berre vakkert 👍
☺️☺️
Utsikt mot vakre Øye ❤️

Nedstignimga treng me ikkje snakke mykje om…… den vil eg helst gløyme 🙈 Tok minst 2 gongar så lang tid den vanlegvis ville tatt oss og var slett ikkje kjekk. Tolmodig turfølgje, eit fullstendig ubrukeleg og svært smertefullt og stivt kne. MEN, me var der og eg angrar ikkje ☺️ Neste gong skal me heile Urkeegga…… berre vent….. men i dag var det heilt rett å vere nøgde med å klare det me klarte 👍

No skal derimot min kropp få kvile nokre dagar, med besøk av born og borneborn som einaste aktivitet. Ingen store fysiske utfordringar på ei god stund 🌻

MrsD 2020

«Our greatest weakness lies giving up. The most certain way to succeed is always to try just one more time» – Thomas Edison

Takksam ❤️

Kjekke fjellfolk i Hornindal også 😊

I dag vart planane snudd om, og eg utfordra fjellheimen åleine. Rowley på dugnad i Hornindal, så eg heiv meg med dit. På bilturen leita eg etter passsande turmål, men enda opp med å ta råd frå lokalkjende 😊Slik vart det at eg sette nasen mot Sandfjellet. Rowley skyssa meg til fine Hjortedalsætra, derifrå gjekk eg på grusveg eit godt stykke til starten av oppstiginga.

Hjortedalsætra 👌

Møtte ei lokalkjend dame der som forklara ruta…. og fortalde om andre turar i området der 👍Ho skulle same turen men vart oppteken i telefon.

Føtene spela på lag frå starten i dag, så om der var litt bratt var stien god og eg fann meg eit roleg jamt tempo. God merking, fint terreng og sauene beita fredeleg.Eit par kyr valde eg å late som eg ikkje såg 😱🤣 Elvesus, fuglekvitter og solglimt, eg traska i veg og senka skuldrar😊.Rart å vandre åleine slik ein tur, det er lenge sidan. Har gløymt kor eg eigentleg trivest med berre naturen som selskap….. ein ser og lyttar betre då 😊

Fargane i fjellet då ❤️

Første bratta oppover var eigentleg fort unnagjort. Måtte over snø nokre stader og krysse nokre små bekkar….. men nydeleg turterreng. Siste del gjekk i ur, men også her godt å gå og fantastisk godt merka rute. Sjølv eg med synsutfordring såg godt kvar eg skulle gå 👌

Grei ur å gå i, også for mine føter.

Eit stykke bak meg kom dama eg snakka med ved starten av turen,og på toppen møtte eg eit ungt par som var på tur nedover. Eg spurde om paret hadde gått heile runda, for eg lurte på det sjølv (altså retur via Tussen) men dei sa at det var 3 gongar så langt og noko utfordrande så det skulle dei absolutt ikkje. Neivel, så fekk eg ete nista mi og gå same vegen attende då avgjorde eg.

Utsikt frå Sandfjellet

No hadde dama bak meg kome fram også, me kom i prat igjen, og vart sitjande i ly bak ein varde å ete nista vår. Kjekk stund. Ho hadde tenkt seg om Tussen sa ho. Var kjend i området og sa det var fin rute. Om eg ville følgje med? Sjølvsagt ville eg når eg brått hadde personleg fjellførar, nye utfordringar er topp det 😊

Så eg hengde meg på, først over ein snøbre….. så på fin sti eit stykke. Upåklageleg utsikt på alle kantar, og ein stor rypefamilie trippa rett forbi oss. Fjellet altså 🤩Etter kvart vart det meir og meir «brevandring», til og med bratt nedover ein del stader. «betre det, så sparar me tid» sa dama….. og eg gjorde meg tøffare enn eg var og sa meg heilt einig 🙈😂Her må seiast at sjølv eg såg det var trygt, men de kjenner meg ; må dramatisere litt😉Hadde derimot aldri gjort dette åleine 😱

Etter første, litt bratte nedstiging måtte me gå på snøbre langs eit vatn. Her vedgår eg skepsisen min, ein veit no ikkje kva som er under snøen 🙈Såg der var mange fotspor frå før, men…… 😱 Også dette gjekk fint, med unntak av at ho framom meg ved eitt høve trakka gjennom til livet. Det støkk i meg, men ho berre lo og forklara kvifor det skjedde akkurat der. Eg hadde ikkje anna val enn å stole på henne (sjølv om framsida på leggen hennar var bra forslått) og ho geleida oss elegant og trygt over det kvite skumle området.

Resten av turen gjekk i nydeleg terreng nedover Hjortedalen, med latter og munter prat. Kom ikkje over elva pga høg vassføring så då måtte me rundt eit lite vakkert vatn. Derifrå fekk eg skyss ned til setra igjen, der Rowley henta meg.

Tenk då, for flaks! Eg som hadde planlagt fram og tilbake same veg og så fekk eg vere med på ein utruleg flott, litt krevande og ørlite skummel (på slutten) tur. Eg seier det igjen ; fjellfolk er ei herleg rase 👍👌

Vart ikkje mange bilete i dag, men mykje prat. Eg hugsar ikkje kva dama heiter, og veit ikkje om vegane våra kryssar igjen, men enn om? Kanskje var dette berre eit slikt møte ein gøymer som eit herleg minne? Kven veit 😊

Flinke bein i dag….. og eg verken ramla eller anna krumspring. Ikkje så mykje som eit skrubbsår 👌

Etter ei slik vandring var det fantastisk å kjøle seg av litt i vakre Ørstafjorden i småregnet , og no kvilar føtene i grønsåpebad. Snart litt mat, så ein limoncello før ein skal på lading til ny tur i morgon 🌻

MrsD 2020