Om høgdeskrekk, om ein gentleman i fjellheimen…… og om personlege seierar 😊

Ikkje til å kome frå at det har vore lite sol siste tida, men nokre flotte turar i passe fjellver har det blitt 😊 Dessutan er det berre å kle seg etter forholda og nyte naturen som kan by på mykje vakkert også i grått og vått ver 👍Eit litt uheldig fall sette meg ørlite tilbake nokre dagar, men so har eg fått kosa meg i heim og hage med min kjære

Gleda var stor då me kunne ta ut på langtur i går….. og hjelpes for ein tur! Første delmål ; Hallehornet…..med start frå Steinstøylen dit me fekk skyss av Rowley . Frå Steinstøylen er det bratt opp ein halvtimes tid , men så er det igrunnen plankekøyring opp til Hallehornet. Største utfordringa der var å sjå minst mogleg høgdepåverka ut når turfølgjet knipsa bilete av meg litt for langt (for meg) ut på kanten. I skifte mellom sol og tåke pausa me der oppe litt, med utsikt over den bergtakande Romedalen.

3 gode turvener ved turstart. Steinstøylen, og litt av Hallehornet opp til høgre
Romedalen altså, så vakker
Delmål 1,Hallehornet og første utfordring for høgdeskrekken.👍

Ikkje tid til lange kvilda for no skulle me vidare til ein stad me lenge har snakka om…..ja faktisk i årevis : Molladalen . Har lese om denne ruta mange gongar, og snakka med fleire som har gått der. Alt tyda på at dette sku eg klare sjølv med dei utfordringane eg har. Lang historie kort ; me gjekk på god sti, i utfordrande ur, på ein god del snø og i delvis sleipt terreng eit par timar……og stien måtte me leite litt etter somme plassar pga snøen. Litt strevsam etappe for føter og kne,og balansen fekk utfordra seg. God stimerking.

Så, etter siste kneika i ura, sto med der brått og såg utover eit landskap som tok pusten frå oss. (den vesle pusten me hadde igjen då 😉) MOLLADALEN ! Akkurat der bestemte moder jord seg for å vise seg fram på sitt beste. Sola og vinden jaga skodda ,og den majestetiske og litt skumle fjellrekka framstod omkransa av lette skyer som dansa der oppe. Alt var som bestilt for ei førstereis hit…….og pulsen hoppa over eit slag eller to. Slikt eit ubeskriveleg vakkert ,og samstundes ugjestmildt landskap på same tid……det må berre opplevast. Så vakkert at eg mest gløymde fotografere, men eit par bilete vart det vel.

Vakkert og skummelt

Nedstigninga til sjølve dalen var igjen litt sleip og strevsam, i og med der enno ligg ein god del snø…..men me kom oss no ned med berre ei lita rift i ei hand (eg sjølvsagt). Fann oss ein fin rasteplass ved eit vatn som ikkje var islagt, der åt me nista vår og skåla i cider. Sat lenge berre og tok inn alt rundt oss, og så måtte no sjølvsagt eg få med meg ein dukkert i det nydelege brevatnet. Skifte av sveitte kle, lufting av føter……..og så byrja nedturen mot Barstadvik.

Vassføringa i elvane er stor no, og ved kryssing av ei elvegrein vart eg noko overmodig. Til vanleg, pga både synet og foten, tek eg av meg sko og sokkar og vassar over om eg er usikker. Denne gongen sku eg vere tøff og hoppe frå stein til stein. Vipps fekk eg mitt andre bad på turen, berre 10 minutt etter min frivillege dukkert 🙈 Ein litt oppskrapa og forslått ankel, våt sekk og eit hovmod for fall …..samt gjennomblaut turbukse. Ellers bra, men gla der ikkje var andre i området 😂 Telefonen klarte seg i alle fall! Blir nok til at eg held meg til vassemetoden framover.

Rett under det berykta bladet (me såg folk der oppe ) var reine campinplassen ,og eit yrande folkeliv. Familiar,fjellklatrarar,dagsturfolk og hundar . Me talde raskt 15 telt, var sikkert fleire og ein jamn straum av folk heile tida på veg opp/nedover. Alle helsa ,nokre slo av ein prat…….og alle tok omsyn til at stien tidvis er smal. Så kjekt å sjå kor alle kosa seg, endeleg fekk fjellteltfolket nokre opphaldsdagar !

Er noko med fjellfolk, me helsar og pratar med menneske me aldri har sett før og som me nok ikkje hadde snakka med ellers. Utvekslar turtips og erfaringar, ynskjer god tur vidare.Det er så kjekt, eg har hatt mange gode pratar med folk eg møter i fjellheimen……så også på denne turen.

Kvar var eg…..jau,nedstigninga ja. Må vedgå det var noko eg kvidde meg på. For det første var ankel, legg og kne i kranglefot noko sliten, for det andre visste eg (trudde eg men er glad ikkje kunnskapen var detaljert ) kva som venta litt lenge ned i dalen. Prøvde nyte natur og utsikt, men kjende pulsen auka for kvar meter nedover. Så stod me framfor den frykta delen av turen ; 10 meter på bratt bergvegg med elva rett under langt der nede . Om det er 10 eller 30 meter ned har eg ingen peiling på, eg valde å halde blikket rett fram og dit eg måtte trakke…..men såpass såg eg, at eit fall ned der hadde gjort ende på kven som helst. Der er ingen sti, berre ein bratt vegg med små «hyller» du må vurdere deg fram til sjølv. Første meteren er også utan kjetting til å halde seg i. Johanne og Jimmi gjekk først, eg etter. Allereie etter 3 steg tok redsla meg skikkeleg og pusten gjekk i lettare hyperventilering.Stod so bom fast til eg høyrde einkvan rett bak meg : «skal eg hjelpe deg litt kanskje, vil du halde i handa mi ?» Der og då ville eg berre gråte av lettelse, og turde ikkje snu meg for å sjå kven redningsmannen var. Med roleg stemme gleida han meg til kjettingen, forsikra seg om at eg hadde tak og fekk roa meg med forklaring på korleis eg best skulle kome meg vidare, så hjelpte han Johanne med Jimmi slik ho fekk handa fri (ho har utfordring med grepet i eine handa, så korleis ho klarte det der vil eg aldri forstå) Med godt tak om kjettingen og med lett meditasjon for å finne min mentale balanse gjekk det faktisk fint . Livredd var eg framleis, men pusteteknikk og oppmuntring frå Johanne og vår ukjende hjelpesmann fekk meg framover steg for steg. Klarte til og med hugse det Rowley har lært meg, om teknikk for betre grep både med hender og føter. Vel over, med føtene på trygg grunn, kom der litt blankt i augekroken……men mest av alt ei boblande glede over at eg, med så sterk høgdeskrekk ,hadde forsert det eg har kvidd meg til så lenge. Glad, og ikkje så reint lite stolt av meg sjølv. Arnhild vs høgdeskrekk : 1-0 !

For eit drama tenkjer du ……ja det gjer vel kanskje eg sjølv også i etterkant. Medan me stod der og fekk pusten ned i normal frekvens kom der alt frå eldre spreke damer til yngre born trippande både opp og ned den biten. Likevel ; der er farleg, og bratt /langt ned og eg har som sagt svært reel og sterk høgdeskrekk (vert redd 3 m opp ein stige eg) så det der var ein enorm personleg seier. Skal eg opp der igjen ? Nei. Kjem eg til å klare liknande utfordringar i framtida ? Veit ikkje. Eitt veit eg : Den framande gentleman som så tolmodig geleida ei noko livredd fjellgeit og tok slik godt vare på oss gløymer eg aldri, og eg er så takksam ! Fjellfolk altså !

Resten av nedturen ned gjekk fint, men det er langt og på vanskeleg sti. Mykje regn har gjort den sleip og gjørmete, meir som små bekkar tidvis. Var usigeleg glade når me nådde parkeringsplassen der Rowley (også ein gentleman som både køyrde oss til Steinstøylen og henta oss i Barstadvik, men han er no alltid det han ; gentleman altså )venta på oss. Vel heime, etter ein lang dusj og litt plastring av skrubbsår, inntok eg sofa`n med diverse variantar av isposar ymse stader på beina…….og slurpa i meg velfortent cider og gnafsa i meg litt potetgull . Viktig med saltinntak og rett væskebalanse veit de .

🙈😂🙈

I dag, denne strålande dagen, skal eg berre pleie meg sjølv. Det gjer vondt i knea, vondt i ankel og legg….eg kjenner meg mørbanka. Likevel angrar eg ikkje, for eg har klart det eg ikkje trudde eg skulle klare og det saman med beste turvenene. Kan ikkje bli betre enn det vel ? Slik er det ofte. Eg veit, at etter lange turar kjem smertene. Eg vel likevel å utsetje meg sjølv for dette, for kjærleiken til fjellet og gleda av personlege seierar veg opp for det som kjem etterpå……..og så er eg stolt av at eg gjer slikt som kirurgane for 5 år sidan sa eg ikkje ville klare.Mange nye små og store utfordringar er planlagt, gler meg 😊Så om du synest eg er dumdristig, eller burde halde meg til rusleturar svarar eg «nei…….ikkje før eg absolutt må» Eg veit kor heldig eg er, og set pris på kvart steg eg kan ta så lenge eg klarer. Der kjem ei tid eg må gi meg, det veit eg, dog håpar eg det er lenge til . Så kan eg sjå tilbake på alt eg har gjort , alt eg har klart, og kose meg med minna om både galskap og flotte opplevingar. No skal eg freiste kome meg ut av senga, ordne «frukost» til meg og Rowley og så skal me berre nyte dagen i lag.

Lag deg ein glad dag, nyt best du kan

MrsD 2020

«Those who improve with age embrace the power of personal growth and personal achievement and begin to replace youth with wisdom, innocence with understanding,and lack of purpose with self-actualization » -Bo Bennet

«peace out»

Samfunnet har opna litt igjen. På meg verkar det faktisk som om mange trur me er tilbake til trygge og smittefrie tider. Me stimlar ihop på kjøpesenter, går glatt forbi spritdispenserar, trengjer oss nær personen før oss i køa og går med nasa ned i telefonen slik me ikkje ser om der er ein meter til dei rundt oss. Altså, der er ikkje noko gale i å gå i butikkar eller på kafè, eg gjer det sjølv av og til…….men eg har augene opne og er ein “dansar” . Poenget mitt er at eg ser så mange som tydeegvis gjev fullstendig blaffen og det gjer meg sint. 

Som hjelpepleiar har eg faktisk byrja bli litt engsteleg igjen no når pårørande kan kome omtrent slik dei vil og til og med ta med sine heim og andre stader. Misforstå meg rett, eg er så inderleg glad for at dei gamle igjen får sjå sine og det treng dei…….men når eg ser den slappe haldninga til befolkninga rundt omkring……ja då vert eg sjølvsagt redd for både dei gamle og oss pleiarar som no ikkje har nokon kontroll på kvar og kven me (via bebuarane) er i kontakt med. Eg snakkar ikkje om pårørande her, dei er flinke….men om dei gamle er i kontakt med folk me ikkje veit, t.d når dei går på butikken slik nokre av dei gjer sjølvsagt……eg kjener engstelse. Me gjer vårt beste for å sprite reint etter bebuarar har hatt besøk……men realiteten er faktisk at me ikkje har tid alltid.Faktisk har me allereie for lite hender og tid til det daglege ellers. 

Så folkens : Skjerp inn igjen om du har slakka ev, tenk ikkje berre deg og dine. Ringverknadane er katastrofale om me slepper for mykje opp og byrjar klemme og handhelse…….og kjære dokke ; frisk opp kunnskap om  handhygiene. Eg vert så lei av å sjå “haugevis” med folk som trykkjer eit par dråpar sprit  i hendene og så vidt gnir dei saman . Då kan du like godt spare spriten til nokon som bryr seg. Dugnaden er ikkje over,  normal er enno sjuk og normal vil så gjerne tilbake til oss. Det klarer me få til  berre om me held ut saman på avstand. Om me klarer det kanskje me slepp ny bølgje ? Kanskje me slepp at dei gamle igjen må sakne sine i månadsvis ? Kanskje kan me i utsette jobbar og folk i faresone etter kvart få ein tryggare kvardag ? Kanskje kan kulturen blomstre for fullt, folk få kome tilbake til arbeidet sitt og alle dei som har vore råka hardt byrje byggje seg opp igjen ?Eg håpar det….. og håper den oppopninga som er gjort kan fortsetje , men då trengs me alle !

Utanom det spirar der i hagen, eg har herleg gangsperre i heile kroppen og spurvefamilien som bur under ei takstein rett over soveromsglaset vårt er svoltne og fortel meg at mataren er tom 🐦 Kaffien strax klar og eg skal så litt meir ymse frø  og få  solsikker i jorda for no treng røtene plass…….ein del av solsikkene byrjar bli høge og sterke medan andre har eg ikkje lukkast heilt med. Prøvd meg på ein ny sort i år så me får sjå. Sukkererterplantane er grøne og sterke, og klatrar fint…..blomkarsen vert stor i år, paprika og tomat vert der nok av ! Så er Eric og eg spente på kor mange graskar me klarer få til, dei blomstrar i alle fall . 

Om 3 veker har me ferie, i 4 veker. Gler meg til heimeferie, med familien rundt meg og småturar for å gjenoppdage vakre fylket og kanskje nabofylker ? Blir nok for det meste dagsturar, fjellturar ,badeturar om veret tillet…..og mykje hagearbeid og snikring. Har mange fjelltoppar planlagt med god vennine, og litt meir lavlandstur med min mann. Har også vener som likar best å gå i lavlandet, så eg gler meg ! Om eg får inn eit par PT timar er det bonus !

Gler meg også til åleinetid med Rowley, min aller beste ven og ektamann. Håper på små turar med motorsykkelen , har ikkje vore eksosrype på eit par år 🏍Bilturar med picknick-korg,små turar i naturen. Eg er faktisk frykteleg sliten i år, kjenner det skal verte godt å berre nyte ro og fred heime, og nyte kaoset når aller er samla. Trur det er mange som har det på same måten, det har vore tøffe tider på ulike vis for alle.

Det er langt mellom blogginnlegga mine for tida, eg har liksom ikkje hatt driven. Skriv gjer eg framleis dagleg, men har ikkje kjent for å dele. Kanskje fordi alt har gått inn på meg, eg har kjent på avmakt, sorg,sakn,utmattelse…… både pga lock down og ikkje minst dei fryktelege hendingane i Amerika. Eg har ikkje orka skrive og legge ut om det, har for ein gongs skuld vore ordlaus. Heile verda er sjuk, med mange skremande diagnosar som ikkje alle er fysiske.Eg gret,eg fortvilar…..men eg gjer det heime. Kjende ei stund på at ein mest vart uglesedde om ein ikkje kommenterte eller skreiv om alt det vonde, om ein ikkje fekk med seg alt ein skulle gjere på instagram og facebook for å vise sin avsky. Eg kobla divverre litt ut, men det tyder faktisk ikkje at eg tek lett verken på rasisme,korona eller rasering av natur.Har berre ikkje hatt energi til å uttale meg “offentleg”……og det er heilt ok. 

Dette vart no eit slikt roteinnlegg, berre litt tankar. No skal eg fylle opp fuglemataren, drikke kaffien min, rusle meg ein tur på fonnvernet og sjå om musklane løsnar litt og då er det vel på tide å tenkje middag til Rowley kjem heim. Innimellom lyt eg vel få inn litt gartnaroppgåver 🌻🌻🌻🌼🌱☕🍋

Lag deg sjølv ein god dag kvar du no er.

Kjenn på duftene

lytt til biene og fuglane

gå barbeint på ei strand

beundre sommarfuglane

ring ein ven !

MrsD2020

Peace out 😂🌻

Roleg dag

Eg tek det med ro i dag, og let beina kvile. Er viktig det, veit alle som trenar ein del. Ein kviledag i veka 👍Faktisk skal eg ikkje gjere anna enn å rydde litt i heimen og stelle med alle plantane som byrjar vekse i dei ørten pottene eg har sådd i 🙈Kjem vel ikkje som eit sjokk at eg ventar minst 50 solsikker…… og dei solsikkefrøa eg sådde ute før det fatale snøfallet spirar forskyne meg også 🌻🌻I tillegg veks både urter og blomkarse, tomatplantar og sukkererter. Graskara er så store dei må plantast ut kjappast råd…… eg syslar med tanken på å setje dei i høyballar så ikkje sniglane vert så freista 🐌🐌

I stova har me eit digert vindauge me ikkje likar eller ser oss råd til å byte. Der har den hendige mannen min sett inn eit par solide plankar, der eg no skal til med ymse prosjekt….. både såing og pynting. Blir kanskje eit innlegg frå det prosjektet ved høve 😁👍Når ein har stort gamalt hus med alt for mykje å gjere, samt slunken lommebok…. ja då finn ein stor glede i små endringar og prosjekt 👌

Huset vårt er ikkje A4. Me kjem kanskje aldri rundt med planane. Mykje halvgjort pga helse og økonomi….. og nokre ristar på hovudet og meiner me burde gi opp. Då vert eg berre lei meg, for dette er vårt valg, vårt liv og vårt strev. Me har det godt i «kråkeslottet» fordi me rett og slett har det godt. At «alle andre» lever flottare trur eg ikkje gjer dei meir lukkelege. Vårt stil varierar frå bohéme til shabby chic…… med innslag av Rusta og gjenbruk😂🙈i tillegg til Rowley sitt geniale eigenproduserte interiør👌 Me har ikkje flott kjøken og bad…… faktisk berre mellombels variantar av begge deler 😁Me samlar verken på service eller sølvtøy, ei heller nips og naps av dyre merker. Det me derimot har, er plass og hjarterom til alle som kan sjå forbi det slitne og utskiftningsklare. Me har kaffi og te servert i ymse «novelty mugs»til alle gjestar og me har to kvite pusar som røyter 😂

Me har også stor familie, gode vener, naturen rett utfor døra og ei trygg bygd å bu i. Meir treng ein vel faktisk ikkje?

Så i dag skal eg pusle litt rundt her, gle meg over alt som veks, klunke litt på pianoet eg lærte spele på i min barndom og fikse middag til min nydelege ektemann. Høyrest ikkje det ut som ein bortimot perfekt dag?

Nyt det du har, ikkje hig etter meir. Lag deg ein tilfreds dag 🌻

MrsD 2020 (og Coco 😉)

Språkslakting eller språkutvikling ?

Eg er ingen stor tilhengar eller brukar av banneord, og meiner me bør kunne nytte språket betre . Likevel kjem der nok diverre nokre sterke gloser frå meg også når eg etter eit naudsynt ærend til «the smallest room in the house» ( det er no ein angrar på at ein ikkje tok knipeøvingar etter fødslane litt meir alvorleg ,hugs det mine vener som framleis er i produktiv alder😉, )famlar meg tilbake til soveromet i mørkret og køyrer stortåa merkverdig hardt inn i kista full av minner frå Italia ved fotenden av senga .Er det ikkje finurleg kor hardt ein kan slå tåa sjølv når ein listar seg fram med sniglefart ? (Note to self : berre flytt den kista !)Det forundrar meg kvar gong……og det er ofte. Brillene, som eg faktisk treng for å ha nattesyn (eigentleg for å sjå i det heile tatt) ligg fint på nattbordet…….også kvar gong.

Medan eg sit her og skriv kjem eg på fleire situasjonar der eg ikkje er så velformulert. Til dømes når eg vert eitrande sint og ivrig , kjenner meg redd ( i sær når eg har forvilla meg opp i ei høgd som triggar høgdeskrekken min) eller våknar med sterke smerter og berre veit dagen vert traudig . Ellers freistar eg bruke betre ord for å uttrykkje meg, men inn i mellom glepp det altså og det er greitt.

Tankane rundt temaet denne gongen kom i går kveld etter nokre episodar av ein nydeleg serie eg har fulgt på Netflix. Nydeleg med nokre kjedelege unntak…… bl.a språkbruken. Serien er britisk, og første sesong greip meg på mange vis. No har eg starta sesong 2 og synest diverre det tapar seg…..men det er ei anna historie. Her finn me eit enormt spenn i karakterar, frå den stillferdige enka på ein benk ved ektemannen si grav, til den vulgære psykologen og like usmakelege samlaren ( som forøvrig spelar svært lik karakter i ein annan serie av samme forfattar) som spyr ut ukvemsord.I det heile er der mykje slikt frå mange av karakterane og det tek vekk mykje frå opplevinga mi av ein i utgangspunktet fin serie .

Kvar går så grensa for kva eg synest er «ok» banneord/skjellsord……og kva kvalifiserar eigentleg til slik omtale ? Eg skal ikkje vandre inn i definisjonar, men kjem berre med mine eigne enkle funderingar.

I mange britiske produksjonar er svært mykje banning……og ein legg merke til at orda, spesielt i nyare tid, ofte har seksuell undertone. Likeeins samansett med ord ein skal assosiere med kjærleik…..som t.d «mother……»(eg orkar ikkje skrive resten).Ord på kjønnsorgan ( eller kallenavn på slike er vel rettare sagt) er populært. Me gjer det same i Norge og mest truleg i alle verdas land……. og eg likar det like dårleg. Skal me verkjeleg lære borna våre at det er ok å setje ordet mamma i samanheng med ukvemsord ? Kan me ikkje i staden lære dei å setje normale ord på kjensler ?

Kva har skjedd med språket ? Klarer ikkje skaparar av underhaldning fange oss utan å leggje inn ukvemsord i annankvar setning ? For min del vert eg berre ille berørt…….kan det ha med alderen å gjere ? Er eg prippen……følgjer eg ikkje med i tida? Analysering er ikkje mi sterke side, men eg skulle ganske enkelt ønske meg meir leik med «normale» ord og mindre «f-ord». Ein naturleg del av språkutviklinga ? I så fall vil eg gjerne drage i naudbremsa på det språktoget for kvar skal det ende ? Mi personlege meining er at språket vårt, og i andre land, er i ferd med å bli slakta.

Slik går no dagane, mangt ein skal hengje seg opp i. Eit enkelt «pokker» eller «faen» …….eller «forbanna drit» må ein vel berre tolerere, dei kjem som sagt frå min munn i blant også sjølv om eg freistar unngå det. Mange engelske banneord derimot vert eg berre sur av…….dei er så seksualiserte og nedsetjande, ofte på bekostning av oss kvinner.Difor er eg sjeleglad for, at når min britiske ektemann ein svært sjeldan gong bannar…….ja så er det alltid på godt norsk 😂

Lag deg ein dag full av gode ord….eg har ein relativt smertefri morgon og det lovar godt for fridagen 🚶‍♀️🥾

på god veg til naturleg grått ….blir godt å sleppe tenkje på hårfarging 😊

MrsD 2020

«Its more fun to talk with someone who doesnt use long difficult words but rather short easy words like «how about lunch» «

-Winnie the Pooh

I lag på avstand

Så kom deg opp av sofaen,

Få på deg gode sko.

Legg nista opp i sekken,

antibac ja, kanskje to.

Så set du deg i bilen

og møter meg ein stad.

Me går i sol mot fjellheimen

Ein dag heilt fritt for jag

             🌻

Ooooo me me går på avstand

Eg kjem eit stykke bak.

Ooooo tankar om virus,

får pause litt i dag.

            🌻

Eg kjenner det i heile meg

Så godt å møtast no.

Venninneprat og latter,

Lufte tankar og få ro.

I fjellheimen der begge trivst

me knyter sterke band.

Naturen gir oss glede

Og får kroppane i form

              🌻

Ooooo me går på avstand

Eg går to meter bak

Ooooo i sekken har me

ein termos og litt mat.

               🌻

Så takk kjære venninna mi

For turen vår i dag.

Og alle andre turar

me har hatt og klart skal ha.

Og Jimmi kjære vennen,

eg gløymer ikkje deg

som trufast ruslar med oss

kvar enn me dreg deg med.

               🌻

Ooooo me går på avstand

Eg kjem eit stykke bak

Ooooo men sjølv på avstand

var me i lag i dag.

MrsD 2020

(fritt etter “vi vandrar saman” av Olav Stedje 😁)

STOLT

Vi les til auget vet stort og vått,

om svenskar som ikkje tenkjer som oss.

Om thailandske kongar i karantene,

med konkubiner og tenarstab.

Vi syg til oss alt av informasjon,

om heimekontor og viltre born.

Vi meinar og synsar,

vert sjølverklerte ekspertar.

sprit eller handvask,

kva funkar best ? 

Smågodt vert stort,

er det krise i heimen

om påska får litt mindre sukkerinnhald ?

Familietid har ei heilt anna meining,

tolmod og fantasi trengs denne tid.

Kreativiteten blomstrar,

stovekonsertar og samvær på nett.

Imponerande stå på vilje,

samhold slik me aldri har sett.

Ein annleis verdskrig me står i no , 

snikande fiende vanskeleg å sjå.

Me kjempar med vatn og såpe, 

med avstand og dugnadsånd.

Så midt i denne krisa

som rammar kloda vår,

er eg stolt av landet og folket,

vårt Noreg i raudt ,kvitt og blått.

MrsD 2020

Stay safe, wash Your hands, keep loving each other.

“A positive attitude from you tends to produce a positive attitude toward you.”

Deborah Day

Den barnlege draumen

Tenk om draumen min var sann,

og dette kvite som dalar stille ned 

hadde antistoff i seg.

 La seg som eit teppe 

over jordkloda og me var fri.

Tenk om draumen min var sann,

 våren kom med fuglekvitter og sol

og me hadde lært å sakne kvarandre.

Lært å snakke samen, smile til kvarandre.

Tenk om draumen min var sann,

og me våkna opp 

til eit varmare samfunn

der alle held fram 

på livsvegen

med omtanke

og opne sinn.

Tenk om draumen min,

den barnlege og lengtande draumen min

var sann 

MrsD 2020

Om å vere varsom, og å glede seg 😊

I dag våkna eg tidleg igjen, etter ei litt uroleg natt. Tankane surra, kattane hadde stovefest med høg vannskålføring og tok livet av nokre sokkar, og huset laga merkjelege lydar. Ei vanleg natt i nr.28 med andre ord, men eg merkar at mykje vert sterkare for tida. Har større problem med å sovne igjen når slikt ( i tillegg til naudsynte erend på badet……blæra har også runda 53 😏)vekkjer meg, og eg kjenner tidvis dei urolege tankane tek sterkare tak.

Denne morgonen kjenner eg ekstra på sakn, og veit det er noko storparten av verda si befolkning slit med. Sakn etter familie, vener, kollegaer. Sakn etter det vanlege, etter fritidsaktivitetar . Så registrerar eg også at ein eigentleg ikkje skal seie slikt. I det heile bør ein ikkje ytre verken triste tankar eller kvardagslege bekymringar , der er alltid nokon som har det verre. Ein skal heller ikkje ha lov til å vere slitne av den nye kvardagen.

Eg synest vi må få lov til å vere oss sjølve, til å ytre det vi treng utan å få spydige kommentarar. Ja, mykje er trivielt og i mange sine auger unødvendig. Det tragiske er at folk døyr, vert svært sjuke, misser jobbane sine og mykje mykje meir som er heilt forferdeleg. Eg, som alle andre, kjenner dagleg på klump i halsen og har bekymringar i forhold til dette. Likevel må det vere lov til å seie at ein er kvardagsbekymra ? Denne vanskelege situasjonen vert ikkje betre av at vi kneblar kvarandre så vi skal vere redde for å vise redsle ? Eg ser dagleg innlegg eg reagerar på, men har valgt å ikkje kommentere . Freistar å tenkje slik at det skadar ikkje meg om ein kvan har eit «tåpeleg» spørsmål eller ei «bagatellmessig» bekymring. For eg er ikkje dei, eg kjenner dei ikkje og anar ikkje kva forutsetningar dei har. Så må vi ikkje gløyme, at fordi om ein er tilstades i si eiga kvardagslege engsting betyr ikkje det at ein ikkje ser det store biletet og tek innover seg alvoret ? Eg klarer ikkje alltid følgje mine eigne ord her sjølv , kjenner eg ergrar meg over ein del som vert skrive og sagt. Når slikt kjem over meg diskuterer eg det med kattane (som kan bestikkast med litt våtfor) eller med min kjære (som no for tida ikkje kan stikke av 😁)

Så må det også vere lov til å vise glede denne tida. Le, spøke, ta vare på seg sjølv på den måten som er best for den einskilde. Heimespa, sminke, kle, musikk, trening,turar ut……..ja alt som skal til for å halde hummøret oppe. For nokre dagar sidan var me på biltur med Eric (barnebarnet vårt) Me køyrde litt rundt i sentrum,forbi jobben til besten, og så til Alti (eller mini amfimoa som han kallar det, Ålesundsgut som han har blitt ) . Der gjekk me tur i havneområdet , stoppa ved fyret, såg endene dukke og lage ringar i vatnet og minnest korleis han og eg plar gå turar der tidlege morgonar før andre har stått opp.Minnest bollar og is til frukost ein varm sommardag, rulle nedover grasvollane, balansere på murkanten og kaste småstein på vatnet. Me hadde ei kjekk stund i lag……på face time ! Skulle ønske eg fekk kjenne dei gode armane hans rundt halsen vedgår eg…….men det kjem !

For det meste er eg imponert over det norske folket, mange er utruleg kreative og flinke til å støtte kvarandre på avstand. Mange nye plattformar er skapte for både sosialisering og kulturelle opplevingar ,små og større bedrifter finn alternative måtar å drive på og for det meste heiar vi på og støttar kvarandre. Det å skulle snu om livet sitt så fort både privat og i jobbsamanheng krev innsats, og vi treng enno meir enn vanleg å vere rause med kvarandre. Negative kommentarar treng vi ikkje, men konstruktive samtalar og diskusjonar er bra.

No skal eg i dusjen, og så skal eg lage meg ein god kopp te og ringe til ei venninne eg ikkje har snakka med på lenge.

Ver snille med kvarandre folkens…….og vask hendene 😉

MrsD 2020

«A single act of kindness throws out roots in all directions, and the roots spring up and make new trees.”

Dikt i morgontimen

Ho opna datamaskina,let alle minna skyllje over seg. Bilete i tusental.

Som eit fløyelsmjukt trøystande  teppe la dei seg rundt henne,

Klemde henne med  lubne barnehender.

Lik  fargesterke sommarfuglar

dansa dei rundt henne,små og store.

Vengjene deira strauk henne varsomt 

over kinn.

Dei kviskra glede i øyra hennar,

lovnad om betre tider.

Minna om alt som har vore

samla seg til ein kor

som sang av full hals :

“alt skal bli bra ,

me sjåast igjen”

MrsD 2020

Med det ønskjer eg alle ein god og minnerik dag.

Ta deg ein tur innom album eller biletfiler,tenk på

alt du og dine har opplevd og kan  sjå fram til.Hugs å ringje ei gamal tante eller ein ung nevø,

 i det heile hugs å ringe. Gi ei merksem til einkvan som du meiner fortener ei overasking på døra, bruk lokale verksemder 

Men aller viktigast ; ; hald deg frisk 🌻

Vanleg har blitt sjuk

God morgen.

Nok ein dag her i nr. 28,eg vakna tidleg som vanleg og har fått i meg frukost. No er det kaffi og litt skriving på programmet,før ein liten tur ut. Høyrer fuglane kvitre, ser det er grått og litt vind……men gler meg til mi daglege runde. Alt som vanleg med andre ord…..likevel ikkje.

Vanleg  ; eg ville hive meg i bilen og køyre til Ålesund ein dag som denne.

Vanleg ; å fare på besøk til ei venninne eller treffest på kafê.Gå lange turar og ete appelsin, sitje tett i ly for vinden bak ein stein.Seie hei til alle ein møter, ikkje vere redde for å passere kvarandre på smale stiar.

Vanleg ; å fare på jobb, skravle med kollegaer i garderobe, og ha koselege pauser saman.

Vanleg ;å ha born og borneborn på besøk, familiemddagar og turar ute.

Vanleg ; å gå i butikken og handle, treffe kjentfolk og snakke om eitt og hitt til eg gløymde kva eg eigentleg skulle ha.

Vanleg ; møte min PT og få trene på senteret både med henne,åleine  og med venninne.

Vanleg ; å stikke innom jobben til min kjære, veksle nokre ord med dei han jobbar med og sjå alt dei får til. Ete lunsj saman med mannen min.

Vanleg ; kunne stikke innom mamma på sjukeheimen om eg vil.

Vanleg ; klemme dei eg er glad i, både familie og vener

Vanleg har blitt svært  sjuk, Vanleg treng vår hjelp,og beste medisinen er å unngå Vanleg mest mogleg. Likevel freiste leve så normalt me kan.

Mykje er sårt og leit. Alle har me nokon me så gjerne skulle vore i lag med og aktivitetar me gjerne skulle vore med på. Rutiner er endra både i heimar og på arbeidsplassar, men eigentleg er dette såre enkelt. Me unngår Vanleg no slik at me skal få meir tid, og då må me stå saman…….på avstand. Kan me ikkje berre bli einige om det ? 

Lag deg ein god dag og ei god tid så godt du kan, no er eg klar for turen min 😊

MrsD 2020