Kveldstankar i peisvarmen

 

IMG_20200101_130042.jpg

Siste kveld med ein liten plugg snorkande på eine gjesteromet, og besta vedgår ho har litt ymse kjensler rundt avreisa deira i morgon 🤔

I 8 dagar har huset stått på hovudet,etter at dei først feira første del av jula i Volda. 😊Haugar med leiker og diverse kle, lydnivå noko serkare enn vi er vande med…… og badet vårt har eg knappast vore innom anna enn for heilt naudsynte ærend 😂🤭Sminkebordet mitt er fullt av småbilar og klossar , eg finn ikkje alle sminkekostane og nokre av dei er brukte til å «vaske» dei førnemde småbilar medan liten ven tolmodig ventar på at besta ska bli ferdig med hår og sminke før me går ut. Skuffene med hårstrikk og klemmer er i kaos etter at «heisekrana» (ei spesielt godt eigna hårklemme til slik leik) dagleg har jobba intenst med å blande alt godt🙈🤭 Ein del av  bordet har og fått ny farge frå sminkepallettar, og det same ser eg gjeld delar av garderobeskapet 🙈Flakongen med hårglitter  (som fekk både mitt og mange andre sitt hår til å glitre til 2 show og likevel såg mest ubrukt ut)eg kjøpte til show er no snart tom……. så om de ser meg med glitrande kle eller hår lang tid framover veit de kvifor 😁✨»Side note» :  Ikkje alt han får lov til å røre, men han veit kva besta er redd for og kva han får lov til. Eg trur på å framelske kreativitet, og desse stundene ved sminkebordet om morgonen er det lite «nei» og mykje fantasi 😊

På skjermen går «Misha og Mashca»,» store maskiner» eller så er dei vaksne «borna» djupt opptekne med spel. Her har vore fullt hus heile jula, liv og røre, brettspel og mat. Gode samtalar, ivrige (borderline hissige 😁) diskusjonar, latter, gøyme og leite kvar kveld (genialt når trassig treåring ikkje vil leggje seg men sovnar umder dyna medan me gøymer oss for besten 👍)

Seine kveldar, tidlege morgonar når guten kjem inn og vil at me skal stå opp. Vil reparere motorsykkeldelar med besten, fare på leikeplassen, bake, bygge telt med alle pledd i huset og nokre moppeskaft.

For å oppsummere ;det har vore ei nydeleg, energigjevande, roleg, artig og totalt utmattande jul…….. akkurat slik me vil ha det. Ikkje fordi nokon krev av oss, men fordi det er dette me vel og dette som gjev oss glede ❤️

Sliten, ja, og eg gler meg til å få litt orden i huset og få meg ein lang varm dusj…… kanskje vaske håret? 😂 Likevel, etter eit par stille dagar kjem nok lengten igjen, etter å ha dei alle rundt meg, sitje i godstolen ved peisilden medan huset bugnar av alle me har kjær og berre nyte den kjærleiken eg har for kvar og ein av dei 🌻Kjenne og på gleda og takksemd for at Eric har så mange gode onklar og tanter……at der alltid er ei hand å halde i og ein trygg favn i tillegg til foreldra. Denne jula har me alle hatt mykje tid saman, det er me takksame for 😊

Eg må og få seie, at besten Rowley er vår alles store «helt», som så aktivt og intenst viser sin kjærleik for den vesle pjokken…… og oss alle. Helsa hans skrantar tidvis, men sjeldan om det stoggar han ❣️Tullebesten, som Eric seier…… og det tyder noko spesielt 🌻

IMG_20200103_103941.jpg

Ver rause

Ho ønska seg berre ei hand til å stryke henne over håret,ei hand som tørka tårene.
Ho lengta berre etter å kunne kjenne lys i hjartet,der var så mørkt og einsamt.
Ho håpa berre på eit lite smil,eit blikk,ei gjenkjenning.
Ho sat der på benken i parken,kald og åleine….det hadde ikkje alltid vore slik.

Dei hasta forbi henne,med hendene fulle av handlenett.
Dei skulle heim,tenne lys i hus og hjarte….men ikkje i hennar.
Dei hadde ikkje tid til å sjå henne,langt mindre smile
Dei let henne sitje der,åleine,på den kalde benken….historia hennar kjenner ingen.

Han gjekk bort til henne,sa «hei du ser så kald ut,ta vottane mine»
Han såg henne i augene,ho kjende ein ørliten gnist av varme.
Han sat der hos henne nokre minutt,vart kald som ho var.
Han visste ikkje at han tende lyset i hjartet hennar denne vesle stunda,og at tårene som vottane hans tørka bort var av glede og takksemd.

Ho gjekk heim den kvelden,til sin heim utan jul men med jul i hjartet.
MrsD

 

Stille gleder

IMG_20200103_125501

Å gå ein tur i snø og vind,raude roser på barnekinn. 

Fiske i  dammen med ein pinne, sjå kva eventyr me i naturen kan finne. 

Verda ikring er så spanande stor, i snøen lagar vi nye spor.

3 generasjonar med uslitelege band, besta og papsen held kvar si barnehand. 

Bake bollar og fyre i ovnen, gøyme og leite, telje til 10. Vesle guten har lært så mykje, dei 3 første åra raste forbi.

Fattige på gods og gull, men all verdas rikdom har me, det er ikkje tull.

Stille gleder er dei beste tenkjer eg, her eg sit framfor peisen og skriblar i veg.

Når eg ein dag vert for stiv og støl til å danse på golvet og gøyme meg i eit skap,            ja då skal eg tenkje tilbake og ikkje angre, at eg nytta tida til slikt som gjorde meg glad

MrsD , januar 2020

fbt

 

Meir enn eit tal 😉

I dag har eg, av ymse årsaker, sterkt behov for å skrive om alder og litt til. Dette ordet på 5 bokstavar, frykta av alt for mange og heldigvis mindre viktig for somme.

Lat oss være ærlege folkens….. dette «alder er berre eit tal» funkar ikkje……. i alle fall ikkje i følgje kroppen min 😁Uttrykket brukar eg ofte, og høyrer /les det stadig. Om sanninga skal fram ligg der mykje meir i ordet enn me alltid vil innsjå…..evt godta 😉 På godt og litt meir kronglete 🌻

Ikkje til å kome frå at eg er langt forbi dei mest produktive åra i livet mitt på mange vis. Likevel, eg har har ild i meg enno og kjenner sterkt at eg har mykje å gi til samfunnet. Eg er mamma, kone, bestemor og venninne. Trenar, syng, dansar og er stort sett positiv. Elskar livet, og er barnleg leikande. Vel har kroppen min fått nokre bulkar, og tyngdekrafta er vanskeleg å slå. Siste åra har eg gått mange runder med meg sjølv i forhold til jobb, og har vel kome fram til at det snart er på tide å kutte ørlite ned på den biten av den smakfulle kaka som livet mitt er . Ikkje slutte, nei til det har eg for mykje arbeidsglede og veit mi erfaring, kunnskap og kjærleik til bebuarar og kollegaer er viktig og ønska på jobb. Likevel, tanken om å redusere litt er der. Me «gamlingane» er svært viktige i yrket, og har uvurderleg erfaring å lære vidare,det ser me dagleg 👍Så ser eg også, at både eg og mange med meg slit både med slitasje etter meir enn 30 år i yrket, og med anna små eller større kroppslege plager. For meg vert det då, etter kvart, tid for å kutte pittelitt ned på arbeidsmengd og føre den tida over på meg sjølv og mine ⏳ Eg vil vandre i fjellet medan eg kan, vil trene, leike i snøen med barnebarn, ha det kjekt med familie og vener og ramle utsleta ned på puta om kvelden fordi eg har brukt energien på viktige ting. Då, og berre slik, kan eg takle den motgangen eg veit vil kome periodevis…..men kanskje sjeldnare om eg får meir overskot til å halde helsa vedlike ?

Hold in, push up, rynkekremar og masker, kremar for å skine, kremar for å mattifisere, kremar for å slette livets spor. Med alderen kjennest det meir og meir som om alle desse orda hoppar opp og bit meg i baken dagleg berre eg opnar aviser eller laptop…..og eg vedgår, at eg på dagar som i dag, etter over ei veke sjuk , med guffen hud og hår……gjerne sku hatt Jan Tomas her for å freshe meg litt opp 💄Til dagleg derimot er eg tilfreds med meg sjølv og har ingen ønske om å fjerne rynkene mine. Dei fortel nemleg livssoga mi, med alle gleder og sorger. Alt som gjer meg til meg. Eit fåtal av oss menneske eldast utan at det set spor både fysisk og inni oss…..og eg personleg har lært meg å omfavne det heile !

No er ikkje dette eit innlegg om ikkje å bruke sminke og kle for velvære….kjære tid eg brukar sminke dagleg og elskar det. På dagar der smertene har ført til nattevåk og posar under augene hender det eg skjuler det så godt eg kan, og mentalt hjelper det med litt mascara og leppestift. Slik sett, og fordi det berre er utruleg kjekt å leike seg med , har sminke blitt ein hobby og faktisk meir no enn då eg var yngre. For litt sidan, då me hadde showkonsertar, var eg så heldig å bli spurd av fleire i koret om eg kunne hjelpe dei med senesminka. Så artig, og så lærerikt. Noko av det eg såg då, etter å ha sminka både meg sjølv og 3 andre til generalprøva, var at less is more, sjølv på ei sene. Då eg gjekk heim den kvelden var eg ikkje heilt nøgd med sminka mi, ei heller med det eg hadde lagt på dei 3 andre. Tenkte mykje på kva eg ville ha annleis. Lang historie kort enda me opp med svært nedtona sminke alle 4, med dusare fargar og fokus på det som verkeleg må kome fram på ei sene. Det er me glade for, og i lag med heile koret stråla me som diamantar alle ihop 💎Som eg sa til ei : Eg freista sminke oss unge til generalprøva og eg kjende meg gamal og utilfreds.Til premiera hadde me nedtona sminke og eg kjende meg vakker og ung. Essensen i dette, for meg, er å bruke sminke som framhevar det vakre i meg, og kle meg slik eg kjenner meg gla . I dette, i alle fall med sminke, skjuler eg nok samstundes litt aldersteikn i huda, men aldri dei flotte rynkene !

For ei tid tilbake fekk eg eg 2 kommentarar eg tok med meg heim for å tyggje litt på.Den eine gjekk på kjolen min……eller meir kva eg burde ha gjort med meg sjølv for å passe enno betre inn i den. Fekk bl.a råd om å stappe litt ned i bh`n for å fylle ut litt…….men kvifor i all verda skulle eg det ?? Etter amming av 4 born forandrar brysta seg, og det er eg stolt av. Tyngdekrafta, som har tett samarbeid med alderen, kan ein heller ikkje bekjempe utan kirurgiske inngrep eller beinhard jobbing. Heilt ærleg kjennest det av og til som eg kan rulle diverse kroppsdelar på plass i kleda……..fleire som kjenner seg igjen ?😂 Eg gjekk heim den dagen, såg meg lenge i spegelen og prøvde det velmeinte rådet. Nei…..det var ikkje meg ! Presiserar at eg framleis elskar og kjem til å bruke kjolen……den er fargerik,glad, leikande og meg ! I same andedrag kan eg også berre erklære at » hold in» og eg har avslutta vårt forhold for godt. Ubehageleg,finn aldri rett str, det rullar seg ned og vert liggjande som eit stramt belte…….ja i det heile ei ubehageleg oppleving kvar gong. Så, eg har gått inn i «let it hang» alder og nyt det 😉

Den andre kommentaren eg fekk den dagen var som følgjer : «eg må berre seie at du er så utruleg vakker i dag, trur aldri eg har sett deg så strålande og elegant » Same kjole, same sminke, same meg. Denne personen såg det eg kjende sjølv akkurat den dagen ; glede, kjærleik, takksemd……og rett og slett berre fyrverkeri av energi. Orda hennar gav meg så mykje meir enn ho anar, og eg dansa meg gjennom kvelden og natta med dei i hjartet.

Dei to kommentarane kom begge frå kvinner , men kvinner med litt ulike syn på korleis få andre kvinner til å kjenne seg vel ? Dette er så viktig, og me må vere så varsame med kva me seier til kvinnene i våre liv. (ja til menn også sjølvsagt, eigentleg til alle……men det er lit utanfor poenget her ) Kvinner i alle aldrar må stå bak kvarandre, løfte kvarandre opp, gi ros, vere stolte av og trøyste. Me må gi gode ord, vise at me er vakre som me er i alle størelsar og fasongar, med hengepuppar, cellulittar, doble haker og nedsegne augelok.

Det er lett å kjenne seg meir og meir unyttig etter kvart som alderen snik seg innpå, og eg sjølv kjenner i alle fall på redsle av og til. Redsle for ikkje å klare jobb, redsle for sjukdom, for å ikkje klare det aktive livet eg har, og for å bli gamal og einsam på sjukeheim.Frykt for å liggje til byrde for borna ( og for å gjere det pinleg for dei med slike blogginnlegg 😁) Frykt for ikkje å klare vere aktive besta . Berre for å nevne noko av det eg veit mange fryktar med alderdom.

Nei, alder er ikkje berre eit tal, uansett kvar i livet ein er. Gleder og sorger, oppturar og nedturar kjem i alle steg på livets trapp. Me må berre hugse puste der me kan, nyte dei rolege etasjene mellom dei bratte trappene og behalde barnet i oss.

Så i dag ,når eg no har passert 53, skal eg stelle litt i huset,aktivitet dog tilpassa litt uggen form……men først 5 minutt ut i frisk luft.Så skal eg pleie meg sjølv med diverse velgjerande masker for hud og hår. Eg skal lakke negler,pynte meg ,sminke meg og ta på meg fine kle. Deretter skal eg nyte eit godt måltid og eit glas raudt i heimen ,med ein mann som ser alt det vakre i meg…..til og med når eg ligg sjuk 😉

Lag deg sjølv ei god helg, sei noko fint til einkvan og smil til nokon du ikkje kjenner. Kven veit, kanskje du får ein ny ven ?

MrsD 2019

fbt

Må me ha det ?

Ein ting kan seiast om det å vere sjuk og ……eg får lese ein del. Nyhende,artklar, bloggar eg følgjer………og så poppar der sjølvsagt opp mengder med clickbait og reklame eg i hovedsak hoppar (om ikkje så elegant) over. Akkurat det er ikkje så beinkløyvt, for snart er jula her og i følgje handelstanden og våre eigne forventningar skal me ut i hysterisk hamstring av alt frå unyttige duppedingsar me aldri kjem til å bruke til julegåver laaangt over budsjett.Mat skal me også ha, i slike mengder at me kunne metta mange fleire enn vår eigen familie.Presset aukar år for år, forventningar like så. Me stressar, bakar alle sortar and then some. Diverse julemat tyt ut av frysarar i heimar rundt omkring og skap er fulle av små og store pakkar.Snart på tide me tek eit steg tilbake og dreg pusten ?

Denne veka er vistnok «black week» , som leiar fram til «black friday» . I 2018 brukte me nordmenn svimlande 3,6 milliardar på black friday. Smak på det litt……3,6 milliardar. Kor mykje av det me handla var eigentleg naudsynt, og kor mykje let me oss rive med på i ellevill impuls fordi det var så billeg ? Samstundes som me stormar til dei store kjedene som kan skilte med supertilbod, slit nisjebransjen ekstra i forhold til desse dagane. Små lokale butikkar/bedrifter kan ikkje konkurrere og må til slutt gje seg. Dette er eit svært trist aspekt i all denne tilbodsherjinga. Her kjem også «cyber monday» inn. Denne dagen startar julehandeltilboda på nettet, og me klikkar og handlar. Dette er også ein spikar til i kista for lokale produsentar og butikkar.

Så er det presset med alt det andre då : julevask,julebakst, pynting…….alt må vere på stell og det er krise om alle tradisjonar ikkje vert heidra.Eg kjenner mange som stressar seg sjuke før jul fordi dei berre _må_ gjere slik og slik. Om eg spør kvifor er svaret alltid det same……det er tradisjon. Forstå meg rett, eg er tradisjonsglad sjølv eg. Likevel, tider endrar seg, småbarnsfamiliar har dårleg råd og frå før stressande kvardagar. Er det ikkje mogleg å senke krava litt og likevel føre tradisjonar vidare ? Bake 2 sortar i staden for 7 ? Ta vanleg helgavask i staden for full nedvask ? Er ikkje ei julegåve frå foreldra nok ? Kvar vert den gode julehøgtida av om me sig utslitne ned i sofaen, vert irritable, glefsar til kvarandre av utmattelese og rett og slett ikkje greier kose oss ? Kva med å skape eigne tradisjonar der både førjulstida og sjølve høgtida vert ei glede ? Kva med tida etter jul, kva skal ein leve av om alle pengane er brukt opp på ting me ikkje treng ?

Ikkje meininga å kritisere nokon her, ein vel sjølv korleis ein vil ha det. Dette er berre mitt vesle innspel, der eg vil seie at det er ok. Det er ok å ta det med ro, det er ok om du ikkje lagar din eigen fårerull og bakar alle kakeslaga bestemor di gjorde. Sjølvsagt er det ok om du gjer det også, men , etter mi meining, ikkje om det gjer deg stressa.

Kva du brukar pengane dine på er heller ikkje mi sak, men eg er av den bestemte meining at me kjøper for mykje.Born og barnebarn skal ha julekalendarar med spanande gåver, og sjølve julekvelden skal der helst liggje noko som slett ikkje er billeg under treet. Som sagt lenger opp ; forventningane er så høge, til oss sjølve og andre. Til slutt set me ikkje pris på dei små gledene lenger, og lærer heller ikkje borna våre å gjere det. Slike samfunn synest eg er skumle. Sjølv skulle eg so smått starte litt julegreier for ei veke sidan, i staden sit eg her i senga med laptopen og gjer meg opp slike tankar.

Om du er einig eller ueinig….. eg ynskjer deg ei roleg og avstressande førjulstid, med mykje familietid og feiring slik du sjølv kjenner for. Eg og min familie har vår feiring,som passar oss 🌲

MrsD 2019

Om store høgder og mjuke fall

Om de har fulgt med på livet vårt siste året , veit de der har vore mange gode hendingar , og ein god del kaos. Mykje som har tatt energi, mykje som har pøsa på med energi. Har vore ein rollercoster av kjensler, meistring, djupe dalar og høge toppar.

I februar i år flytta me til Kyrkjegata, ein triveleg stad med trivelegaste naboar me har hatt nokon gong ! Fann oss tilrette der, helsa mi byrja sakte men sikkert kome seg (me flytta dit dels fordi inneklimaet der me budde før truleg hadde negativ innverknad på luftvegane mine ) og det gjekk mot sumar.Gleda oss til avslappande helsebringande ferie med familien, berre slappe av i nærområdet og byggje opp immunforsvar igjen. Me visste at tida i Kyrkjegata ville vere begrensa , men var ikkje budde på kor knapp den enda opp med å bli 😱

Same dag vi gjekk ut i ferie kom telefonen eg eigentleg har håpa på i svært mange år ; mamma hadde fått plass på sjukeheim. For oss som pårørande var dette ei lette, etter mange år i konstant beredskap og mykje bekymring. Skal ikkje gå i detalj, men mamma har ei lang og svært samansett diagnose . Komplisert og vondt,for henne og oss………ein dag skal eg fortelje om det men ikkje no. For mamma var alt berre vondt, og sjølv om ho trivest lengtar ho heim enno. For oss borna er det ei trøyst at fagfolk tok avgjerdsla, dei kunne ikkje ta ansvar for henne i heimen lenger .Eg som hovuedpårørande hadde ikkje venta eg skulle få ein slags sorgreaksjon av å sjå henne på skjerma vdeling. Ei tung bør er fjerna frå skuldrane mine, samstundes kjennest det sårt kvar gong eg er der og ho ber om å få kome heim.

I alle fall, no stod vi ovanfor eit valg : Enten flytte opp i huset eller starte prossessen med å få mamma umyndiggjor slik vi kunne selgje. Dette er meir komplisert en eg orkar forklare no, kanskje kjem det i seinare blogg. Vi valde flytte…..igjen. Til eit ekstremt oppussingstrengjende hus der eg var usikker på om eg faktisk ville klare å bu (også ei anna historie,de som kjenner oss veit) Krevande tider igjen. Rowley pendlar, eg åleine i 2 veker utan varmt vatn, livet vårt i kasser på nytt ……..og begrensa finansielle ressursar.Hadde fleire tilbod om å bu med vener og familie medan me fiksa litt……men me er sta. Bar vatn frå kjellar, koka opp til både oppvask og dusj.Kjende meg mest som ein karakter frå «huset på prærien» der eg stod og vaska opp i balje og (friluftsmenneske som eg er) stod ute i shorts og T-skjorte for hå «dusje». Fleire gongar tusla eg meg til kulpen for å få dusje skikkeleg, men det er no uansett vanleg for meg . Eg trur folk som gjekk forbi nr 28 desse vekene fekk seg nokre merkjelege skue .

Det var altså busituasjonen vår dette året. Flytting x 2 på 7 mnd, stadig oppussing og slitsomme dagar. Var eit stort høgdepunkt å flytte til Kyrkjegata, og me vedgår ; tungt på mange vis å flytte igjen……men me gjer det saman og det går rett veg .Målet er lang opp og fram, vegen svingete og bratt……. men me kjem fram til slutt !

Kva ellers ? Åh Jau, helsa mi ! Sidan mai har eg klatra sakte men sikkert opp frå mykje sjukdom. Har gått mange turar , ete rett (for det meste😜) tenkt positivt og laga meg delmål samt litt større mål. Oppmuntra av god venninne byrja eg på treningssenter igjen, hadde gløymt kor godt eg likar meg der. I min alder og med mine skader og diagnoser er det ekstremt viktig å halde seg i form, så eg toppa like godt det heile med å skaffe meg personleg trenar nokre timar. Dette har eg skrive om før, men eg presiserar igjen kor motiverande dette er. Full av energi og pågangsmot har eg hatt 2 timar, og gler meg til dei 8 neste. Fått eigentreningsprogram tilpassa mine styrkar og begrensingar og er supergira . Gleda over å bevege meg ute er framleis størst, så eg håpar på snøfri vinter i lavlandet og mange turar i frisk vinterluft.

Eit av høgdepunkta i år……eller eigentleg 2 høgdepunkt, hende for godt over ei veke sidan, då me hadde showkonsert med koret mitt Åmdalskoret Berre Damer. Skal ikkje tyte mykje om det her, har vel allereie snakka pittelitt om det…..men du verda som me kosa oss etter mange månader intens terping og planleggjing. Når eg no byrja avsnittet med å nevne 2 høgdepunkt er ikkje det fordi me hadde 2 konsertar….. nei faktisk var det noko anna som og toppa den veka. 1. september i år vart min kjære førstefødde 30 år. Ønske om ein stor familiefest melde seg, men fordi Sigurd reiste mykje på spelejobb, eg hadde jobbhelgar, øvingshelgar og slikt , vart det stadig utsett. Så då, utan at han vissste noko, planla me dette til den helga koret mitt hadde siste forestilling. Slik kunne me fikse det slik at alle fekk med seg gamle mor på sena og ha feiring for han same helg. Torstein kom heilt frå Trondhheim, Kristin planla og inviterte , og Sigurd vart i aller høgste grad både overraska og glad. At me alle er samla, samt Tore (far til borna mine ) er ikkje så ofte no, og det vart ein minnerik kveld. Eg gjekk rundt i lukkerus, både pga familiesamling og vellukka show. Heile helga vart ein stor glad fest. Ekstra kjekt at Torstein vart her i ei veke før han måtte reise igjen.

Som vanleg vart dette eit innlegg litt annleis og meir «rambling on» enn eg tenkte, men alt har med overskrifta å gjere ; «Høge toppar og mjuke fall «. Innleiingsvis starta eg med å snakke om gode hendingar og kaos. Der har vore mykje av begge deler, og ein god del fall . Her eg sit i senga med pc`n framfor meg innser eg likevel at våre fall har vore mjuke. Fordi me er 2, fordi me har kjære rundt oss, fordi me er velsigna med barnleg humor og sjølvironi, fordi me elskar og vert elska tilbake, fordi det er kort veg mellom gråt og latter i huset, og fordi me har liv i oss til å stå på !

Så, her eg sit i senga og skriv, med remapose full av brukte snårklutar, diverse medikament lina opp og feberen herjar i kroppen tidvis, innser eg at etter forrige vekes mange toppar er fallet denne veka eigentleg mjukt.Også bokstaveleg tala sidan seng og pute er mjuke og varme. Slik er det vel for alle, uansett kvar me er i livet ? Opp og ned, kronglete vegar og smooth sailing om kvarandre ? Så, sjølv om eg er livredd dette er starten på ein like miserabel vinter eg hadde i fjor, har eg bestemt meg for å snakke alvor til kroppen min. Eg skal bli fort frisk, skal ordne huset til jul og nyte at eg _er_ …….på godt og vondt !

Lag deg sjølv ei veke med omtanke og kjærleik for andre , og ver god med deg sjølv.

«life is like a box of chocolate , You never know, what You`re gonna get «

Legg ved bilete av både topp og fall….. slik realiteten er 🤣

fbtmdn

Mrs D 2019

«Bestapower»

Sist veke hadde eg mitt aller første møte med ein PT. Då var det samtale, «innveging», måling av diverse muskelmasse og BMI og så bortetter 🙈 Eit stort steg for ei middelaldrande besta med ein del rusk i kroppsmotoren og alt anna enn sjokkrosa treningstights 😁

I dag var det alvor ; første treningstime og eg var mildt sagt nervøs. Dagen min starta ikkje så bra, og eg var noko nedfor og småirritabel der eg møtte opp på treningssenteret. Mogleg ein smule dårleg utgangspunkt for henne eg skal freiste verte sprek i lag med komande 10 veker?

Vel, eg stilte i god tid, varma opp på tredemølla og hadde ei god venninne ved mi side ….. so far so good 👌👍

16.13:kroppen er varm, andletet hummarraudt og sveitten silar. Ingen veg attende, ingen stad å gøyme meg. Det er fredag, magen min skrik etter biff og raudvin og i tankane surrar Netflixmenyen. Kva er det eg har gjort?!?

So står ho der. Blid som ei lerke sprek som den ungfolen ho er 😊»Hei, kjekt å sjå deg, er du klar?» Eg ser etter hjelp, venninna mi trenar iherdig ein stad i lokalet og bryr seg no katten om mine nervar, eg stotrar fram eit tamt «hei,hehe ja eg er vel det» 🙈»Eg såg deg på mølla, er du varm nok» spør ho, og eg må le litt for meg sjølv der eg kjenner sveitten sile 😊Så er me i gang. Ho har verkjeleg høyrt det eg fortalde sist veke. Artrose, knust fot, vondt her og der og You name it. Naive meg trudde me skulle surre litt rundt på dei trygge apparata eg kjenner frå før men nei da, her var det rett på knebøy med kettlebells. Rett inn i eit av dei områda på eit treningssenter eg kjenner meg aller mest ukomfortabel, nemleg «lausvektområdet» i mangel på betre ord. Her hadde denne herlege inspirerande jenta godt gjennomtenkt funne øvingar som passa meg perfekt…… men kjære tid eg trudde min siste time var komen 🤣🤣

Eg fekk skryt, eg vart pusha, eg sleit….. og eg hadde «the time of my life» Det viser seg at eg vistnok har anlegg for dette, har super tankegang og tek ting lett. Så lett at ho allereie i dag kjende for å utfordre meg maksimalt 😱

Dermed barst det ned i det mest frtyta romet av dei alle for meg, eit rom eg berre lattermildt har kika inn i …… eg kallar det testosteronromet og ville helst snu. Det torde eg sjølvsagt ikkje, for sjølv om min PT er ei skjønn ung kvinne har ho mynde ein ikkje køddar med 💪

«Her skal eg utfordre lårmusklane, rumpemusklar, kjernemusklar og uthaldenheit….. dette vert tøft men eg ser på deg du klarer det» sa ho…… 30 min ut i ein time eg allereie kjende blodsmak av. Freista febrilsk hugse nummeret til ambulanse medan eg også skulle få inn i mitt raudsprengde hovud det ho forklara. Smilte fint, bad ei bøn til ein eller annan som måtte høyre og følgde lydig med🤔

Veit de, desse siste 10 minutta av min første time med ein PT var berre magiske. Eg vart utfordra, eg sleit, eg pusha meg sjølv, eg banna (sorry) eg brølte og eg datt ihop på ein svært lite elegant måte og kjende meg heeeeilt fantastisk 😂🤭

Timen gjekk eigentleg alt for fort, men sidan eg skulle på øving med nokre damer frå koret var det akkurat nok tid til å kome heim for ein kopp te og sårt tiltrengt dusj/kleskift og 20 ord med Rowley før eg fauk ut døra igjen. Me ser ikkje mykje til kvarandre for tida men eg skal gullforgylle han når denne hektiske og herlege svowbobletida er over ❣️

«Bestapower» er passande uttrykk no denne tida ja……. and I love it. Er usigeleg takksam for at eg sånn nokolunde klarer halde koken 🤭😉

Ha ei triveleg helg der ute, helsing ei besta med velfortent raudt i glaset 🤭👍

Introduce Yourself (Example Post)

This is an example post, originally published as part of Blogging University. Enroll in one of our ten programs, and start your blog right.

You’re going to publish a post today. Don’t worry about how your blog looks. Don’t worry if you haven’t given it a name yet, or you’re feeling overwhelmed. Just click the “New Post” button, and tell us why you’re here.

Why do this?

  • Because it gives new readers context. What are you about? Why should they read your blog?
  • Because it will help you focus you own ideas about your blog and what you’d like to do with it.

The post can be short or long, a personal intro to your life or a bloggy mission statement, a manifesto for the future or a simple outline of your the types of things you hope to publish.

To help you get started, here are a few questions:

  • Why are you blogging publicly, rather than keeping a personal journal?
  • What topics do you think you’ll write about?
  • Who would you love to connect with via your blog?
  • If you blog successfully throughout the next year, what would you hope to have accomplished?

You’re not locked into any of this; one of the wonderful things about blogs is how they constantly evolve as we learn, grow, and interact with one another — but it’s good to know where and why you started, and articulating your goals may just give you a few other post ideas.

Can’t think how to get started? Just write the first thing that pops into your head. Anne Lamott, author of a book on writing we love, says that you need to give yourself permission to write a “crappy first draft”. Anne makes a great point — just start writing, and worry about editing it later.

When you’re ready to publish, give your post three to five tags that describe your blog’s focus — writing, photography, fiction, parenting, food, cars, movies, sports, whatever. These tags will help others who care about your topics find you in the Reader. Make sure one of the tags is “zerotohero,” so other new bloggers can find you, too.