Samfunnet har opna litt igjen. På meg verkar det faktisk som om mange trur me er tilbake til trygge og smittefrie tider. Me stimlar ihop på kjøpesenter, går glatt forbi spritdispenserar, trengjer oss nær personen før oss i køa og går med nasa ned i telefonen slik me ikkje ser om der er ein meter til dei rundt oss. Altså, der er ikkje noko gale i å gå i butikkar eller på kafè, eg gjer det sjølv av og til…….men eg har augene opne og er ein “dansar” . Poenget mitt er at eg ser så mange som tydeegvis gjev fullstendig blaffen og det gjer meg sint.
Som hjelpepleiar har eg faktisk byrja bli litt engsteleg igjen no når pårørande kan kome omtrent slik dei vil og til og med ta med sine heim og andre stader. Misforstå meg rett, eg er så inderleg glad for at dei gamle igjen får sjå sine og det treng dei…….men når eg ser den slappe haldninga til befolkninga rundt omkring……ja då vert eg sjølvsagt redd for både dei gamle og oss pleiarar som no ikkje har nokon kontroll på kvar og kven me (via bebuarane) er i kontakt med. Eg snakkar ikkje om pårørande her, dei er flinke….men om dei gamle er i kontakt med folk me ikkje veit, t.d når dei går på butikken slik nokre av dei gjer sjølvsagt……eg kjener engstelse. Me gjer vårt beste for å sprite reint etter bebuarar har hatt besøk……men realiteten er faktisk at me ikkje har tid alltid.Faktisk har me allereie for lite hender og tid til det daglege ellers.
Så folkens : Skjerp inn igjen om du har slakka ev, tenk ikkje berre deg og dine. Ringverknadane er katastrofale om me slepper for mykje opp og byrjar klemme og handhelse…….og kjære dokke ; frisk opp kunnskap om handhygiene. Eg vert så lei av å sjå “haugevis” med folk som trykkjer eit par dråpar sprit i hendene og så vidt gnir dei saman . Då kan du like godt spare spriten til nokon som bryr seg. Dugnaden er ikkje over, normal er enno sjuk og normal vil så gjerne tilbake til oss. Det klarer me få til berre om me held ut saman på avstand. Om me klarer det kanskje me slepp ny bølgje ? Kanskje me slepp at dei gamle igjen må sakne sine i månadsvis ? Kanskje kan me i utsette jobbar og folk i faresone etter kvart få ein tryggare kvardag ? Kanskje kan kulturen blomstre for fullt, folk få kome tilbake til arbeidet sitt og alle dei som har vore råka hardt byrje byggje seg opp igjen ?Eg håpar det….. og håper den oppopninga som er gjort kan fortsetje , men då trengs me alle !
Utanom det spirar der i hagen, eg har herleg gangsperre i heile kroppen og spurvefamilien som bur under ei takstein rett over soveromsglaset vårt er svoltne og fortel meg at mataren er tom 🐦 Kaffien strax klar og eg skal så litt meir ymse frø og få solsikker i jorda for no treng røtene plass…….ein del av solsikkene byrjar bli høge og sterke medan andre har eg ikkje lukkast heilt med. Prøvd meg på ein ny sort i år så me får sjå. Sukkererterplantane er grøne og sterke, og klatrar fint…..blomkarsen vert stor i år, paprika og tomat vert der nok av ! Så er Eric og eg spente på kor mange graskar me klarer få til, dei blomstrar i alle fall .
Om 3 veker har me ferie, i 4 veker. Gler meg til heimeferie, med familien rundt meg og småturar for å gjenoppdage vakre fylket og kanskje nabofylker ? Blir nok for det meste dagsturar, fjellturar ,badeturar om veret tillet…..og mykje hagearbeid og snikring. Har mange fjelltoppar planlagt med god vennine, og litt meir lavlandstur med min mann. Har også vener som likar best å gå i lavlandet, så eg gler meg ! Om eg får inn eit par PT timar er det bonus !
Gler meg også til åleinetid med Rowley, min aller beste ven og ektamann. Håper på små turar med motorsykkelen , har ikkje vore eksosrype på eit par år 🏍Bilturar med picknick-korg,små turar i naturen. Eg er faktisk frykteleg sliten i år, kjenner det skal verte godt å berre nyte ro og fred heime, og nyte kaoset når aller er samla. Trur det er mange som har det på same måten, det har vore tøffe tider på ulike vis for alle.
Det er langt mellom blogginnlegga mine for tida, eg har liksom ikkje hatt driven. Skriv gjer eg framleis dagleg, men har ikkje kjent for å dele. Kanskje fordi alt har gått inn på meg, eg har kjent på avmakt, sorg,sakn,utmattelse…… både pga lock down og ikkje minst dei fryktelege hendingane i Amerika. Eg har ikkje orka skrive og legge ut om det, har for ein gongs skuld vore ordlaus. Heile verda er sjuk, med mange skremande diagnosar som ikkje alle er fysiske.Eg gret,eg fortvilar…..men eg gjer det heime. Kjende ei stund på at ein mest vart uglesedde om ein ikkje kommenterte eller skreiv om alt det vonde, om ein ikkje fekk med seg alt ein skulle gjere på instagram og facebook for å vise sin avsky. Eg kobla divverre litt ut, men det tyder faktisk ikkje at eg tek lett verken på rasisme,korona eller rasering av natur.Har berre ikkje hatt energi til å uttale meg “offentleg”……og det er heilt ok.
Dette vart no eit slikt roteinnlegg, berre litt tankar. No skal eg fylle opp fuglemataren, drikke kaffien min, rusle meg ein tur på fonnvernet og sjå om musklane løsnar litt og då er det vel på tide å tenkje middag til Rowley kjem heim. Innimellom lyt eg vel få inn litt gartnaroppgåver 🌻🌻🌻🌼🌱☕🍋
Lag deg sjølv ein god dag kvar du no er.
Kjenn på duftene
lytt til biene og fuglane
gå barbeint på ei strand
beundre sommarfuglane
ring ein ven !
MrsD2020
Peace out 😂🌻