
I dag våkna eg tidleg igjen, etter ei litt uroleg natt. Tankane surra, kattane hadde stovefest med høg vannskålføring og tok livet av nokre sokkar, og huset laga merkjelege lydar. Ei vanleg natt i nr.28 med andre ord, men eg merkar at mykje vert sterkare for tida. Har større problem med å sovne igjen når slikt ( i tillegg til naudsynte erend på badet……blæra har også runda 53 😏)vekkjer meg, og eg kjenner tidvis dei urolege tankane tek sterkare tak.
Denne morgonen kjenner eg ekstra på sakn, og veit det er noko storparten av verda si befolkning slit med. Sakn etter familie, vener, kollegaer. Sakn etter det vanlege, etter fritidsaktivitetar . Så registrerar eg også at ein eigentleg ikkje skal seie slikt. I det heile bør ein ikkje ytre verken triste tankar eller kvardagslege bekymringar , der er alltid nokon som har det verre. Ein skal heller ikkje ha lov til å vere slitne av den nye kvardagen.
Eg synest vi må få lov til å vere oss sjølve, til å ytre det vi treng utan å få spydige kommentarar. Ja, mykje er trivielt og i mange sine auger unødvendig. Det tragiske er at folk døyr, vert svært sjuke, misser jobbane sine og mykje mykje meir som er heilt forferdeleg. Eg, som alle andre, kjenner dagleg på klump i halsen og har bekymringar i forhold til dette. Likevel må det vere lov til å seie at ein er kvardagsbekymra ? Denne vanskelege situasjonen vert ikkje betre av at vi kneblar kvarandre så vi skal vere redde for å vise redsle ? Eg ser dagleg innlegg eg reagerar på, men har valgt å ikkje kommentere . Freistar å tenkje slik at det skadar ikkje meg om ein kvan har eit «tåpeleg» spørsmål eller ei «bagatellmessig» bekymring. For eg er ikkje dei, eg kjenner dei ikkje og anar ikkje kva forutsetningar dei har. Så må vi ikkje gløyme, at fordi om ein er tilstades i si eiga kvardagslege engsting betyr ikkje det at ein ikkje ser det store biletet og tek innover seg alvoret ? Eg klarer ikkje alltid følgje mine eigne ord her sjølv , kjenner eg ergrar meg over ein del som vert skrive og sagt. Når slikt kjem over meg diskuterer eg det med kattane (som kan bestikkast med litt våtfor) eller med min kjære (som no for tida ikkje kan stikke av 😁)
Så må det også vere lov til å vise glede denne tida. Le, spøke, ta vare på seg sjølv på den måten som er best for den einskilde. Heimespa, sminke, kle, musikk, trening,turar ut……..ja alt som skal til for å halde hummøret oppe. For nokre dagar sidan var me på biltur med Eric (barnebarnet vårt) Me køyrde litt rundt i sentrum,forbi jobben til besten, og så til Alti (eller mini amfimoa som han kallar det, Ålesundsgut som han har blitt ) . Der gjekk me tur i havneområdet , stoppa ved fyret, såg endene dukke og lage ringar i vatnet og minnest korleis han og eg plar gå turar der tidlege morgonar før andre har stått opp.Minnest bollar og is til frukost ein varm sommardag, rulle nedover grasvollane, balansere på murkanten og kaste småstein på vatnet. Me hadde ei kjekk stund i lag……på face time ! Skulle ønske eg fekk kjenne dei gode armane hans rundt halsen vedgår eg…….men det kjem !
For det meste er eg imponert over det norske folket, mange er utruleg kreative og flinke til å støtte kvarandre på avstand. Mange nye plattformar er skapte for både sosialisering og kulturelle opplevingar ,små og større bedrifter finn alternative måtar å drive på og for det meste heiar vi på og støttar kvarandre. Det å skulle snu om livet sitt så fort både privat og i jobbsamanheng krev innsats, og vi treng enno meir enn vanleg å vere rause med kvarandre. Negative kommentarar treng vi ikkje, men konstruktive samtalar og diskusjonar er bra.
No skal eg i dusjen, og så skal eg lage meg ein god kopp te og ringe til ei venninne eg ikkje har snakka med på lenge.
Ver snille med kvarandre folkens…….og vask hendene 😉
MrsD 2020
«A single act of kindness throws out roots in all directions, and the roots spring up and make new trees.”
