Naturterapi

Eg vil gøyme meg her i skogen,der trea gjev ly for verda omkring.

Veit eg må ut om eit bel,men for no let eg vinden få kviskre meg til ro.

Eg vil kvile meg  her ei stund,ved elva der steinane glitrar.

Slitne føter får kjølt seg ned i lindrande levande vatn.

Eg vil danse her ved havet,der bølgjer slår voldsomt mot land.

Rope ut glede og syngje ein sang med tonefølgje frå havets klang.

Eg vil vandre langt til fjells.Snuse inn dufter av bær og lyng.

Strålar frå sola varmar i ryggen og vesle fuglen flyg høgt og syng.

Eg vil krølle meg saman  ved peisen,når snøstormen ute er streng.Glad i ein armkrok og trygt i hus her har eg alt eg treng.

Livet knirkar og livet ler,me treng ikkje bu i eit slott.Det er her eg har mitt anker i livet ; ein kjærast som kjenner meg godt .

MrsD 2022

Publisert av arnhildmrsd

Turglad besta som likar å skrive, ta bilete, og fundere over små og store ting i livet 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: